Å sitere ein forskar

Bidreg omtrentleg sitering frå forskingsjournalistar til at forskarar kvir seg frå å uttale seg til media?

I den siste utgåva av Morgonbladet kan vi lese om ulike tradisjonar for korleis ein skal sitere intervjuobjekt.

Kortversjonen er om lag slik: Norske journalistar nyttar tankestrek (–) for å gjengi meiningsinnhald, medan amerikanske og britiske journalistar nyttar anførselsteikn (‹‹  ››) for å gjengi heilt ordrett det som vart sagt.

Forenkla og tydeleg versus presist og til internasjonal standard.

I tillegg til den fascinerande metabruken av tankestrekar og anførselsteikn i sjølve teksten, syntes eg artikkelen var interessant både som akademikar og som formidlar.

Feilsitert forskar

I Morgonbladet vert ein artikkel av professor Jill Walker Retteberg nevnt, der ho mellom anna beskriv korleis ein journalist hadde bestemt seg for ei vinkling på saka før Retteberg vart kontakta.

Kan det vere at forskarar er negative til å uttale seg til media fordi dei mistar kontroll over eigne ord og meiningar?

Er dette knytt til bruken av tankestrek i norsk presse?

Mange forskarar (meg sjølv inkludert) opplev at det som for ein journalist ligg innanfor grensa for omskriving for å gjengi meiningsinnhald, ikkje er innanfor grensa for kor bastant forskaren er komfortabel med å bli sitert.

Sjølvsagt er ikkje svaret på dette problemet å alltid sitere alle forskarar hundre prosent ordrett. Då er det berre forskaren sjølv som forstår kva han/ho meiner. Såpass sjølvinnsikt har eg frå tida som PhD-student.

Men, eit viktig grep for å gje samfunnet tilgang til ny forsking er å gjere forskarane trygge på at ytringar ikkje vert til klikkvenlege overskrifter utan samtykke.

Enno meir trening i formidling for akademikarar kan vere ein start. Grundig sitatsjekk og tydeleg kommunikasjon frå journalistane kan vere ein anna.

Tospråkleg formidling

Som formidlar ser eg også fleire utfordringar med korleis gjengi forskarane presist.

I sommar har eg skrive tre artiklar om ny forsking her på bloggen, om brystkreft, stamceller og tarmkreft. Eg har intervjua engelskspråklege forskarar via epost, og skrive tekstane på norsk (indikert i epostane til forskarane). Nokre av forskarane skriv korte og gode svar som er enkle å formidle, medan andre skriv langt og vanskeleg. Ulike fagområde gir også ulike nivå av terminologi og forkortingar.

Til sitata i desse tre artiklane har eg nytta tankestrek for å formidle innhaldet i svara, oversett frå korrespondansen med dei aktuelle forskarane. Eg synest stort sett at dette er innanfor grensa som forskingsformidlar. Dessverre er det slik at sidan ingen av forskarane kan lese norsk, må dei stole på at eg ikkje mistolkar eller misbruker sitata deira. (Derimot får dei sitatsjekk på dei engelske versjonane av popvit.-artiklane, med dei same sitata. Sjå under.)

Norsk på engelsk

No jobbar eg med å omsetje artiklane til publisering på ei amerikansk nettside, der målgruppa er om lag den same: engasjerte og nyfikne lekfolk. Her vil lesarane forvente at eg nyttar amerikanske tradisjonar for korleis sitere korrekt, og eg gjer mitt beste for å bruke ordrett «sitering».

Av ulike grunnar vert likevel nokre av sitata i dei engelskspråklege tekstane editerte versjonar av forskarane sine svar. Forskarane får sjølvsagt informasjon om dette og også moglegheit til sitatsjekk før publisering på deira eige språk. (Sidan sitata er dei same som eg nytta i den norske versjonen, er dette indirekte også ein sitatsjekk av sitata i nynorskteksten. Sjå over.)

Fagformidling på to språk set altså ulike krav til kva normer og konvensjonar som skal følgjast. Mi erfaring er at tydeleg kommunikasjon frå meg som forskingsformidlar legg til rette for at forskarane er positive til omtalen av resultata deira.

Om du nyttar tankestrek eller anførselsteikn er kanskje ikkje det viktigaste, så lenge teksten set faget (og ikkje sensasjonane) i sentrum.

Mi erfaring er at forskarane er positive til små endringar som tydeleggjer innhaldet og hjelp til å formidle resultata deira. «I love it», skreiv den eine.

Retningslinjer for forskingsformidling

Eg er ikkje heilt nøgd med mi eiga løysing for sitering og oversetting frå engelsk til norsk enno, og tek gjerne i mot innspel. Har du forslag til korleis eg og andre forskingsformidlarar vere opne og tydelege for å gjere sitering av internasjonale forskarar presist og til å stole på?

Og kva trur du om problema med bruk av tankestrek i norsk forskingsjournalistikk?

(Forsidefoto: Åsmund Eikenes)

 

Powered by Labrador CMS