Frå fordumming til formidling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tidlegare har eg stort sett syntes at det var både vanskeleg og uklart korleis eg skulle kunna forklara kor interessant eg syntes det var å studere cellebiologi. Eg er glad i detaljar og kompleksitet, og likar å leite etter system, mønster og nyansar i eit mangfald av moglegheiter. Denne eigenskapen (klassisk naturvitar) er dessverre ikkje den enklaste å omsetje til tydelege bodskap i populærvitskapleg formidling av naturen.

Eg har ofte syntes at eg anten verka fordummande eller keisam i forklaringane mine, eller eg har irritert meg over at folk ikkje ”ville forstå” kva eg sa. Det har heller ikkje vore til hjelp at eg har jobba med nokså spesialiserte tema. Eg har trudd at eg ikkje kunne forenkla til å snakke om ”ny og banebrytande kreftbehandling for alle i” staden for ”hormonregulering av membranprotein som er dysregulert i nokre krefttypar og kan bidra til å endre samspelet mellom ulike celletypar som er resistente mot nokre typar kreftbehandling”.

Denne situasjonen trur eg veldig mange biologar kan kjenne seg att i, særleg i frustrasjonen over at vi ikkje kan dela alle dei spennande detaljane vi har brukt så mykje tid på. I staden trur vi at vi må lage dårlege metaforar og generaliseringar i staden for fokus på reine fakta.

Ein detaljert prostata

Eit eksempel: i masteroppgåva mi var eg på Institutt for Biovitskap ved UiO, og jobba med å beskrive korleis eit bestemt protein (ProtX) kunne bidra til utvikling av prostatakreft. Frå før hadde labben vist at dette proteinet var regulert av testosteron (mannleg kjønnshormon), og at nivået av ProtX endra seg i løpet av kreftutviklinga.

Mi oppgåve var å finne moglege forklaringar på korleis auka nivå av dette proteinet kunne bidra til at kreftceller vaks fortare, og eg tok utgangspunkt i kandidatar til samarbeidspartnerane til ProtX.

I eit selskap hjå svigerfamilien min kom eg i snakk med ein vaksen mann som lurte kort på kva det var eg dreiv på med i denne masteroppgåva mi, eg såg ein fin moglegheit til å involvere han i nyansane av funna mine. Eg byrja engasjert med historia eg hadde planlagt:

”Prostataen regulerast av androgen, også kalla testosteron, som går frå blodet og inn i cellene og bind til ein reseptor som skrur på ei rekke ulike gen i cellekjerna. Labben eg jobbar i er interessert i korleis bindinga til DNAet skjer og korleis nokre av desse gena som denne reseptoren styrer er med på å bidra til kreftutvikling. Eg jobbar med bindingspartnerane til eit slikt protein ute ved cellemembranen og ser om den kan interagera med ulike signalvegar som styrer differensiering av kreftceller til andre celletypar som er meir resistente mot behandling. Kanskje kan dette seia noko om korleis vi kan forstå tilbakefall etter behandling og vidare undersøkingar for å gjera at fleire overlever denne kreftforma.”

Det var ikkje eit spor av fasinasjon eller vidare oppfølgingsspørsmål i ansiktet hans, og eg skjønte straks at eg hadde kasta vekk sjansen min. Kaffi og kaker vart annonsert og han unnskylda seg høfleg tilbake til selskapet før eg fekk retta opp inntrykket av meg og alle cellebiologar som udugelege formidlarar. Men kva skulle eg ha sagt, for utan alle desse detaljane forsvinn jo innhaldet og den viktige biologiske presisjonen?!

Eg har tenkt mykje på denne historia dei siste 3 åra, og skjemmest litt av at eg berre kasta faguttrykk og kompliserte konsept rett i ansiktet på ein ikkje-biolog. Heldigvis får dei fleste av oss fleire sjansar, men eg har måtte jobba mykje med å legge vekk fagleg integritet til fordel for å dele spennande historier om det eg interesserar meg for.

Plan B

Etter mastergraden starta eg i ei stipendiatstilling på Radiumhospitalet, og fekk tildelt eit prosjekt om celledeling i bananfluger. No handla detaljane om at egg- og spermcellene i mange organismar deler seg annleis en vanlege celler, når desse spesialiserte cellene avsluttar celledelinga rett før dei er ferdige. På denne måten vert cellene hengande saman og kan utvikla seg som ei koordinert gruppe. Etter fleire utfordrande samtalar der eg vart opphengt i omgrep som ”ufullstendig cytokinese” og ”stopping av den kontraktile ringen” forstod eg at eg måtte endra strategi. Ei av historiene byrjar slik:

”Når banafluga skal lage eit egg er ei av utfordringane at det trengs veldig mykje energi og innhald for å kunne bygga eit egg som er stort nok. Strategien som flugene brukar er at fleire celler samarbeider i denne prosessen. Ved å stoppe celledelinga rett før slutten, kan cellene verta kopla saman av små tunellar. Dersom ei celle delar seg slik nokre gonger, vert det til slutt 16 celler som heng saman. Utruleg nok klarar dei å velje at berre ei av desse cellene skal få vekse og bli eit egg. Alle dei andre er hjelpeceller som brukar tunellane til å sende næring inn til det framtidige egget. Eg jobbar med å forstå korleis desse tunellane lagast og fungerer slik dei skal.”

Ikkje nødvendigvis ei heilt perfekt historie, men erfaringa er at dette er ein spennande introduksjon som får folk til å stille fleire spørsmål som driv samtalane vidare. Mange lurer på relevansen til kreftutvikling eller liknande mekanismar hjå menneske. Dette opnar opp for ein diskusjon om korleis vitskap fungerer, ein spennande diskusjon eg set stor pris på.

Dessverre får eg ikkje fortalt detaljert om kva proteinet mitt heiter eller gjer, eit kompromiss eg har måtte lære å leve med. Eg veit no at detaljane høyrer heime på konferansar og labmøter, og ikkje ved middagsbordet med familie og vener.

Modning og inspirasjon

Eg innrømmer gjerne at det har vore ei stor utfordring for meg å gå over til å sei at eg jobbar med celledeling og kreft i staden for ufullstendig celledeling i spermproduksjon i fluger. Dei fleste vil kanskje seia at dette er ein god strategi, men det har tatt tid og modning, fleire mislukka forsøk og lange diskusjonar med ektefelle og kollegaer. Likevel håpar eg det stemmer at det er slik at ei inspirerande historie opnar opp for ein god samtale om spennande biologi, der detaljane kan få plass etter kvart, slik at eg fortsatt kan få dele gleda over kompleksitet og mangfald.

Inspirasjon til vitskapsformidling har vore veldig nyttig i denne prosessen, og er eit tema eg vil skriva om i neste post. Følg med!

Har du andre eller liknande erfaringar med formidling av forskinga di, del gjerne i kommentarfeltet under!

Powered by Labrador CMS