Kommunikasjon som karriere for naturvitarar

I mitt førre innlegg argumenterte eg at fagmiljøa bør tilsette eigne forskingsformidlarar. Om leiarane og finansieringskjeldene etter kvart ser behovet og verdien i å investere i ei slik stilling, kan dette kanskje verte draumejobben til nokre få.

Men, det finnast også fleire andre arbeidsplassar med fokus på fagkunnskap og motivasjon til formidling. Her er nokre eksempel til inspirasjon: 

Politisk arbeid:
Kunnskapsdepartementet 
Klima- og miljødepartementet

Arbeidstakarorganisasjonar:
Forskerforbundet 
Naturviterne 
Tekna

Finaniseringskjelder, også kommunikasjon av fag:
Forskningsrådet 
Kreftforeningen 
Dei regionale helseforetaka

Formidling av kunnskap og debatt:
Kreftregisteret 
Bioteknologirådet

Forskingsjournalistikk:
Apollon 
Forskerforum 
Dagens medisin 
Forskning.no

Senter og tverrfaglege satsingar:
Senter for framifrå forsking (SSF) 
KG Jebsen

Kommunikasjon og formidling ved universiteta (UiO som eksempel):
Forskingsformidling ved Medisinsk Fakultet 
Skolelaboratoriet ved UiO 
Bioteknologisenteret i Oslo

Farmasøytisk industri:
Patentstyret 
Abbot 
BioRad 
LifeTechnologies 
Fürst
Novartis 
GalxoSmithKline 
Mycoteam

Det er fleire arbeidsplassar som bør leggast til på denne lista, og du er velkommen til å poste dei i kommentarfeltet under. Sjølv om den er ufullstendig trur eg at lista illustrerer mangfaldet i arbeidsplassar der det er behov for og fokus på formidling av fagkunnskap.

Ta ein sjanse, send nokon ein epost og vis at du er interessert! Lykke til!

(Forsidebilde: Colourbox)