Ein sinna svulst

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For mange naturvitarar tyder er det å beskriva forskinga si detaljar, konsept og strategiar som går over hovudet på dei fleste. Eg er ein av desse, men har dei siste åra kome over nokre strategiar som kan vera til hjelp til formidling og forståing. Her kjem ein slik teknikk, nemleg  antropomorfisme i biologisk vitskapsformidling.

Daglegliv som metafor

Antropomorfisme tyder personifisering, eller menneskeleggjering, av noko som ikkje er eit menneske, til dømes ein stein eller verdsrommet. Ved å aktivt nytte omgrep frå dagleglivet som forklaringsmodell, kjenner mange lesarar seg enklare att i innhaldet.

Eit tydleg eksempel på dette fenomenet er når ein snakkar om ei enkelt celle. For mange er det naturleg å nytta omgrep som ’cella vil dela seg’, ’cella snakkar med naboen’, ’ho får beskjed om å veksa fortare’ eller ’han sender beskjedar ut i blodet om at noko er gale’. Alle desse metaforane er nyttige for ei konseptuell forståing av korleis basal cellebiologi fungerer, og fleire av desse bileta fungerer fint i ei innleiing til vidare diskusjon. Slik kan folk relatere seg til innhaldet, stille spørsmål og lære nye ting, ein siger for vitskapen.

Antropomorfisme skjer ikkje berre i populærvitskap, men er også ein stor del av ordforrådet i fagspråket, kanskje særleg i dei biologiske faga. Også for oss ekspertar gjer slike metaforar innhaldet meir forståeleg. Vi snakkar om faktorar som gir celler identitet og nye oppgåver, eller proteinkompleks som arbeider i ulike reparasjonsprosessar i cellekjerna. For diskusjonar, modellar og inspirasjon til nye idear er slike forenklingar og personleggjeringar veldig nyttige.

Presisjon og evolusjon

Samtidig kan antropomorfisme også bidra til å redusere forståinga ved å banalisere vitskapen og det faglege innhaldet. Utfordringa med denne teknikken er at den kan misbrukast, og gje inntrykk av at til dømes naturen faktisk har ein plan eller eiga vilje. Særleg gjeld dette metaforar og popularisering kring  evolusjon, som oftast gløymer at det heile er tilfeldig og aldri målretta. Her forsvinn presisjonen frå den vitskaplege forskinga til fordel for feiltolka metaforar som er villeiande og ukorrekte.

Som med alle gode idear har dei ei bakside. Om du vel å nytte slike bilete eller inspirasjon for forklaringane dine er det viktig at du samtidig er presis og nøyaktig. Dette er til det beste både for forklaringa di og for samfunnsopplysinga. Vi treng gode metaforar som folk forstår og som er presise og biologisk relevante. Lykke til!

Powered by Labrador CMS