Publiseringskarusellen

Ein omfattande del av akademisk publisering er prosessen der ein artikkel går frå manuskript til publikasjon. I grove trekk går det føre seg slik: Manuskriptet vert sendt til ein journal som vurderer om dei synest innhaldet er passande i form og innhald. Dersom redaktøren positiv sender han/ho manuskriptet vidare til fagfellevurdering av to-tre internasjonale forskarar.

Forfattarane av manuskriptet får tilbakemelding etter 3-10 veker, der kommentarane frå fagfellevurderinga dannar grunnlaget for korleis redaktørane av journalen stiller seg til å publisere artikkelen. Oftast er endringar i manuskriptet ein føresetnad for avtale om publisering.

Tid er pengar
Bakgrunnen for denne modellen er å sikre at innhaldet i det som vert akseptert for publisering er fagleg solid og er dokumentert slik at det kan etterprøvast av andre forskarar. Det er eit stort press på forskarane om å oppretthalde høg frekvens i publiseringa for å sikre vidare finansiering, samt at journalane tener godt på hyppig publisering av nye funn. Dette er synleg i eit fells mål om at tida frå fyrste innsending til akseptert (elektronisk tilgjengeleg) artikkel skal vera så kort som mogleg, gjerne 2-6 månader.

Det er ulike tradisjonar innan fagfelta for kva som skjer vidare etter fagfellevurderinga, frå direkte avslag til akseptert med små eller store endringar. Formuleringa mange av journalane innan naturvitskapen nyttar er ”Vi kan dessverre ikke akseptere den nåværende versjonen av manuskriptet, men dersom dere kan respondere på kommentarene til fagfellene vil vi stille oss positive til å motta en revidert versjon av artikkelen om 3 måneder.” I klartekst tyder dette: GJER ALT DU KLARAR PÅ 3 MÅNADER!

Sidan redaktørane av store og anerkjende journalar ikkje kan vera ekspert på alle fagretningane under paraplyen, ligg det mykje makt i vurderingane gjort av fagfellene. Personlege synspunkt, ulik fagtradisjon, mykje anna arbeid og dårleg nattesøvn pregar formuleringa av kommentarar og forslag. Her møter idealet om tidseffektiv og objektiv vitskapleg publisering nokre utfordringar.

Kvantitering eller ikkje?
Her er to eksempel som illustrerer ulike synspunkt frå fagfeller: ”Det er essensielt at alle eksperiment der celler er analysert med mikroskop blir kvantitert, slik at det brukes numeriske verdier som argument for biologiske endringer og effekter.” I arbeidet med å revidere ein artikkel i tråd med ein slik kommentar er det viktig å få på plass gode metodar for kvantitering og presise statistiske testar.

Dersom tilbakemeldingane er heller noko i denne retninga ”det gir ikke mening å kvantitere mikroskopbildene som vist i Figur 3, da det er alt for mye variasjon i enkeltcellene som blir valgt ut til analyse”, er situasjonen ein annan. I dette tilfellet må revisjonstida inkludere alternative eksperiment og metodar som unngår det som fagfellen vurderer som subjektive utval av enkeltceller, sjølv om dette er både heilt vanleg og vart kontrollert på fleire måtar i eksperimenta som vart vurdert.

”Vi oss en molekylær mekanisme”
Den mest vanlege tilbakemeldinga frå fagfellevurderingane er at manuskriptet manglar å presentere ein molekylær mekansime som forklarer korleis protein/gen/faktor X fungerer i den bestemte prosessen. Dette kan høyrast sjølvsagt ut, men oppgåva er svært vanskeleg. Dei fleste av eksperimenta vi gjer gir oss indikasjonar om ein mogleg funksjon for faktor X, og det er summen av mange uavhengige og ulike eksperiment som gjer at vi foreslår ei bestemt biologisk arbeidsoppgåve for faktor X.

Det er svært sjeldan mogleg å planlegge eit eksperiment som definitivt kan vise at faktor X utfører akkurat denne bestemte molekylære detaljen, i denne bestemte prosessen, i desse cellene, på denne plassen i ein levande organisme som har vorte utsett for akkurat desse miljøpåverknadane, som saman med det genetiske utgangspunktet har gjort at ein kreftsvulst har begynt å utvikle seg. Men det er akkurat dette fagfellene spør om. Difor jobbar vi lange kveldar og helger.

Både meir og mindre, takk.
Tilbakemeldingane frå fagfellevurderingane resulterer stort sett i fleire eksperiment som må gjerast, meir data som skal analyserast og til slutt fleire resultat som skal pakkast inn i manuskriptet. Det er nyttig for at sluttproduktet skal verte enno meir solid, og slike kommentarar er stort sett fornuftige og hjelp til å heve nivået på innhaldet i artikkelen og konklusjonane frå den.

På motsett side har ikkje alle journalane forstått at internett er uendeleg stort, og jobbar fortsatt utifrå konseptet at den elektroniske versjonen av journalen berre er ei fancy pdf-utgåve av papirmagasinet. Artiklane skal då avgrensast i kor mange figurar og kor mange ord som kan få plass på dei tilmålte 7 pdf-sidene på internett (resten av innhaldet kan plasserast i ei supplementær, elektronisk pdf-fil, eit slags vedlegg). Dette resulterer ofte i beskjed frå redaktørane om at innhaldet bør komprimerast frå artikkel til rapport, der 3 av dei sju figurane bør eliminerast og 30% av orda må bort.

Kombinasjonen av desse to beskjedane er at revisjonen blir ein hårfin balanse mellom å ekspandere og å kondensere resultata. Mindre plass til å beskrive dei spennande oppdagingane gjer at artikkelen vert retta meir mot spesialistar, og når ein svært stor del av resultat må publiserast som supplementær informasjon elektronisk vert det vanskeleg for andre fagfolk å vurdere resultata som ligg bak dei sensasjonelle (og korte) setningane. Dette er verken til det betre for forskaren eller for lesarane, men er eit resultat av ein bransje med monopol på ein prosess som legg grunnlaget for tildeling av forskingsmidlar og karriere.

Alternative løysingar
Ikkje alle journalane høyrer til kategorien Nature, Science og Cell, der prestisjen over publisering legg store føringar for kva forfattarane er villige til å godta av svært omfattande revideringar. Eg vil trekke fram to eksempel som eg synest er spennande og litt annleis i denne konteksten. Søsterjournalane EMBO Reports og EMBO Journal har dei siste åra publisert ei eiga pdf-fil (saman med den vitskaplege artikkelen) som inneheld korrespondansen mellom forfattarane, redaktørane og fagfellene. Ei slikt dokument er svært nyttig for å bidra til ein open prosess rundt publiseringa, og hjelp lesarane til å sjå korleis sluttproduktet har blitt til og innsyn i prosessen undervegs.

Den nye journalen eLife publiserer også ei slik fil ved sidan av artiklane sine, men skilnaden her er at redaktøren kondenserer tilbakemeldingane frå fagfellene til ein samanhengande tekst som kun inneheld hovudkommentarane. Argumentet deira er at det er unødvendig for forfattarane å få tre separate tilbakemeldingar med 20 punkt som må adresserast i kvar av dei. Redaktørane i eLife meiner at dersom arbeidet er bra nok il å sendast til fagfellevurdering, skal det ikkje vere nødvendig med 3 månader og 50 nye eksperiment før publisering. Tilbakemeldingane vert då summert som ein konsis tekst, der redaktøren presiserer dei viktigast endringane som er nødvendige.

Publisering før PUBLISERING
Det vert også meir vanleg at fagfelta etablerer databasar som er designa for å laste opp manuskript og få tilbakemeldingar frå kollegaer før innsending til dei etablerte journalane. arXiv starta som ein arena for fysikarar i 1991, og er no utvida og oppdatert til ei rekke ulike fagfelt, der prepublisering av ufullstendige manuskript og hypoteser bidreg til ein direkte, men også ukontrollert, deling av idear og resultat. Tradisjonelt har nokre journalar vore skeptiske til å publisere data som allereie har vore tilgjengelege i ulike forum (gjennombrotsverdi), men det verkar til at også desse justerer seg etter kva forskarane treng og argumenterer for.

Kven veit, kanskje vert det slik i framtida at elektroniske notatbøker på laboratoriet vert kopla direkte til opne diskusjonsforum og databasar på nett. Dette kan gi nye moglegheiter for internasjonale samarbeid, kontinuerlig forbetring og spennande gjennombrot utan fagfellevurderingar som er skrivne i stein.

Powered by Labrador CMS