Gammel kunnskap til folket

Det er mange gode grunnar til at ny forsking bør kommuniserast til eit allment publikum, men folk treng også kunnskap om ting som ikkje er nye gjennombrot. Det står nemleg ikkje så bra til med allmennkunnskapen innan realfaga.

Folk med høg utdanning skal bidra til samfunnsdebatten, også folk med spesialiserte doktorgradar i kompliserte fag. Kunnskapsrike realistar bør bidra til å gjere naturfagleg forsking tilgjengeleg for politikarar og mannen i gata. Detter ei oppgåve både for universiteta, institusjonane og for kvar einskild forskar.

Heldigvis har Noreg ei rekke forskarar som tek seg tid kommunikasjon av nye funn og forskingsresultat, her på forskning.no, i populærvitskaplege foredrag, bøker og debattar. Sjølv om det ikkje enno gir økonomisk utteljing og akademiske bonuspoeng, er det klare signal om at forskingsformidling er noko vi vil ha, og som er viktig for kunnskapssamfunnet.

Har vi sikta for høgt?

Fokuset for forskingsformidlinga har dei siste åra vore på effektiv og forståeleg kommunikasjon av i hovudsak nye funn. Detter gjeld til dømes GPS-celler i hjernen, globale klimaendringar, risikofaktorar for Alzheimer og innovativ kreftbehandling.

Men bakgrunnskunnskapen for å forstå desse funna får ikkje like stor merksemd. I artiklar om ny medisinsk forsking er det dei grunnleggande kunnskapane som oftast er kutte ned på eller hoppa over. Vi antek at lesarane kan stoffet frå før. Det ser diverre ut til at dette ikkje stemmer.

Her er tre eksempel der kommunikasjon av nye forskingsresultat ikkje ser ut til å vere til hjelp:

Alternativ behandling – Sjølv om det ikkje finnast dokumentert effekt av sjølve behandlinga (berre av placebo-effekten), er det for mange heilt legitimt å bytte ut mediske metodar med alternative strategiar. Argumentasjonen er basert på anekdotar og håp, ikkje på vitskaplege resultat.

Kreasjonisme – Det vil alltid vere debatt i vitskaplege miljø, det er eit sunt teikn på at faget flyttar seg framover. Men debatt er derimot ikkje eit teikn på at ingen av fagfolka har rett, og at personlege og religiøse overtydingar kan vere like gode forklaringsmodellar. Ein skulle tru at evolusjon var akseptert som fakta i 2015, men for mange er det fortsatt berre ein ”teori”.

Vaksineskepsis – Det er visstnok viktigare at ein sjølv skal kunne bestemme over sine eigne born, enn at ein fylg medisinske og vitskaplege rettleiingar frå helsemyndigheitene. At borna vert alvorleg sjuke, smittefarlege og utviklar immunitet på eigenhand er betre enn alt det ”skumle” som legemiddelselskapet og myndigheitene har tilsett til vaksinane.

På desse områda trur eg at artiklar og blogginnlegg om ny kunnskap ikkje bidreg til endring. Tvert om.

Grunnleggande kunnskapar

Om ein les kommentarfelta i slike diskusjonar er det ikkje mangel på moderne medisinske omgrep. Det manglar heller ikkje på evna til å Google kompliserte ord og terminologiar. Men alt dette er på overflata. Under kamuflasjen av nye forskingsfunn som støttar eins eige synspunkt er det openberre manglar i den grunnleggande realfagskunnskapen.

Uttrykka å ”blokkere energien i kroppen” , ”stamme fra apene” og ”booste immunforsvaret” illustrerer ein mangel på kunnskap om korleis biologi og natur fungerer.

Her når ikkje nye forskingsresultat fram. Utan grunnsteinane på plass vert mange usikre på kva som er god og solid forsking og kva ein skal tru. Her har vi som kan faga ein jobb å gjere:

Back to basics

Det trengs artiklar, TV-program, bøker og debatt som tek sikte på å lære mannen i gata det han eller ho ein gong lærte på grunnskulen. Folk treng kunnskap om korleis økosystem fungerer, korleis i celle er bygd opp, og kva som er innhaldet i ei vaksine. Ikkje tilfeldige resultat frå Google-søk, men gode og solide lærebøker med nøkterne og tilgjengelege fakta.

Vi skal sjølvklart fortsette å formidle korleis ny kunnskap vert til og kan brukast, men vi må også vere tydelege på å tydeleggjere det basale ved mennesket og naturen. La oss slutte med å kutte i dei fyrste avsnitta, og heller gi det grunnleggande om naturen enno meir plass i formidlinga vår.

(Forsidefoto: Colourbox) 

Powered by Labrador CMS