Sei velkommen til forskingsformidlarane!

Behovet for ein nyansert og kunnskapsbasert debatt har dei siste åra ført til eit auka fokus på formidling av nye forskingsresultat til eit allment publikum. Samstundes er det også eit stadig større fokus på formidling som ein del av ein akademisk kvardag og karriere. Eg meiner at store forskingssenter bør spele viktige roller som formidlarar an ny kunnskap. Ein strategi er å opprette ei stilling for ein forskingsformidlar.

Kommunikasjon for forskarar
Konkurransen om forskingsmidlane er svært høg, både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til debatten om korleis vi skal satse på den nye oljen, inneber den noverande situasjonen eit stort press på skriving av vellukka søknader, planlegging av internasjonale samarbeid og formidling av ambisjonar for forskingsprosjekta. I søknadsprosessar kan ein person med fokus på presis kommunikasjon bidra til å spisse både idear og forventingar til ny kunnskap innan feltet. Det er også rom for å gi stipendiatar og forskarar meir støtte og gode strategiar for effektiv kommunikasjon i vitskaplege tekstar, eit fokus som kan bidra til å heve forskinga til eit internasjonalt nivå.

Kommunikasjon til folket
Mange av dei større forskingssentera innan realfaga er samansett av forskingsgrupper med ulike fokus og interesser (til dømes Senter for framifrå forsking (SFF)). Nokre jobbar tett på menneske medan andre skildrar komplekse prosessar som gir kunnskap om naturen, der ideen bak satsinga på slike senter er å gje synergieffekt til prosjekt som kombinerer ulik ekspertise og innfallsvinklar. Desse strategiane krev også eit fokus på god kommunikasjon av idear, resultat og teknologi, tidkrevjande oppgåver som mange forskarar ikkje finn rom til i ein hektisk kvardag.

Her kan ein forskingsformidlar spele ei sentral rolle i å kommunisere translasjonsforskinga til eit allment publikum. Intervju med internasjonale gjesteforskerar, referat frå vitskaplege møter, tilgjengelege oppsummeringar av vitskaplege publikasjonar eller artiklar som skildrar nye fokusområder er berre nokre av moglegheitene for ei slik satsing. Samtidig kan også ein slik person bidra til utdanning av samfunnsengasjerte naturvitarar som bidreg til ein kunnskapsbasert debatt om til dømes global oppvarming og biologisk mangfald. 

Ny karriereveg for naturvitarar
Formidling skal vere ein av kjerneaktivitetane til universiteta, der bidrag til samfunnsdebatten står sentralt. Det manglar ei tydleg satsing på denne rolla som formidlarar, særleg frå dei store forskingssentera si side. Nettsida forskning.no og satsinga til Aftenposten Viten er to spennande arenaer der forskarane sjølve kan kommunisere forskinga si, men mykje av dette er frivillig arbeid som ikkje er direkte verdsett eller organisert av forskingsmiljøa.

Om universiteta og forskingsinstitusjonane sjølve vil ta ansvar for god formidling som bidreg til ny kunnskap og ei satsing på hjernekraft for framtida, trengs det folk med kompetanse og engasjement for kommunikasjon inn i forskingssentera. Aktuelle kandidatar til slike roller er til dømes PhD-studentar som er interesserte i andre karrierevegar enn eit klassisk akademisk løp. Mitt forslag er at forskingssenter og tverrfaglege satsingar opprettar stillingar for forskingsformidlarar som skal ha fokus på kommunikasjon av kunnskap både til forskarar og til folket.

Powered by Labrador CMS