Å velge forskingsgruppe i utlandet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Her jobbar eg for tida, i Terasaki Life Science Building, UCLA. (Foto: maps.ucla.edu)

Det er mange ulike faktorar som spelar inn når ein søker etter spanande forskingsgrupper å besøka, anten som PhD-student eller om postdoc. Familie, geografi, type lab og fagleg relevans er nokre av elementa som spelar inn, og som ikkje alltid er så enkle å kombinera. Sjølv om mange av desse faktorane ikkje er så lette å generalisera vil eg gjerne dela nokre av erfaringane frå planlegging av tida her i California.

Både for meg og for prosjektet

Eg og min ektefelle hadde lenge snakka om å jobba i utlandet over lengre tid, til dømes som ein del av ein planlagt postdoc-periode, og fann ut at å testa konseptet før vi hoppa i det kunne vera ein god plan. Lengda på perioden vart satt til 8 månader av fleire grunnar, mellom anna for å ha tid til eit større prosjekt og for å få tid til å erfara ein lengre periode vekke frå heimlandet.

Dette illustrerer to av hovudargumenta for eit slikt utanlandsopphald; personleg modning blanda med den faglege utviklinga og konkrete eksperimentplanar.

Prosjektet eg er ein del av på Radiumhospitalet beskriv nye mekanismar som passar på at cellene i kroppen vår deler seg presist og til rett tid. Vi nyttar bananfluger til dette arbeidet, og studerer mellom anna korleis stamceller koordinerer det både å fornya seg sjølv og samtidig gi opphav til spesialiserte celler. Eg ville gjerne finna ei samarbeidsgruppe som kunne setta pris på arbeidet eg hadde gjort tidlegare, men samtidig utvida horisonten min og gi meg eksponering til nye fagfelt.

Finn ein lab som gir breidde

Eit kjapt nettsøk gav meg ei kort liste over alternative forskingsgrupper i California som jobba med både bananfluger og avanserte mikroskopteknikkar. Etter diskusjon med rettleiar landa vi på ei forskingsgruppe som jobbar med korleis stamceller regulerast av alderdom, med fokus på genregulering. Med dette utgangspunktet kunne eg planlegga eit prosjekt der eg kunne bidra med kunnskap om celledeling, medan den nye labben kunne bidra med kunnskap om regulering av stamceller.

Ei av tipsa eg fekk i planlegginga var å finna ein lab som ikkje var for stor og heller ikkje var for liten. Her i California er vi 12 stykk som jobbar på fleire ulike aspekt av ei felles interesse for stamceller, og gruppa har ei god blanding av erfarne og nye medlem. Fleire har bakgrunn frå heilt andre typar forsking, og det er spanande å høyra korleis dei beskriv tidlegare miljø, andre erfaringar og nye innfallsvinklar til prosjekta sine.

Inspirasjon

I tillegg til dei konkrete eksperimenta eg hadde planlagt erfarer eg at mykje av opphaldet handlar om nye opplevingar som gjer meg interessert i spanande vitskap og ny forsking. Ulike strategiar, ambisjonar og idear er med på å inspirera til at eg blir ein meir nysgjerrig forskar, og hjelp til å finna nye og spanande spørsmål i mine eigne prosjekt. Så sjølv om alt arbeidet med koordinering av visumsøknad og planlegging var stressande og til tider uoversiktleg, er denne erfaringa svært nyttig og vil verta avgjerande for korleis eg planlegg vidare engasjement i forskinga.

Det viktigaste valet med å finna ein samarbeidslab har for meg vore flinke og interesserte kollegaer, eit utviklande miljø og rom for at eg kan få utvikla idear og interesser for forskinga.

Powered by Labrador CMS