Summer av entusiasme

Denne veka vart eg intervjua av Baksida til studentavisa Universitas. Det er nokre år sidan eg sjølv var student på Blindern, men eg hugsar at eg ofte las desse intervjua medan eg åt middag i ei av SiO-kantinene. Stort sett var intervjua både morosame og passeleg useriøse.

No har eg sjølv vorte offer for dette intervjuet, og syntes saka vart artig, med ein god blanding av fleip og fakta. Den bidreg i allefall til å fortelje at bananflugene er både nyttige og spennande i grunnforskinga!

Legg også merke til alle dei språklege referansane til noko som har med flugene å gjere, eg talde heile 7 stykk! 

Baksida på Universitas 8. oktober.

Powered by Labrador CMS