Breiddekunnskap og Nobelprisen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein del av doktorgradsutdanninga som ikkje får tilstrekkeleg fokus er fagleg breidde. Oftast er det spisskompetansen som er hovudvekta av det vi kan, brukar tida vår på og det vi vert målt etter. PhD-studentar tek sikte på å verta den flinkaste i verda på eit svært lite område, ei utfordring som krev innsats og tid. Det er interessant og engasjerande å halde på slik, og for mange er konkretiseringa av kunnskapen i form av publikasjonar svært tilfredsstillande. Likevel trur eg mange opplev det som utfordrande å skulle møte nye fagfelt, kollegaer eller ikkje-akademisk arbeidsliv med berre slik spisskompetanse.

Vi treng også forståing av breidde og variasjon innan forskinga, men har dessverre ikkje alltid tid eller moglegheit til å stimulera andre faglege interesser når vi er så opptekne av å halde fokuset på protein X. Eit av argumenta mine for å reise til USA i løpet av doktorgradsperioden var nettopp dette, å ta tid til å utvide kompetansen, interessa og erfaring frå andre typar forskingsmiljø. Ein viktig del har då vore å delta på ei rekke seminar og foredrag om tema som ikkje alltid er så tett knytt til mine eigne prosjekt, men som gjer at eg får nye innfallsvinklar og perspektiv på forsking generelt.

UCLA har mellom anna ein svært interessant serie foredrag om korleis hjernen vår fungerer, med fleire internasjonale toppforskerar på lista. Mange av desse er pionerar på ulike metodar for å kartlegge nettverk, signalmolekyl og endringar i hjernen i løpet av livet eller i sjukdom. Det er også ein spennande serie kalla Cell and Developmental Biology Club (CDB Club), der forskarar frå ulike delar av institutta og avdelingane på campus presenterer idear, hypoteser og resultat for kvarandre i ein nokså uformell setting (les: fredag ettermiddag, øl og chocolate chip cookies). Eg presenterte nokre av resultata mine på ein CDB Club i slutten av januar, og fekk nyttige og gode tilbakemeldingar.

Nobelprisvinnarar på UCLA

Februar var ein ekstraordinær månad ved UCLA, med to svært imponerande foredragshaldarar: Brian Kobilka og  Randy Schekman. Kobilka vart tildelt Nobelprisen i kjemi i 2012 for arbeidet med å finne strukturen og karakterisere ulike funksjonar til ein svært viktig reseptor i cellemembranen. Schekman er ein av fjordårets vinnarar av Nobelprisen i fysiologi eller medisin, for sitt arbeid med å karakterisere eksportmaskineriet inne i gjærceller.

Brian Koblika tok fatt på oppgåva å finne kva reseptorar i cellemembranen som var ansvarlege for at legemiddel som til dømes betablokkarar er aktive. Ein av reseptorane for desse stoffa er den beta-adrenergiske reseptoren, den som responderer på adrenalin i hjartet og i lungene. Kobilka og kollegaene hans fann strukturen til denne reseptoren, og dette arbeidet har lagt grunnlaget for ei svært viktig forståing av dei ulike måtane eit lite molekyl kan binde til og modulere aktiviteten til ein reseptor på. Arbeidet til Kobilka har vist at dette ikkje er berre to steg, anten av eller på, men ei heil rekke mellomsteg som alle har ulike resultat for cellene.

Eksport i gjærceller

Randy Schekman byrja utdanninga si på UCLA, og campus var veldig stolte av å ha han på besøk. Då Schekman starta sin eigen lab var han interessert i å applisera genetikk på eit nytt felt, og valet vart gjærceller som modell for korleis celler skil ut membranar eller signalmolekyl til utsida, også kalla sekresjon. Kunnskapen om dette feltet var berre deskriptiv, og detaljane for regulering og kontrollmekanismar var ukjende. Ved å isolere ei rekke mutantar som viste defektar i denne prosessen, transformerte Schekman og studentane hans dette fagfeltet frå eit deskriptivt til eit mekanistisk, og resultatet vart om lag 30 ulike gen som var nødvendige for denne prosessen. Etter kvart fant ulike grupper ut at dei same gena også var heilt essensielle for liknande prosessar i organismar som fluger, mus og menneske. Vidare har det også vorte vist at mange av mutantane Schekman isolerte var involverte i andre sorteringsprosessar inne i cellene, og mange av desse har utvikla seg til eigne, store forskingsfelt.

Nobelpris i perspektiv

Det er i hovudsak veldig inspirerande å høyre flinke folk beskrive strategiar, suksess og utfordringar frå ei innhaldsrik karriere. Sjølv om eg ikkje jobbar direkte med anten krystallstrukturar eller eksportmaskineriet i cellene, dukkar det opp nye idear, metodar, koplingar og inspirasjon frå slike foredrag som er nyttige for min eigen kvardag på labben. På denne måten bidreg Nobelprisvinnarane (og dei andre foredragshaldarane) til breiddekunnskap og fagleg påfyll i ein kvardag som fort kan verta einsformig og veldig detaljfokusert.

Samtidig er dette også med på å gi litt perspektiv på eige arbeid og relevans av laboratoriekvardagar. Både Kobilka og Schekman verka til å ha uvanleg stor arbeidskapasitet i tillegg til gode idear og mykje kunnskap. Samtidig nevnte dei begge at dei hadde vore svært heldige med studentane sine, som jobba hardt, mykje og lenge over lang tid. Det livet er ikkje for alle.

Framover med forskinga

I tillegg til å imponere med arbeidet sitt nytta både Kobilka og Schekman delar av tida si til å peike framover, mot nye medisinar, nye fagfelt, andre strategiar for publisering og tilrettelegging for neste generasjonar av forskarar. Det skjer spennande ting med forskinga, både i korleis den vert utførd, og korleis vi kommuniserer nye resultat, strategiar og idear til kvarandre.

I morgon kjem Tom Südhof (Nobelprisen i fysiologi eller medisin 2013, delt med Randy Schekman og James Rothman) til UCLA for å snakke om koordinering av kommunikasjon mellom nerveceller. Det vert spennande å høyre kva han har å seie!

Powered by Labrador CMS