Julemenn og juledamer

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Julenissen er maskulin, men bak og kring han finst mange andre, kjønna julesymbol og -tydingar

Så er endeleg dagen her, julaftan som me har venta på og galdra oss opp til i heile desember. Men kva handlar eigentleg jula om? Nokre kristne blir irriterte når ikkje-kristne masar om dei norrøne eller romerske røtene til vår tids julefeiring, medan human-etikarar og andre ber kyrkja slutta å hevda at jula djupast sett er feiring av Frelsaren som blei fødd i ein stall.

Kva jula «eigentleg» handlar om må nesten bli eit spørsmål om overtyding hos den enkelte.  Religions- og kulturhistorisk stemmer det at vår tids julefeiring har mange lag av tradisjonar og tydingar i seg. Nokre av dei mest sentrale julesymbola er døme på det, som julenissen: Han er i nordisk samanheng ei blanding av småfolket, representert ved haugbonden eller fjøsnissen (nisse er eit nyare namn i denne samanhengen) og den moderne julenisseversjonen av den kristne Sankt Nikolaus, ein gåvmild og barnekjær biskop frå Tyrkia, som leid martyrdøden på 300-talet.  Helgenen blei for alvor kopla til julefeiringa fyrst på 1800-talet, før det  var han ein gåvebringande figur i ulike Nikolausfeiringar i kyrkja, på minnesdagen 6. desember.

At julesymbola er mangetydige er inga overrasking, det er nemleg det som definerer eit symbol, i motsetning til eit teikn, til dømes: Det har mange tydingar og viser til noko ut over «seg sjølv». Men ei sak er ikkje så mangetydig når det kjem til julenissen: Han er ein hann, ein nissemann. Joda, der finst nissekoner og nokre framstillingar av ei heimeverande Fru Santaclaus, men det er heilt underordna den magiske mannen som bankar på døra vår på julekvelden og spør om der er nokre snille barn her. Men kven bryr seg vel om kjønnet til nissen  – jul er familiekos, samvær, kristen feiring og tradisjonsrik vintersolvervsfeiring og i det heile tatt.
Det at me ikkje bryr oss om kjønnet til julenissen, røper det sjølvsagte ved at han er mann og globalt gjeldande som representant for verdas største festperiode. Maria som Jesu mor er til samanlikning høgst problematisert og kulturelt tilstade som kjønn, ho blei mor til ein son gjennom jomfrufødsel, og historiene om henne handlar mykje om dei særskilte tilhøva kvinner kunne og kan oppleva som kjønn. Både Maria og nissen er element i jula sitt samla symbolunivers, og den eine kvinna som har sjølvsagt plass her, er altså oppofrande jomfru og mor, medan den moderne julenissen liknar ein gammal patriark, ein godsleg sjef med enorme ressursar, med eit hierarki av arbeidarar under seg. Han er gammal, rik, tjukk og skjeggete – velkjende, maskuline maktmarkørar.

Englane kan kanskje tenkast å utlikna den maskuline overvekta i julesymbolikken. Det er ikkje tøffe erkeenglar med sverd og namn som Mikael og Gabriel som dalar ned i skjul, det er vakre, langhåra kvinner og nokre lubne barn.  Englar høyrer med til jula fordi dei varsla Menneskesonen sin fødsel. Sjølv om juleevangeliumengelen til dels blir framstilt som stor og overveldande, er vår tids juleenglar feminine, med flagrande klede og stjerner, lys, musikkinstrument eller juletrær som tilleggsdekor. Men me veit frå læreboka at englane eigentleg ikkje har kjønn eller eigenvilje, og at dei heller ikkje reproduserer seg.  

Gammal nordisk tru på småfolket, haugfolket, vettene og tussane, som (fjøs) nisseførestillinga høyrer til, hadde ymse lag av forståing kva gjaldt deira forhold til liv, død og reproduksjon. Dvergane blir til dømes i Voluspå framstilt som eit reint maskulint kollektiv, som bur i berg og smir gjenstandar, kanskje også mennesket si form, medan menneskelege kvalitetar blir gjevne til Ask og Embla av gudane. I folketrua kunne haugfolket bergta både kvinner og menn, samstundes som alle desse underjordiske vesena kan ha hatt koplingar til fortidige forståingar av slektskap i fleire dimensjonar. Jula har vore ei tid då både dei døde og underjordiske i særskilt grad ga seg til kjenne og burde blidgjerast og ærast.
I moderne tid er det faktisk haugfolket som har vist seg som ein av dei store julefavorittane på barne-tv, nemleg «Jul i Blåfjell». Ulikt dei fleste andre NRK-adventskalendrane, har ei (nisse)jente, Turte, hovudrolla, og kollektivet av blånissar blir styrt av dronning Fjellrose. Som ei litt fjern, alvorstung og mager, om enn vakker, dronning, kan eit slikt matriark-emne aldri konkurrera med den joviale Santaclaus og hans gåveproduserande kongerike. Ho minner oss like fullt om nokre gamle forståingar av skaping, vekst, grøde og død assosiert med det kvinnelege, som ein glitrande og ufarleg variant av Frøya eller Hel.

Den som kanskje mest sublimt har løfta fram kvinnekjønnet si symbolske kraft i julesamanheng i nyare tid, er Alf Prøysen. I hans «Julekveldsvise» syng me om at julestjerna lyser over taket «der a Jordmor-Matja bor». Biletet er ei velsigning av dei som best kjenner kvinnestrevet ved livets mysterium, fødselen, som jo også kristendommens Gud tydde til då han ville frelsa verda. Og høgt over alt menneskeleg strev skin altså stjernene, og håpet, om liv og lys for menn, kvinner, barn og alt anna som lever på jord. God jul til alle!

(Fyrst prenta som kronikk i Stavanger Aftenblad 24.12. 2013)

Powered by Labrador CMS