Tiden det tar

Forsking tek tid. Lang tid. Spørsmålet er om doktorgradsstipendiatar i det heile tatt får tid nok til å gjere eksperimenta som driv forskinga vidare.

Den normerte tida for eit moderne doktorgradsprosjekt er 3 år. Ideelt skal du starte, oppdage, publisere, revolusjonere, levere og disputere i løpet av 3 år. Dette kan verke som eit uoverkommeleg langtidsprosjekt, men tur meg, tida går fort. Sommar vert til haust og vinter vert til vår, og før du veit ordet av det, må du byrje å planlegge levering, disputas og avslutning.

Byråkrati

For å få tildelt doktorgraden ved eit norsk universitet er det ei rekke krav som må tilfredsstillast. Ved UiO er det for tida 30 studiepoeng som skal gjennomførast og godkjennast i løpet av PhD-perioden. Normert tid for 30 studiepoeng er om lag eit semester. Det var 3 år til doktorgradsprosjektet, men no er det berre 2 år og 6 månader att til å løyse kreftgåta.

Ved levering til Medisinsk Fakultet UiO skal komiteen ha 3 månader for å avgjere om avhandlinga er god nok til å forsvarast, og deretter treng byråkratiet heile 6 veker før disputasen kan gjennomførast. No er det berre 2 år og 1,5 månader att til å undersøke om gen X er viktig for at brystkreftceller kan spreie seg i kroppen.

Tidstjuvar

Møter, konferansar og seminar er alle viktige for å bli ein god forskar, for utan kommunikasjon til fagfeller får du problem med publisering og dermed eit stort problem med karriereplanlegging. Men møter tek tid, seminar skal planleggast og før du veit ordet av det er totalt 6 veker gått med til å høyre på andre snakke om forskinga si. No er det 1 år og 11 månader att til pengane tek slutt.

For å få levere, må du publisere. Omtrent slik er ein gjennomsnittleg publiseringshistorikk innan realfaga: 2 veker venting på negativ tilbakemelding frå eit tidsskrift, så 2 veker til reformatering av tekst for å passe til formatet til neste tidsskrift på lista. 4 veker venting ved innsending til nytt tidsskrift. Positivt svar med krav om fleire eksperiment. 3 månader til å gjere alle dei nye eksperiment og nye 4 veker venting på endeleg svar. Det er ikkje uvanleg at det tek 5 månader frå fyrste innsending til endeleg svar. No er det berre 1 år og 6 månader til adgangskortet ditt ikkje er aktivt lengre.

Bomskot

Dei fleste forskarar ynskjer å bidra med noko nytt til forskinga. Dette er ambisiøse og spennande prosjekt med potensiell høg gevinst. Men dette gjer også at fallhøgda er stor, og ofte er det tekniske eller biologiske grunnar til at ei rekke prosjekt vert lagt på is undervegs i ein doktorgrad. Å sette strek over 6 månader med feilsøking kan kjennast som eit stort nederlag, men heldigvis har rettleiaren din fleire andre prosjekt du kan byrje på. Men no er det berre 1 år att til å gjere alle desse spennande eksperimenta. Eksperiment som kan bidra til nye biomarkørar, nye hypotesar for kombinasjonar av cellegift eller grunnforsking som gir ny og langsiktig kunnskap om kreftceller.

Nokre stipendiatar er heldige som er tilknytt sentre og forskingsgrupper med ekstra finansiering, men det gjeld ikkje alle.

 

Det seier seg sjølv at alle fagfelt fortener meir enn 1 år effektiv og produktiv forsking for kvar stipendiat som vert tilsett.

 

To forslag:

1. Dropp kravet om publisering for å få levert avhandlinga.

Det er viktigare at stipendiatane lærer gode metodar og kritisk tenking enn at dei vert styrde av impact factor og jaget om karriere basert på falsk prestisje hjå tidsskrifta. Arbeidet vert kritisk vurdert av fagfeller i disputasen, det får duge.

2. Støtteordningar for 4-årige stipend.

Med for liten tid er ein hurtig-PhD ikkje verdt investeringa for nokon av partane. Ta forskinga på alvor og finn fram pengane som trengs.

 

Det er viktigare for kvalitet i forskinga at stipendiatane har tid til å gjere arbeidet skikkeleg enn at leiinga kan skryte av kven som utdannar flest PhDar.

(Forsidefoto: Colourbox)