Knivskarp toleranse

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når det gjeld omskjering, må barnet sin rett til seg sjølv stå over religiøse rettar.

Ordskiftet kring omskjering har nådd nye høgder med Bent Høies forslag om tilrettelegging for omskjering av gutar på norske sjukehus. Omskjeringsdebatten er ikkje eit nytt felt, spreidde røyster har i mange år i same offentlegheit argumentert for vern av gutekroppen så vel som jentekroppen mot omskjering og kjønnslemlesting. Omskjering er i strid med fleire av punkta i Barnekonvensjonen, som Noreg og alle FN-land, unntatt Somalia og USA, har ratifisert. Debatten er også global, og der er ei veksande rørsle mot omskjering av gutar innan jødiske, muslimske og sekulære miljø.

Den fyrste eg høyrte som sa at omskjering av gutar er eit overgrep, var den egyptiske legen og feministen Nawal el Saadawi, for over tjue år sidan. At ei kvinne i eit muslimsk land, sjølv omskoren og ei av dei fremste i kampen mot kjønnslemlesting av kvinner, talte gutane si sak, greip meg sterkt, men det var inga overrasking. El Saadawi peikte på likskapane mellom det å underlegga jenter og gutar smertefulle, operative inngrep utan medisinsk indikasjon, og utan deira samtykke. Ja, det er ofte meir alvorleg og lemlestande det som blir gjort mot jentene, men det gjer sjølvsagt ikkje overgrepa mot gutar i religionane og tradisjonane sine namn, i seg sjølv betre eller meir verneverdige.

Like fullt er det mange røyster både her til lands og internasjonalt som meiner at det å skjera i gutekroppar ut frå religiøse grunngjevingar er nettopp det, verneverdig og ikkje til å samanlikna med skjering i jentekroppar. Det er uklart kva dei same røystene meiner om omskjering ut frå sekulær grunngjeving, som jo også skjer, og uklart kor vidt Høies «rituell omskjæring» tyder at det «rituelle» er forstått som følgt av nokon bestemt grad av indre, spirituell overtyding.

Norske religionsfagfolk hevdar ulike syn her, og dei som forsvarer omskjering, gjer det ofte med argumentasjon om at ei aldersgrense vil bli oppfatta som eit overgrep mot religiøse minoritetar. Dei helsefaglege og barnefaglege miljøa er motsett samla, og ber om at praksisen med omskjering må bli regulert etter same lovverk som andre forhold som gjeld kropp, helse, fysisk og psykisk integritet og barns rettar. Altså at ein ikkje tillét og legg til rette for smertefulle, operative inngrep utan medisinsk indikasjon på ikkje-samtykkekompetente personar.

Omskjeringsforsvararane framheld aldersgrensekravet som mangel på toleranse overfor dei som er annleis, frå ein sjølvtilfreds, sekularistisk majoritet med manglande forståing for religionens kroppslege dimensjon. Men kor var toleransen for kniven og det «annleise» då Noreg innførte forbod mot kjønnslemlesting av jenter i 1995? I følgje denne lova skulle legane som utførte omskjering på den vesle guten som døydde i Oslo i 2012, fått ti års fengsel. Viss det var ei jente, altså. Sidan det var ein liten gut som døydde, blei «straffa» tildelt av Helsetilsynet i form av avgrensa autorisasjon for to av legane.

Det kanskje tynnaste, religionsfaglege argumentet for å tillata omskjering av gutar, men ikkje jenter, gjeld graden av «tekstleg belegg» for praksisen. Då skiftar ein fokus frå religionens kroppslege dimensjon, til Skrifta som religionens kjerne. Sidan der i liten grad finst skriftlege, religiøse påbod om omskjering av jenter, har ein religionstoleransen intakt når ein forbyr dette, er logikken. Sidan der er meir skriftleg belegg i jødedom enn i islam for omskjering, blir logikken vidare at jødisk omskjering av gutar må få fortsetta, medan muslimane må skjønna at dette ikkje eigentleg er islamsk, så dei kan godt slutta. Religion blir overordna kultur og tradisjon – i seg sjølv eit religiøst standpunkt – og det sekulære samfunnet sitt lovverk blir relativt til graden av «eksistensielt alvor og overtyding» ein religiøs aktør forfektar.

Ei slik forståing står seg ikkje ved nærare analyse. Det endar med (annan) religions-, kultur- og minoritetsdiskriminering, der målet var toleranse. Denne diskrimineringa kjem i tillegg til kjønnsdiskrimineringa ein allereie har lagt opp til, ved å gje jenter og gutar ulik status i forhold til eit allereie ratifisert og implementert lovverk.

Det er klart at å gå foran og innføra aldersgrense (også) for guteomskjering, krev innsats og tiltak på mange nivå. Men barnet sin rett til seg sjølv står i alt gjeldande lovverk over gruppa sine rettar. Dette inneber rett til fridom frå smertefulle, irreversible, operative inngrep utan medisinsk indikasjon. Dét er toleranse overfor den svakaste parten, barnet.

Kronikken sto fyrst på prent i Klassekampen 10. april 2014

Powered by Labrador CMS