Klar for disputas!
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Snart er det heile over. Nesten 4 år sidan eg starta er det klart for den store finishen: DISPUTAS!
Fredag 24. april skal eg grillast. Oversikt, langtidsmine, detaljkunnskap og evna til å sjå dei store linjene skal undersøkast framføre eit publikum av kollegaer, familie og vener. Ein kan verte nervøs av mindre.
Det heile skal føregå på engelsk, i djupe diskusjonar med internasjonale ekspertar. Ikkje særleg publikumsvenleg, altså. Så til de som lurer på kva eg har jobba med dei siste åra, men som synest fagterminologi er til å svime av, har eg skrive eit norsk samandrag til kunngjeringa. Sjå berre her:
Samandrag, disputas Å. Eikenes:
Åsmund H. Eikenes har studert kontrollmekanismar i celledelinga for å forstå utvikling av kreft.
Å forstå cellebiologiske prosessar er grunnleggande for kunnskap om både utviklingsbiologi og sjukdom. For å forstå korleis multicellulære organismar fungerer har Eikenes nytta bananfluga Drosophila melanogaster som modellsystem. Resultata som er presenterte i denne avhandlinga gir ny kunnskap om regulering av celledeling.
I arbeidet med avhandlinga har Eikenes og kollegaene hans karakterisert ei rekke protein som er viktige for å regulere at celler deler seg presist. Desse proteina er viktige for å koordinere og kontrollere ulike steg i løpet av celledelinga i ein levande organisme. Når kontrollmekanismane ikkje fungerer, eller manglar, oppstår det problem som kan vere skadelege for cellene og for organismen.
Kunnskap om celledeling i bananfluga er viktig for å kartlegge kva prosessar som er involvert i presision og regulering av celledeling også i humane celler.
Samla har dette arbeidet resultert i kunnskap om ei rekke nye protein som er viktige for regulering av celledeling i ein levande organisme, grunnleggande kunnskap som kan nyttast til å forstå korleis kreftsjukdommar kan oppstå.
Ei veke att. Siste innspurt. Klar, ferdig, gå!
(Forsidefoto: Colourbox)