Hovudet over (PhD)-vatnet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskingsopphaldet mitt i California er over og eg har allereie vore tilbake på jobben på Radiumhospitalet i snart to veker. Det kjennest både bra og litt rart å vera tilbake, men overgangen var nokså tung. Frå stabil temperatur på 15-20 grader i snart 8 månader vart ullgenser, snøfall og vinterjakke ein hard kontrast. Det er uansett fint å vera tilbake med kollegaer og vener, samtidig som det no er tilsvarande folk å sakne i Los Angeles

Inspirasjon

Å flytte til LA for å bli inspirert, lære nye ting og sjå forskinga i eit nytt perspektiv har vore noko av det luraste eg har gjort dei siste åra. Eg har lært veldig mykje som eg ikkje hadde planlagt å lære, i seg sjølv ei svært nyttig erfaring. I hovudsak har opphaldet gitt meg tid og inspirasjon til å løfte hovudet over vasskorpa, og gitt meg eit glimt av korleis det er på utsida av PhD-bobla. Resultatet er at eg har vorte flinkare til å sjå mitt eige arbeid i ein større vitskapleg kontekst, til dømes realiseringa at banaflugene mine ikkje alltid er det kulaste som finnast. Samtidig har eg også vorte inspirert til å drive med forskingsformidling og kommunikasjon av spennande ny kunnskap, og trur at dette bidreg til å styrke doktorgradsarbeidet mitt. 

Laboratoriet eg besøkte er interesserte i regulering av stamceller, der kontekstane er aldring og sjukdom, samt å forstå nye, basale mekanismar for korleis ei stamcelle fungerer. Dei var opne og interesserte, og gav meg moglegheit til å våge stille nye spørsmål, revidere idear og prosjektplanar, samt lære nye teknikkar og samle erfaring. Dei ulike foredraga har også gitt inspirasjon og breiddekunnskap, samt at ekspertisa på UCLA har bidrege til å gjera meg kjend med noko av det siste og nye av teknikk og metodar.

Eg håpar at opphaldet har gjort meg til ein betre forskar, med nye impulsar og ein litt større forståing for korleis ting heng saman. Samtidig har eg også lært at det fortsatt er svært mykje å lære, både for meg og for resten av forskingsmiljøet. Det er mange spennande spørsmål som manglar gode svar, ei utfordring til både inspirasjon og frustrasjon.

Reis ut!

Før og etter 8 månader i California Foto: Jon Olav H. Eikenes

Om du har sjansen til å gjennomføre eit forskingsopphald ved ein spennande institusjon i utlandet er det absolutt å anbefale. Det vert ei nyttig erfaring som kjem til å gi deg eit nytt perspektiv på forsking generelt og gi modning og erfaring som er viktig for det konkrete arbeidet ditt. Møt verda, lær noko nytt!

Powered by Labrador CMS