1500 flugeforskarar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I slutten av mars vart det internasjonale Flugemøtet arrangert i San Diego, California. Eg var til stades for å høyre om nye gjennombrot og for å bygge nettverk med andre banaflugeforskarar. The American Drosophila Research Conference arrangerast i ulike byar i USA kvart år, med over 1500 deltakarar frå heile verda.

Opningsforedraget var ved ei ung kvinne, Ruei-Jiun Hung. Ho heldt Larry Sandler Memorial Lecture, ein pris som vert gitt til den beste doktorgradsavhandlinga frå året før, eit imponerande stykke arbeid om korleis celler koordinerer vekst i ein bestemt retning. Ho hadde nytta fleire ulike og kompliserte metodar til å stille presise og viktige spørsmål, og heldt eit veldig inspirerande foredrag. Vidare snakka Bruce Alberts, tidlegare editor for Science Magazine, om ”emerging properties”. Dette begrepet nyttast om ulike fenomen (hjernen, internett) der det er heilskapen av mange småbitar som til saman gir eit større bilete og ny informasjon.

Oversikt og inspirasjon

Totalt høyrde eg på mellom 50 og 60 ulike foredrag i løpet av fem intensive dagar, så det tek tid å sortera kunnskapen og ideane til dei ulike prosjekta dei kan vera til inspirasjon for. Det var veldig spennande å vere på ein konferanse som dekka så mange ulike fagfelt, der det vi hadde til felles var same modellsystem for forskinga. Prosjekt om hjernen, celledeling, overvekt og kreft fekk like stor plass, og inspirerte til å låne metodar og idear frå kvarandre. På denne måten fungerer slike konferansar godt til å få ein oversikt over metodar og trendar i ulike fagfelt.

Særleg var det nye metodar for genetisk manipulering, filming av levande celler og utvikling av analyseprogram for store datasett som var i fokus. Dette er så omfattande at det kan få plass i seinare blogpostar.

I tillegg til mange foredrag var det også satt av tid til diskusjonar rundt ei lang liste prosjekt presenterte på plakatar (tenk vegg-avis). 800 slike postere stod på utstilling i eit stort vrimleområde, samt utstillingar frå produsentar og sponsorar. Det vart mange spennande diskusjonar med dei andre forskarane, om både prosjekt, metodar og vegen vidare. Det er harde kår for internasjonal forsking i livsvitskap (natur, medisin og biologi), og mange er usikre på karriere, alternativ og kva som er god planlegging.

#DROS2014

Dette året nytta eg også sosiale medier (twitter) til å følge med på kva dei andre deltakarane var opptekne av. Vi var ikkje så mange tvitrarar, men det var god aktivitet med taggen #DROS2014, og fleire spennande diskusjonar om fag og formidling. Eg møtte også fleire av dei andre deltagarane gjennom å først ha kommunisert med dei på tvitter, og kunne på den måten enklare bygge nettverk med andre engasjerte banaflugeforskarar frå resten av verda.

On to år arrangerast Flugemøtet saman med konferansane for forsking på Zebrafisk, gjær, mus, planter og fleire andre modellar. Alt skjer samtidig, på svære konferansehotell i Orlando, Florida,  sommaren 2016. Det blir ei imponerande samling av kloke hovud, nye idear og banebrytande forsking. Det er berre å melde seg på!

Powered by Labrador CMS