Ein smak av Amerika som PhD-student

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

UCLA campus. (Foto: Åsmund Eikenes)

Engasjerte forskarar med store draumar og banebrytande prosjekt er kjerna i den amerikanske universitetstradisjonen. Med støtte frå Kreftforeningen har eg snart hatt fem månader som besøkande PhD-student ved University of California, Los Angeles, og opplevd ein inspirerande forskingskultur som set standarden for nye idear og framtidsdraumar. PhD-prosjektet mitt handlar ikkje lengre berre om regulering av celledeling, men fortel ei historie om grunnforsking som bidreg til ny kunnskap og nye idear.

Med dei aukande krava til vitskapleg produksjon på stadig kortare tid, er det forståeleg at mange PhD-studentar kvir seg for å planlegga eit utanlandsopphald. I tillegg til utfordringar med koordinering av familie og papirarbeidet som trengs for visum og anna dokumentasjon, gjer usikkerheita og faren for null brukbare resultat det heile nokså lite attraktivt. Likevel er det absolutt verdt bryet, og eg har lært ei heil rekke spanande ting eg ikkje kunne ha planlagt eller forventa.

Sjølv om eg har vakse opp i ei lita bygd på vestlandet er samanlikninga til kystlandskapet i California ikkje særleg dekkande. I kontrast til regntunge haustkveldar med stillongs og skjerf er sør-California velsigna med sol stort sett heile året, og det hjelp på humøret. Vidare er mange amerikanarar svært glade i small-talk og tilfeldige samtalar på bussen eller i kø i ein kaffibar, ei spanande utfordring for mange introverte skandinavar, meg inkludert. Etter nokre mislykka forsøk har eg laga ei liste over tema som kan brukast i nødstilfelle for å unngå pinleg stillheit, eit triks folk synest å setta pris på. Til dømes er fjellturar(!) eller nyoppdaga nabolag gode strategiar i slike situasjonar.

Noko av det som uroa meg ved å bli ein del av ei amerikansk forskingsgruppe var rykta om ekstreme arbeidstider og eksperimentell ekspertise på labben. Eg trudde at nokre av skilnadene mellom norsk og amerikansk forskingskvalitet kunne koma frå innsatsen til studentane, men vart møtt av velkjende utfordringar som kontaminerte reagensar, reduserte budsjett og islagte prosjekt. Erfaringa mi fortel at det ikkje er volum eller pengar som styrer, men heller nivået på dei faglege ambisjonane og ei sterk tradisjon for å fortella gode historier om vitskap.

Som ny i Los Angeles har eg blitt kjend med fleire spanande folk med eit engasjement for historiefortelling. Dei interesserer seg for gode historier, gode innpakningar og nyskapande kontekstar i ei rekke ulike felt, som film og reklame, forsking og kommunikasjon. Mange av foredraga eg lyttar til på campus er prega av at forskarande er flinke til å forstå korleis det å plassera vitskapen i ein kontekst er heilt sentralt i å formidla forskinga si. Det verkar til at amerikanarane er tryggare på å seia at problema dei håpar å løysa er knytt til globale utfordringar som sjukdom, diskriminering eller klima. Alt verkar større her borte, både naturen, vegane, folka og ideane. Dette merkast ikkje særleg i dagleglivet på laboratoriet, men vert svært tydeleg når eg høyrer korleis dei beskriv ambisjonar og framtidsvisjonar for ny forsking. For å få til dømes stamcellebehandling ut til fleire pasientar trengs det fortsatt eit fokus på detaljorientert grunnforsking kopla til store visjonar og draumar, eigenskapar amerikanarane lærer tidleg.

Med så mange toppranka universitet og nyskapande bioteknologiselskap lokaliserte her i California er det ei jamn tilstrøyming av unge og talentfulle forskarar. Denne kombinasjonen av kreativitet og konkurranse bidreg til å løfta prosjekta og ideane, der store draumar verdsettast. Sjølvklart gir dette også avgrensingar og utfordringar, men hovudinntrykket er at forskinga vert betre av eit slikt utgangspunkt, der fokuset på kvifor forskinga er viktig står sentralt. I tillegg til dei tekniske ferdigheitene eg har tileigna meg i denne perioden, har eg også vorte inspirert til å tenka stort om mi eiga forsking og om korleis spanande vitskap kan kommuniserast.

Eg har også vorte inspirert til å dela resultata mine med fleire, men kvir meg ikkje lengre for å popularisera og trekka fram dei store linjene i arbeidet, ei side av PhD-utdanninga som ikkje har fått nok trening tidlegare. Kanskje kjem dette av mykje trening på small-talk og introduksjonar til nye og spanande fagmiljø, ei erfaring eg kjem til å ta med meg heim og jobba vidare med.

Om du vurderer eit utanlandsopphald i løpet av doktorgraden oppmodar eg deg til å reisa med eit ope sinn og med ynskje om å bli utfordra og stimulert av nye impulsar. Møte med andre studentar og utveksling av resultat og idear er ein sentral del av å modnast som forskar, samtidig som eksponering til andre kulturar, draumar og tradisjonar bidreg til å tenka nytt og ambisiøst om kva forskinga kan bidra til. God tur, og lykke til!

Powered by Labrador CMS