Inspirasjon til historieforteljing om vitskap

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit viktig bidrag til at eg har utvida den faglege interessa mi dei siste åra har vore at eg har funne gode, solide og inspirerande kjelder til å stille nye spørsmål og til å fortsette å vere nyfiken.

Som mange unge med interesse for natur og biologi var Sir David Attenborough den store helten, og han sett fortsatt standarden for korleis populærvitskapleg vitskap formidlast med integritet, ansvar og engasjement. Eg vert imponert av korleis han blandar mangfald og oversikt med detaljar og ny kunnskap og eg lærer fortsatt mykje nytt av seriane hans.

Podcast til inspirasjon
Dei siste åra har eg funne liknande inspirasjon utover berre biologi og natur, i tre ulike Podcast-seriar, nemleg Big Picture Science, This American Life og Radiolab. Desse inspirerer til å stille nye og utfordrande spørsmål samtidig som dei illustrerer noko av det beste som finnast av historieforteljing om vitskap og mennesket.

Big Picture Science drivast av det som vert kalla for SETI instituttet (search for extraterrestrial intelligence) i California, og er diskusjonar med forskarar og politikarar om dagsaktuelle vitskapstema. Eg likar at dei tenkjer stort og er filosofiske, samtidig som dei har beina godt planta på jorda. Tema som global oppvarming, liv på andre planetar og nye løysingar for atomkraftverk vert diskutert utan restriksjonar, og oftast med eit breitt innslag av ulike meiningar og erfaringar.

This American Life er frå Chicago Public Media, og fylgjer oppskrifta ’tre historier med felles tema’, med fokus på menneske og daglegliv. Programleiaren Ira Sachs er flink til å finne interessante og representative menneske, og programma har varme, humor og gjer intrykk. Tema som subkultur, tvil og kjærleik vert illustrerte av fleire ulike innfallsvinklar, ein strategi som gir rom for variasjon og ulike tolkingar.

Radiolab er produsert av NPR (National Public Radio), og sendast frå New York. Dei to programleiarane, Jad Abumrad og Robert Krulwich, er morosame, nyfikne, talentfulle og engasjerte, og fortel også historier som vert knytt saman av eit felles tema, ofte med hovudvekt på forsking, nye idear eller historiske oppdagingar.

Å lytta til episodar av Radiolab har vore heilt sentralt i å snu opp ned på korleis eg trur populærvistskapleg formidling kan bidra til opplysing og opplæring av folk flest. Utan sidestykke inspirerer Radiolab til ny forståing, forundring og fasinasjon over mennesket, naturen og livet. Måten dei knyt saman ulike historier på, og korleis desse historiene er fortalde gjer meg interessert i å læra meir om ei rekke ulike tema, som til dømes fargar, kreft og musikk.

Ein observasjon min ektefelle er glad i å påpeika er at fleire av desse programma er flinke til å intervjua aktuelle og fagleg dyktige forskerar, men let akademikarane sjeldan får for mykje tid til å snakka seg bort i sjargong og detaljar. Ofte vert intervjuobjektet fada ned, og ei stemme kjem inn med ’What he is really saying is this…’. Dette hjelp til å få bodskapen formulert med ord og termar som ikkje baserer seg på årevis med universitetsutdanning, og samtidig løfta det vitskaplege opp til eit meir allment nivå. Eg må innrømma at dette både er flaut og nyttig. Det fortel meg at det er mange forskarar som er som meg (slit med forenkling), men det gir samtidig mange gode eksempel på korleis det same innhaldet kan formidlast klårare. Det er god trening å tenke ’Kva ville folka i Radiolab ha sagt?’

Live radioshow
I haust var eg så heldig at eg fekk gå på Live-showet til Radiolab her i Los Angeles, dette året med tittelen Apocalyptical. Det nytta to timar til å snakke om korleis ting tek slutt, og fokuserte i hovudsak på då dinosaurane vart utrydda. Dei nyaste teoriane tyder på at allereie 2-3 timar innan at meteoritten traff jordkloden, hadde det vorte så varmt at dei fleste artane av dinosaurar var utrydda. Ikkje over millionar år som lærebøkene våre fortalde, men berre 2-3 timar ein sommardag for 65 millionar år sidan. Gåsehud og veldig stas!

For doktorgradsutdanninga mi gjer desse podcastepisodane at eg trenar på å ha eit ope sinn, vere interessert i ei rekke ulike tema og lære nye ting. Dette gjer at eg kan møte prosjekta i labben med andre referansar, ny inspirasjon og andre typar innfallsvinklar enn om eg berre las relevant teori. Sjølv om det ikkje er direkte nyttig for det eg driv med, tykkjer eg at det er noko av det viktigaste for at eg skal halda motivasjonen og den vitskaplege inspirasjonen oppe.

Her er mine 5 (6) favorittepisodar:

1. Radiolab – Colors (Måten dei nyttar lyd til å formidle fargar er sensasjonell!)

2. Radiolab – Tell Me A Story (Robert Krulwich sin tale til studentane ved CalTech 2008,  om ansvaret i formidling av vitskap)

3. Radiolab – Patient Zero og Famous Tumors (To episodar som gir eit fascinerande historisk bakteppe til mykje av dagens medisinske forsking)

4. This American life - #388 Rest Stop (Kvardagsfolk på ein rasteplass langs ein motorveg i Amerika)

5. Big Picture Science -  Life Back Then (Veldig engasjerande episode om evolusjon)

Har du andre tips til spennande formidling av vitskap i radioformat, post gjerne i kommentarfeltet under.

Powered by Labrador CMS