BOKTIPS: bragder, vaksiner og karbon

Unni Eikeseth: Norske forskingsbragder - Vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år. Samlaget 2016. Foto: Å.Eikenes

Unni Eikeseth, Tone F. Gregers og Dag O. Hessen er ein solid trio av engasjerande forfattarar. Dei nye bøkene deira representerer eit levande mangfald innan norsk populærvitskap.

Bragder som engasjerer

Eikeseth har samla eit knippe biografiske essay i boka Norske forskingsbragder, vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år. Ho skriv flott om svært ulike tema, og leier lesaren gjennom oppdaginga av leprabakterien, vidare forbi store, kjemiske gjennombrot, til ein nobelpris i hjerneforsking og til nyare oppdagingar om DNA og sosiale insekt.

Boka lukkast med ambisjonen om å demonstrere at forsking tek lang tid (og at forskarar ofte er litt sære), men gjennom lagspel, tolmod og litt flaks, kan ein få til svært mykje.

Historiene er fortalt i kronologisk rekkefølgje, eit grep forfattaren gjerne kunne ha utnytta i enno større grad. Biografiane er gode, og dei kunne kanskje ha vorte enno betre saman med eit større perspektiv på korleis forskingsmetodane, teknologien og samfunnet utvikla seg. Utviklinga ligg som eit viktig bakteppe for biografiane og forskingsresultata, og inspirerer til å lese vidare for å forstå meir om korleis kunnskap blir til.

Tone F. Gregers: Alt du må vite om vaksiner. Humanist forlag 2016. Foto: Å.Eikenes

Vaksiner for folk flest

I Tone F. Gregers si bok, Alt du må vite om vaksiner, får lesaren ein grundig introduksjon til det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Kapitla om immunceller, virus og bakteriar har rikeleg med detaljar om kven, kva, korleis og kvifor, og boka er eit forskingsbasert bidrag til vaksinedebatten i Noreg.

Gregers skriv at ho ønskjer at boka ”skal kunne fungere som allmennutdanning”, ein ambisjon det står respekt av. Eit slikt mål set også høge krav til språk og formidling. Nokre kapittel gir assosiasjonar til ein akademisk språktradisjon, men stort sett handterer forfattaren oppgåva på ein god måte.

Gregers gjer ein imponerande innsats for å skrive enkelt om eit vanskeleg og komplekst tema, og Alt du må vite om vaksiner er ei viktig bok med solid informasjon som mange vil ha nytte av.

Karbon i alt

Dag O. Hessen skriv også om eit engasjerande og komplekst fagområde. C Karbon - en uautorisert biografi er ei personleg bok om karbon, og omhandlar fossilt brennstoff, fotosyntese, plast, bilar, karbondioksid, metangass, kretsløp, kjemiske formlar, klima, karbonfangst, 2-gradersmålet og framtida.

Dag O. Hessen: C Karbon – en uautorisert biografi. Cappelen Damm 2015. Foto: Å.Eikenes

Doktorgradsprosjektet til forfattaren er den raude tråden i boka, og vi vender stadig tilbake til ein innsjø nord for Oslo. Dette er eit effektivt grep, og den personlege historia leier lesaren gjennom eit komplekst innhald og ei mengd digresjonar. Nokre gongar er detaljnivået i overkant vanskeleg, og lesaren vert til tider forvirra av dei ulike kjemiske formlane og dei komplekse kretsløpa.

Den uautoriserte biografien om karbon er ei nyansert og innhaldsrik bok, og eit viktig bidrag til ein klimadebatt som ikkje bør stilne med det første.

 

Det er gledeleg at nye talent skriv ut bøker med store ambisjonar, og at erfarne forfattarar framleis har mykje viktig på hjartet. Eikeseth, Gregers og Hessen er tre namn det er verdt å leite etter i bokhyllene. Eg gler meg til å lese meir!

 

Har du fleire populærvitskaplege boktips?

 

Finn bøkene her:

Unni Eikeseth: Norske forskingsbragder - Vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år. Samlaget 2016. 

Tone F. Gregers: Alt du må vite om vaksiner. Humanist forlag 2016. 

Dag O. Hessen: C Karbon – en uautorisert biografi. Cappelen Damm 2015.  

(Forsidefoto: Åsmund Eikenes)

Powered by Labrador CMS