Frå stort til smått til stort

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forsking i framtida krev fokus på samarbeid for å kombinere ulike strategiar og stimulere til nyskaping.

Eg jobbar for tida i ein lab ved UCLA der eg samarbeider med nye kollegaer som er interesserte i koordinering av stamceller og alderdom. Spørsmål av typen ”Er det slik at kroppen vår mistar kontroll over stamcellene våre når vi vert gamle, og bidreg kunnskap om dette til nye strategiar for bruk av stamceller i sjukdomsbehandling?” vert ofte diskutert på gruppemøta, og svara har fleire ulike innfallsvinklar. Med utgangspunkt i spanande diskusjonar med kollegaene her borte vil eg gjerne dela erfaring frå to ulike strategiar for korleis ein kan angripe slike store spørsmål ved hjelp av forsking på bananfluger.

Detaljar, detaljar, detaljar

Dei aller fleste PhD-studentar innan livsvitskap, både i USA og Europa, beskriv starten på prosjektet sitt med ein versjon av setninga ”Dette er proteinet/genet mitt, og jobben min er å kartlegge kva rolle det spelar i ein bestemt prosess i ei enkelt celle.” For mange er dette ein kickstart på årevis med fokus på detaljar om bindingspartnarar, uttrykksmønster eller lokalisering i cellene, detaljar vi drøymer om, uroar oss over og jobbar hardt for.

Eg starta til dømes med eit protein som kanskje var viktig for celledeling i produksjon av spermceller hjå bananflugene, eit prosjekt med klare utfordringar som samtaletema i middagsselskap. Eg elska detaljane, men fann at det ofte var vanskeleg å sjå forbi ønsket om å forstå enno meir om korleis favorittmolekylet mitt fungerte.

Dessverre er det ofte slik at vi gløymer kvifor den tildelte kandidaten var interessant då prosjektet vart starta, og møter fleire utfordringar når vi mot slutten av arbeidet prøver å overtyda internasjonale tidsskrift om den spanande historia vår. I alt fokuset på detaljar og viktige nyansar gløymer vi at spørsmålet om ”korleis” også bør sjåast saman med eit ”kvifor”. Kjensla over å vera mållaus i samtale med svigermor når ho undrar på korleis PhD-prosjektet eigentleg bidreg til nye kreftmedisinar er av same sorten, og illustrerer kva som kan skje når eit engasjement for detaljar ikkje får nok trening i å sjå det store biletet.

Fokus på det store biletet

Nokre forskingsgrupper tek i staden utgangspunkt i dei store, raude trådane i biologien og leitar etter kva strategiar og cellulære hendingar som er relevante for ein viss prosess. Til dømes endrast noko i stamcellene i tarmen til bananflugene seg når flugene vert gamle, cellene klarar ikkje lengre å fungere som eit organ og flugene døyr. Dette ”noko” i setninga over er for slike labbar ikkje direkte interessant, men gir heller ein veg inn til å beskriva korleis ulike ”større” ting heng saman.

I motsetnad til å spørje kva som skjer i ei enkelt stamcelle, er spørsmålet heller ”kva tyder det for heile fluga at tarmen ikkje fungerer når fluga vert gamal?” På denne måten kan ein lura på korleis funksjonen til stamcellene i eit organ bidreg til at heile fluga endrar seg over tid. Slike innfallsvinklar krev andre typar strategiar for prosjektplanlegging, der fokuset på mekanismar i enkeltceller vert overskygga av nye idear om samspelet mellom ulike organ, samt genetiske endringar og miljøfaktorar som styrer aldringsprosessar.

Synergi og nyskaping

Dei ulike strategiane for forsking innan livsvitskap tek utgangspunkt i to ulike nivå i biologien, korleis eit enkelt molekyl bidreg til at ei celle fungerer, og korleis heile organismen veks og fører gena vidare. For mange stipendiatar er det umogleg å på eiga hand gjere alle eksperimenta og handtere dei ulike metodane som skal til for å sette saman ei historie som inneheld element av begge desse nivåa. Difor er det svært viktig at gruppeleiarane er flinke til å koordinera og setta i gang samarbeid med forskingsgrupper som kan utfylla kvarandre. Dette opplev eg som ei av styrkene til nyskapande og idérike gruppeleiarar her på UCLA, at dei byggjer eit stort nettverk av kollegaer med ulike innfallsvinklar som utfyller kvarandre.

Planlegging og administrering av slike prosjekt er utfordrande og krev mykje av alle partar, men når det fungerer er utbyttet stort for alle involverte. Mange av dei store journalane vil til dømes ikkje publisera arbeid som manglar element frå anten molekylære detaljar eller store linjer. Eksempel inkluderer krav om dyreforsøk, relevans til prøvemateriale frå kreftpasientar eller resultat frå store screeningar. (Om dette er ein nyttig strategi for revisjonsprosessen og publisering er ein anna diskusjon)

Det trengs ulike personar med ulike interesser i desse ulike fag- og fokusområda, noko som betyr at forskinga bør gå frå eit individuelt detaljfokus til å verta enno flinkare på å kombinera og setta saman ulike konstellasjonar av forskarar som saman kan bidra til nyskaping og banebrytande idear. Satsingar på EU-prosjekt, SSF-ar og Jebsen-sentre byggjer nye samarbeid på tvers av fagfelt. Ikkje berre er dette viktig for at forskinga i Noreg skal vera på eit høgt internasjonalt nivå, men også for at PhD-studentane skal sjå det store biletet og få inspirasjon til å stille nye spørsmål.

Tida er over då enkeltpersonar løyste kreftgåta, no er det gode team og samarbeid som gjeld.

Powered by Labrador CMS