Veit me nok, eller kva?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Meir kunnskap kunne gjeve heilt andre, populærkulturelle vikingfantasiar.

«Veit de nok, eller kva?». Dette er det nesten spottande gjennomgangsspørsmålet til spåkvinna, volva, i diktet Voluspå. Volva som kan sjå tvers gjennom tidene og verdene, fortel tilhøyrarane korleis vår verd blei til, og korleis ho vil gå under. Det er verkeleg eit storslage, mystisk dikt, som blir ved med å fascinera både forskarar og lekfolk, 800 år etter at det blei nedskrive.

Dei som hadde Voluspå som sin forståingshorisont, vikingane, er i vinden og blir aktualisert i populærkulturen, jamfør den voldsorienterte filmen Valhalla Rising, History Channels serie Vikings, Leonardo di Caprio sin kommande film om Harald Hårdråde, og den snart premiereklare Gåten Ragnarok. Men kven var vikingane? Kva var viktig for dei, korleis levde dei – i alt deira mangfald? Villskap, styrke, kløkt, krigarevner, eventyrlyst – dette er ingrediensar som synast dominera i populærkulturelle vikingprodukt (Gåten Ragnarok vil kanskje teikna eit litt anna bilete, tolka ut frå dei få leietrådane  i trailaren).

Kva så med det skarpe spørsmålet, stilt av ei norrøn kvinne, «veit de nok, eller kva»? Religionshistorikar Gro Steinsland har i si forsking på norrøn religion og kultur stadig understreka korleis kunnskapstørsten og -viljen gjennomsyra vikingsamfunnet. Korleis var kunnskapstørst vekta i forhold til blodtørst? Odin var øvste guden, kopla til visdom, krig og død, mellom anna, men han lærte seidekunsten av ei gudinne, Frøya. Frøya er Nordens store gudinne i yngre jernalder (vikingtid), slik gudinna med dobbelthalsringane var det i bronsealder. Frøya var også knytta til visdom, død, seksualitet og liv. Som kjent kom falne krigarar til Odins sal Valhall, der dei skulle førebu seg på Ragnarok. Men halvparten av dei som døydde i krig, skulle komma til Frøya sin gard, Folkvang. Dessverre fortel kjeldene lite om Folkvang, også kalla Sessrumne, men båe namn viser til at det er folkerike stader med mange sitteplassar. Dødsrika er for øvrig mangfaldige i den rike, norrøne tradisjonen. Tid og rom framstår med ein fleirdimensjonalitet som kan vera vanskeleg å fatta for eit moderne sinn.

Norrøn kultur og religion handla så visst om meir enn krig og krigarære. Her heime har forfattar Solveig Aareskjold i ei årrekkje fremja andre lesingar av kjeldene til norrøn tid, nå sist ved boka Valkyrjesong, der ho utfordrar patriarkalske tolkingar av fortida. Ho understrekar at den norrøne litteraturen viser «enorm fascinasjon for kvinner med evne og vilje til å få sitt igjennom».

I Danmark har Peter Madsen og hans lag fortelt vikingmytane gjennom det teikna storverket Valhall i tri tiår. Det patriarkalske og burleske er med tida nyansert av andre vinklingar. I historia Volvens syner, den siste i serien og basert på Voluspå, er det jenta Roskva og gudinna Frøya som til saman driv handlinga fram og reddar verda frå Ragnarok. Særleg sterke er sidene der serieskaparane lar Odins spyd Gugne vekka Frøya frå ein dvale, men der spydet i hennar hender fyrst blir til kaos- og ildmakten Surt sitt sverd Lævatein, for vidare å bli forvandla til eit alvehjul, Alvrodull, som er namnet på den nye sola i Voluspå. Frøya gjenfødar sola og frir verda frå Fimbulvinteren gjennom å forvandla før-ragnaroksk, maskulin makt til feminin fødselsmakt.

I Sverige har forfattar og journalist Johanne Hildebrandt skrive ein trilogi med utgangspunkt i det norrøne materialet, Sagaen om Valhall. Handlinga er fortelt frå kvinnene sin ståstad og med eit grep som også Snorre tydde til: gudane er framstilte som menneske som seinare blei guddommeleggjorde. Den store gudinna, vanane sin guddom, og Tiwatz, æsane sin guddom, er likevel krefter som menneska her reknar med, og avgjerande for den dramatiske og magiske handlinga. Trilogien er breiddfull av relevant religionshistorisk og arkeologisk materiale, og verd ei filmatisering a la Ringenes herre!

Jo meir me finn ut om norrøn tid og om djupna i religionen deira, jo vanskelegare blir det for patriarkalske voldsromantikarar å gjera krav på denne fortida. Og jo meir me veit om kompleksiteten til fortidige menneske, jo meir vil me kanskje vedkjenna oss kompleksiteten til våre samtidige medmenneske?

–––––––––––––

Ble først publisert som kronikk i Klassekampens livssynsspalte 22. august 2013

Powered by Labrador CMS