Takk til Kreftforeningen for stipend til utenlandsopphold

Førre veke vart forskingsmidlane frå Kreftforeningen delt ut, totalt heile 173 millionar kroner

Feiringa og utdelinga hadde tittelen Forsking på ramme alvor, og vart arrangert i ulike byar for å offentleggjere kven dei heldige vinnarane i 2014 er. På Radiumhospitlalet i Oslo vart programmet opna av Ulf Prytz, ein friskmeldt og livsglad mann med ei imponerande historie om å våge å leve eit rikt liv fult av familie og nye opplevingar. Dette gav kreftforskinga i eit viktig og inspirerande perspektiv for oss forskarar. Arbeidet vi gjer nyttar og er med på å redde liv. 

Forskar Hege Russnes heldt vidare eit interessant innlegg om kor viktig det er med samarbeid på tvers av landegrenser og fagdisiplinar for å finne ny kunnskap og nye metodar for diagnose og behandling. Det tredje punktet på programmet var to korte innlegg om kva forskingsmidlar frå Kreftforeningen har betydd for den enkelte forskar. Seniorforskar Jørgen Wesche fortalde om si karriere finansiert av Kreftforeninegn, og eg fekk takke og fortelje om utanlandsopphaldet (sjå under).

For min del var arrangementet ei viktig synleggjering av at det skjer mykje viktig forsking på høgt nivå på Oslo Universitetssjukehus, støtta med heile 69,2 millionar kroner i år. Eg er svært takknemleg til alle som har samla inn pengar til denne forskinga! Den er viktig for både forskarar, pasientar og framtidige generasjonar. 

 

Kva har utenlandsstipend frå Kreftforeningen betydd for meg?

Eg heiter Åsmund Eikenes og er stipendiat i gruppa til Harald Stenmark, i ei stilling finansiert av Kreftforeningen. Eg var heldig og fekk eit generøst utenlandsstipend i fjor sommar og budde midt i Los Angeles i solfylte California i 8 månader. Det er noko av det lurast eg har gjort i heile doktorgraden min.

Prosjektet eg har jobba med her på Radiumhospitalet har handla om celledeling og kreft, og laboratoriet eg besøkte i LA har eit fokus på stamceller og aldring. Eg var interessert i å prøve å kombinere min kompetanse med amerikanarane sine erfaringar og metodar, og resultatet vart som seg hør og bør både spennande og utfordrande. Eg vil trekke fram tre ting ved utanlandsopphaldet som har vore viktige både for meg og for forskingsprosjektet mitt.

For det første satte eg stor pris på å bli eksponert for ein amerikansk forskingstradisjon med høge forventingar til idear, resultat og betyding av forskinga si. Som gjestestipendiat ved UCLA fekk eg høyre ei imponerande rekke foredrag om det meste frå hjerneforsking til kreftbehandling, frå biofysikk til utviklingsbiologi. Heile tre nobelprisvinnarar var innom campus i løpet av 6 veker. Eit imponerande spekter av unge talent og erfarne forskarar gav inspirasjon til å tenke stort om mitt eige prosjekt og mine eigne ambisjonar.

Det å jobbe på eit amerikansk toppuniversitet tvinga meg også til å gjere nokre refleksjonar om kontrastane til norske tilhøve. Det vart naturleg å stille meg sjølv spørsmål som: Er prosjektet mitt på rett veg, er Radiumhospitalet på rett veg? Er det arbeidsinnsats, IQ eller noko anna som skil slike toppmiljø frå skandinaviske tilhøve?

Eg skal inrømme at eg i grunn vart litt letta då eg erfarte at mine amerikanske kollegaer også sleit med utstyr som ikkje samarbeida og cellekulturar som vart kontaminerte. Men det dei ikkje manglar, er trua på at ideen deira er knallgod.

I tillegg til inspirasjonen frå UCLA har desse erfaringane også gitt meg viktige perspektiv på mine eigne forskingsspørsmål og ambisjonar for forskinga vi gjer her på huset. Både på metodikk og innsats er vi på høgde med dei store i USA. Det viktigaste eg trur vi manglar er rom for store ambisjonar i ein kultur utan jantelov.

Som eit tredje punkt vil eg nemne at utanlandsopphaldet har trigga ei interesse for å fortelle gode historier om vitenskap. På UCLA fekk eg inspirasjon til å byrje å skrive om forsking, både på engelsk og på nynorsk, både for fagfolk og for svigermor. Eg vart positivet overraska over kor kjekt eg syntes det var å jobbe med ord og setningar for å formidle idear og resultat på ein best mogleg måte.

Eg skreiv om forskinga mi, om bananflugene vi har oppe i sjette etasje, om livet som PhD-student på besøk i Amerika, og om nye artiklar eg syntes var spennande. Uerfaren og smitta av den amerikanske draumen sende eg slike tekstar til mellom andre Aftenposten, til Nature, til eit norsk forlag og til bloggseksjonen hjå forskning.no.

Mi erfaring er at denne entusiasmen for formidling, for tydeleg kommunikasjon basert på engasjerande historier og gode spørsmål har gjort meg til ein flinkare PhD-student. Eg har vorte flinkare til å ta eit steg tilbake frå detaljane. Dette hjelp meg til å forstå korleis dei ulike delane av forskingsprosjektet mitt heng saman og kvifor det eg gjer er spennande og nyttig.

Resultatet av forskingsopphaldet i California er at i tillegg til at eg har lært mykje av det som trengs for å bli ein god forskar, har eg også fått smaken på ei rolle som forskingsformidlar. For meg har støtta frå Kreftforeningen vore svært viktig for å finne min plass i kreftforskinga.

Eg vil avslutte med å seie tusen takk til Kreftforeningen for støtta til åra som stipendiat og til forskingsopphaldet på UCLA. Eg vil også oppfordre kollegaene mine til å gjere det same. Reis ut, bli inspirert, og kom heim med nye planar og idear. God tur!

(Forsidefoto: Kreftforeningen) 

Powered by Labrador CMS