Førjulsk vellyd eller ulyd?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Julekonsertar bringar fram spenningar i jule- og religionssyn.

Førjula har omslutta oss, til glede og frustrasjon for mange, med ein kakofoni av symbol. Miksen av kjensler og symbol særpregar denne perioden, i eit spenn mellom det overflatiske og masete og djupe og ettertenksame. Eitt tema som årleg dukkar opp, er til dømes julekonsertane. Desse blir reklamert for med fargeglade og vakre annonsar og plakatar. Snø, kyrkjer (utandørs og innandørs), juletre, julekuler, stjerner og levande lys figurerer ofte i annonseringa, smilande artistar likeså.

Julekonsertane i kyrkjer blir oppfatta som særleg stemningsfulle og julepotente,  men dei religiøse referansane i musikken kan vera meir eller mindre framtredande, slik me veit Jesusbarnet sin fødsel blir ulikt vektlagt som julelement av forskjellige folk. Sjølv om mange av dei aller kjæraste julesongane handlar om førestillinga om Gud som kom til verda,  biletleg i form av ei rose eller konkret som eit barn i Betlehem, er figuren Jesusbarnet bare unntaksvis med i julekonsertannonsane og -plakatane. Tydeleg heidenske julereferansar, som julebukkar eller grisar, får tilsvarande sjeldan plass i konsertikonografien.

Sjølv om konsertsymbolikken ser ut til å finna si form i det rike mangfaldet imellom det tydeleg kristne (kristologiske) og det tydeleg ikkje-kristne, finst her område av julekonsertfeltet som ikkje bare er prega av fredeleg, symbolsk mangfald og sameksistens. Av nokre blir forventningane til julekyrkjekonsertar annleis, med utgangspunkt i måten dei nyttar kristne referanserammar og symbolske og reelle rom. Forståing og evaluering av desse konsertane er såleis årleg eit diskusjonstema.

Spørsmålet er i kva grad konsertane handlar om pengar og i kva grad dei handlar om religiøse og ikkje-kommersielle sider ved jula. Eit underliggande premiss er at pengar og profesjonalisering på eit vis «profaniserer» ein julebodskap som burde vore kultivert på andre måtar, i alle fall i kyrkja. I Fædrelandsvennen 29. november går jazzsongar Hilde Hefte såleis hardt ut mot artistar som tener pengar på å opptre i kyrkja, under tittelen «Kaller artistkolleger «hobbykristne»». Sidan artistane ikkje går i kyrkja elles i året, og det finst folk som slit med rus og einsemd og barn som gruar seg til ei ulukkeleg juletid, burde julekonsertartistane ikkje tena pengar, men opptre gratis, meiner Hefte, slik ho sjølv har gjort med veldedigheitskonsert for Bymisjonen. «Det er dette jula handler om; å gi til de som sliter», seier ho.

Kritikken av blandinga av kommers og katedral er gammal, og heller ikkje avgrensa til kristne samanhengar. Som kjent meiner mange at healing og kontakt med dei døde hadde vore ein heilt annan skål, hadde det vore gratis (då hadde utøvarane vore snille, med pengar innblanda, er dei slemme). Men i adventstida er kyrkja dominerande kva gjeld ånd versus materialitet-diskursen, og han blir framstilt veldig direkte i Hefte sitt resonnement. Ho kjem med følgjande påstandar: julekonsertartistar reiser på kyrkjeturne primært for å tena pengar, desse artistane bruker ikkje kyrkja elles i året, altså er dei hobby-kristne, og jula handlar om å gje avkall og hjelpa lidande menneske.

Alle dei tre påstandane er diskutable. Hefte kjenner neppe dei «eigentlege» motiva til alle menneske som opptrer i kyrkjer, heller ikkje kor ofte dei går i kyrkja, eller om dei er «ekte» kristne, og om dette kan målast ut i frå kor ofte dei er i kyrkja. Og å avgrensa jula til ei tid for avlat får perioden til å minna meir om den kristne fasten, som kjem før påske, og som mange menigheiter nettopp nyttar til diverse innsamlingsaksjonar, med konfirmantungdommane i spissen.

Når kyrkja sitt rom blir nytta for å formidla eit produkt som blir kopla til den kristne delen av julehøgtida, skurrar det for ein del viss avsendar av produktet ikkje er lett å plassera. Talspersonar for artistar hevdar at kyrkjekonsertar ikkje er lukrative, men for Hefte er problemet at dei ikkje-veldedige artistane tener noko overhovudet, og at intensjonen deira er feil. Kritikk mot grådigheit er viktig, men stundom kan domfellingar bli veldig vidtrekkande og strenge, i sær når religion eller åndelegheit er på tale. Og korleis skal ein reagera viss artistar begynner å gå i kyrkja heile året, bare for å kunna kneisa med nakken når dei syng der før jul?

––––––––––––

Kronikken sto fyrst på prent i Klassekampens livssynsspalte 5. desember 2013.

Powered by Labrador CMS