Eit lite utval av dei mange vakre, ville plantane som veks i Noreg.

Ei lita bok om planter – inspirert av naturen si 'store bok’

No er det tida for å boltre seg i det grøne eventyret vi kallar sommar! Tek du utfordringa og lærer deg nokre nye plantenamn i år?

Publisert
Planter i Norge kom ut på Kagge forlag i mai 2024.

I seinare tid har det vore nokså stilt frå min kant her i Vill vest-bloggen. Dei siste to åra har eg nemleg brukt det meste av ledig skrivetid på å gjere ferdig Planter i Norge – ville vekster i vår nære natur. Samstundes har HVL-kollega og botanisk illustratør Hege Gjerde Sviggum brukt si fritid på å leite opp og teikne ein heil haug av desse vekstane. 

No er boka sett på sjøen, med god støtte av Kagge forlag, og Hege og eg står på land og ser henne segle ut til alt folket. Om bord finn du ei grov oversikt over det norske plantemangfaldet, omtale av nær 400 norske artar, og vakre illustrasjonar av 150 av desse.

Nerdane sin hemn

I boka får du mange tips om korleis ein interessert amatør kan gå fram for å lære seg å kjenne att planter og hugse namna deira. For min eigen del har eg nok alltid hatt eit lite nerde-gen, og syns det er artig å sjå samanhengar og mønster, særleg i naturen. Eg er nok ikkje aleine: Nokon samlar på frimerke, andre veit namnet på alle spelarar i Man U frå 1980 og fram til i dag. Eg for min del kjenner att kanskje 1000 norske planteartar, og ein god neve lav og sopp i tillegg.

Reinfann Tanacetum vulgare.

Felles for oss små-nerdar er at vi ikkje berre hugsar namn og formelle detaljar – vi greier å halde oversikt fordi vi kan fargelegge biletet med anekdotar, litterære referansar og pussige samantreff. Ta eit eksempel som reinfann, den opprette vegkantplanten som lyser opp med sine knallgule, knappforma blomsterkorger i august og september. Gnir du blad eller blomstrar mellom fingrane, kjenner du ei sterk og aromatisk lukt. Dette nytta ein seg av i gamle tider!

Reinfann var med andre ord si tids aftershave.

I romanen Markens grøde skildrar Knut Hamsun korleis sonen til Isak Sellanrå førebur seg til friarferd ein laurdagskveld. Etter å ha stelt seg på beste vis, legg han vegen om ein stad der det veks reinfann, og gnir seg inn med ein neve blad og blomstrar. Reinfann var med andre ord si tids aftershave.

Namnet skjemmer ingen

I mange tilfelle har plantenamna sjølv ei lang og interessant historie. I vestlege delar av landet, i kanten av edellauvskog, er den vakre kusymreplanten eit sikkert vårteikn. Kusymre formar grøne, lubne rosettar av hårete blad og har bleikgule kroner midt i. 

Namnet kusymre viser til regelen om at når denne planten blomstra, var våren komme så langt at kyrne kunne finne mat ute. Kusymre er ein nær slektning av marianøkleblom, som er nokså vanleg i varme delar av Austlandet, og i Trøndelag. Dette namnet viser til ei historie om at planta vaks opp ein stad på jorda der Jomfru Maria hadde mista nøkkelknippet sitt.

Kusymre Primula veris.

Så hatten passar – myrull til nytte og glede

I dag har vi tilgang til mange slags fibrar, alt frå bomull og silke til alskens syntetiske variantar, men slik var det ikkje før. Ull og lin var mykje brukt til å lage klede, for begge gjev lange, fine fibrar som er lett å spinne. 

Duskull Eriophorum angustifolium.

Men kva med ulla til myrull? Desse kvite, mjuke dottane som svever over myrene våre i juni, er også ei slags ull, som hjelper frøa å flyge i lufta og spreie seg. Sidan dei korte myrullfibrane eignar seg dårleg til spinning av garn, har myrull heller blitt brukt til fyll i dyner og puter. 

Det gjer om mogleg bragda til prinsessa i eventyret om dei tolv villendene enda større: Ho frelste dei tolv brørne sine frå ei forbanning ved å sanke myrull og lage klede til dei av dette skjøre materialet.

Frå Sverige finst skildringar av at myrull vart blanda med saueull eller bomull, og brukt til å lage hattar. Men ekspertane understreka at myrull berre burde brukast til damehattar. I motsetning til fine fruentimmer som heldt seg inne i ruskever, hendte det at fine herrar kom ut for ei regnskur. I tillegg helste dei gjerne ved å svinge hatten – og den slags handtering tolte ikkje dei skjøre myrull-hattane.

Trøyst for sårbeinte ferdafolk

Det gjer det lettare for frøa å haike med folk og dyr som labbar forbi.

Den som er oppteken av medisinplanter, kan la seg fasinere av den nokså anonyme groblad-planten. Blomstrane til groblad er grøne og anonyme og det einaste oppsiktsvekkande med dei, er at dei lagar frø som skil ut slim i fuktig vêr. Det gjer det lettare for frøa å haike med folk og dyr som labbar forbi. Urfolk i Amerika, som ikkje kjente til groblad før kontinentet vart kolonisert for 500 år sidan, kalla planten «kvite manns fotspor».

Som medisinplante er det groblad sin rosett av breie, runde og litt seige blad som er viktig. Heilt sidan oldtida har folk kjent til at slike blad er nyttige i sårbehandling, og moderne undersøkingar har vist at dei inneheld bakterie- og virusdrepande stoff, og i tillegg får sår til å trekke seg saman. Før i tida baud ferdsel langs vegane på mange utfordringar, både ormebit, gnagsår, overfall og ulykker. Då var det nyttig å ha tilgang på ein medisinplante som bokstavelig talt vaks midt i faresona.

Groblad eller grobladskjempe Plantago major.

Ta turen ut og skaff deg nye kjenningar

Gav desse småforteljingane meirsmak? Då vil eg utfordre deg til å ta deg ein tur ut i nærområdet ditt. Bli kjent med nokre av dei vanlege plantene rundt deg og oppdag dei mange nyansane og artige historiene som gøymer seg blant prestekragar, blåklokker, gulaks og skogfiol! Bruk gjerne den fine appen Arsorakel som støtte. Vil du lese meir, kan du gjerne skaffe deg eit eksemplar av Planter i Norge

Ein glad forfattar og ein like glad illustratør har presentert boka si.

Er du ung og på leit etter ein stad å lære både om plantar og om alt anna som kan begeistre og fasinere i naturen, vil eg oppfordre deg til å sjekke ut studiet eg underviser ved; nemleg Bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Powered by Labrador CMS