«Transferable skills» for arbeidslivet

Livet som doktorgradsstudent kan i periodar vere svært krevjande. Arbeidsmengda som trengs for å få gjennomført dei avgjerande eksperimenta og analysane gjer det ofte vanskeleg å finne tilstrekkeleg tid til interesser utanfor jobben. Tidsfristar og krav frå journalar, samarbeidspartnarar og universiteta bidreg til at dei 3 åra som PhD-student kan kjennast nokså altoppslukande.

Samstundes prøver mange av oss å ha ein plan om karriere og framtid, og undrast kva forskarkompetansen kan nyttast til i arbeidslivet. Frå fleire hald vert eg fortalt at det er gjennomføringa og ikkje innhaldet i doktorgraden som er viktig, og at interesse utanfor det spesifikke faget kan spele ei stor rolle. Dette er ei utfordrande motsetning som vi ikkje snakkar nok om.

Potensielle arbeidsgivarar er som regel ikkje interesserte i om protein X bind til protein Y, men ser etter personlege kvalifikasjonar kopla til formell utdanning og relevant erfaring. Betyr dette at det faglege innhaldet i doktorgraden er irrelevant om du ser føre deg ei karriere utanfor akademia? Nei, eg trur ikkje det.

Det er viktig at doktorgradsarbeidet er utført detaljert og presist og at vi lærer å stille gode og engasjerande spørsmål. Men, eg trur også at mange doktorgradsstudentar kan ha nytte av å prioritere hobbyar og aktivitetar som utvider kompetansen og viser breiddeinteresse. Denne balansen er vanskeleg, og det er forståeleg at tida ikkje alltid strekk til.

Fleire av dei eg har snakka med om dette, folk som no har spennande jobbar utanfor akademia, fortel at dei var attraktive jobbsøkarar fordi dei kunne vise til erfaring og interesse utanfor det faglege innhaldet i avhandlinga deira. Politiske verv, deltaking i frivillige organisasjonar, blogging og interesse for undervisning var viktige faktorar.

I tillegg fortel dei at det er evna til kritisk lesing av fagstoff samt formidling til ulike publikum som er dei viktige eigenskapane dei har teke med seg frå doktorgradsarbeidet. Slike «transferable skills» vert ofte nedprioritert når arbeidet på labben tek overhand, og for mange er det fokuset på svært små detaljar som styrer kvardagane. Eg trur likevel at vi som PhD-studentar tidleg bør reflektere over kva eigenskapar og kvalifikasjonar i tillegg til utdanninga vår som vert viktige i framtidig jobbsøking.

Powered by Labrador CMS