Begeistra grunnforsking, Hjernekraftprisen 2013

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I fjor sommar utlyste Forskerforbundet ein konkurranse som skulle sette fokus på betyning av forskning og utvikling. Eg sendte inn eit bidrag om grunnforsking og banafluger, og vart kåra til ein av vinnarane, saman med Carol Holm-Hansen og Frode Ernst Haverkamp. 

Eg håpar innlegget (re-publisert nedanfor) kan bidra til ein god detbatt om betyninga av nysgjerrig og engasjerane grunnforsking.

Begeistra grunnforsking

”Korleis vert eg kvitt dei som surrar rundt på kjøkkenet mitt?” – er stort sett responsen når eg fortel at eg forskar på bananfluger. At eg arbeider på Radiumhospitalet gjer det heile meir forvirrande, for fluger kan vel ikkje få kreft?  Slik endar ofte historia om mitt bidrag til kunnskapsnasjonen Noreg, og eg vert ståande att med setninga ”Men det er kjempespennande altså!” hengande i lufta.

Dei fleste forstår at grunnforsking bidreg til framtidas medisinar og langsiktige gjennombrot, og at vi treng å satse på kunnskap, kloke hovud og nye idear. Frå dette er det kort veg til å tru at grunnforskinga bør resultere i noko målbart og konkret, noko som kan patentbeskyttast, investerast i og kanskje bli ei børsnotert suksesshistorie.

Men bør det nødvendigvis vere slik?

For meg vert det eit gap mellom denne forventinga om umiddelbare resultat og motivasjonen bak min eigen jobbkvardag. Eg driv ikkje med grunnforsking fordi eg fyrst og fremst vil oppdage nye medisinar, men fordi eg likar å stille spørsmål, er oppriktig nysgjerrig og lev for den eine dagen i halvåret når brikkene fell på plass og gåsehuda spreier seg.

Mange av satsingsområda i grunnforskinga er spennande og viktige i seg sjølve fordi dei beskriv noko ukjent, noko vi enno ikkje forstår. Mange prosjekt er også retta mot sjukdom, betre behandling og tidleg diagnose. Men i hovudsak er grunnforskinga langsiktig og driven av genuin interesse og undring over naturen. Undervegs finn vi svar på nye og uventa spørsmål.

Begeistring for spørsmål som ”Korleis blir kroppen vår til?” stiller også krav til formidling om kva vi driv med og kvifor det er viktig. Populærvitskapleg formidling er ikkje alltid så enkelt, særleg for oss som likar detaljar og gler oss over kompleksitet. Eg har gått glipp av fleire sjansar til å fortelja kva eg driv med fordi eg så gjerne vil dele mi eiga begeistring for biologien, for det fasinerande at ei celle blir til to, og for at det fortsatt er så mykje vi ikkje veit.

Diverre ramlar mange av lasset før detaljrikdomen får imponere. Eg har difor googla tips for å ta knekken på flugene på kjøkkenet, og trenar på å formulere doktorgradsprosjektet i to korte setningar utan å miste vesentleg innhald.

Så kva er det eigentleg eg brukar arbeidstida og store delar av fritida mi til? Jo, saman med inspirerande og talentfulle kollegaer prøvar eg å beskrive korleis cellene i kroppen vår delar seg. Vi veit mykje om korleis dette skjer med kreftceller i laboratoriet, men kunnskapen om korleis dette kontrollerast i ein levande organisme er mindre detaljert. Det er her bananflugene kjem inn i biletet, med fleirfaldige Nobelprisar og gjennombrot å vise til.

Med store, kostbare mikroskop testar vi ut nye hypotesar for kva prosessar som er viktige for at ei celle kan bli til to, langt inne i bananfluga. Kanskje er at liknande mekanismar er viktige for korleis vi forstår utviklinga av kreft hjå menneske? Stilig og forståeleg, tenkjer du, før eg legg til at ”men det er jo eigentleg ikkje det eg forskar på, fordi akkurat dei cellene eg studerer deler seg annleis enn alle dei andre!”

Eg ynskjer meg ei kunnskapssatsing som ser verdien av å stille gode spørsmål, beskrive kompleksitet og finne enno fleire spørsmål. Ikkje fordi alle svara undervegs kan eller skal løyse kreftgåta, men fordi vi treng å tenke langsiktig. For å finne nye metodar for behandling av sjukdom treng vi å forstå og bli inspirert av detaljrikdomen i naturen.

Spør meg ein gong til om kva eg driv med! Eg er nemlig veldig stolt av jobben min, og bananflugene er meir spanande enn ein skulle tru.

Publisert med løyve frå Forskerforbundet. 

(Forsidebilde: Hjernekraftprisen 2013 / Forskerforbundet)

Powered by Labrador CMS