Unyansert debatt om forskingskommunikasjon

Det er mykje snakk om god kommunikasjon av forsking for tida, og dette er også temaet for Forskingsdagane i år. Eg meiner at sjølv om alle er interessert i at meir forsking skal kommuniserast til samfunnet, har forskarar og journalistar ulike roller for å bidra til å formidle forskinga.  

Forskingskommunikasjon er eit tema som engasjerer. Fredag kveld var eg tilstade på ein paneldebatt på Litteraturhuset, der Morten Dælen, Nina Kristiansen, Thomas Evensen og Norith Eckbo diskuterte kva som trengs for å betre forholda for forskingskommunikasjon i Noreg. Diskusjonen vart leia av Mina Nærland, ansvarleg for Aftenposten Viten. 

Panelet diskuterte ei rekke ulike tema, mellom anna mangel på incentiv og teljekantar for formidling, nye former for kommunikasjon av forsking, og kvifor det er vanskeleg å få enno fleire forskarar til å bruke tid til å formidle. Denne debatten verkar å repeterast med jamne mellomrom utan konkrete løysingar eller endring i systemet.

Heller ikkje denne gongen kom debatten særleg vidare, med unntak av eit konkret spørsmål frå salen heilt til slutt: Kan innhaldet i undervisningsplikta for forskarane utvidast til å inkludere formidlingsarbeid? Bra forslag, vi får håpe dekan ved MatNat-fakultetet Morten Dælen vil ta det med seg vidare.

Som venta vart forholdet mellom forskaren og journalisten diskutert, med spørsmål om kven som har skulda for at forskarar kan karakteriserast som ”gjerrige med kunnskapen sin”. Panelet var einige om at samtidig med at det skjer mykje bra forskingsformidling i Noreg, kan både universiteta og institusjonane verte flinkare til å trene forskarane til å kommunisere forskinga si.

Det er ulike utgangspunkt for korleis forsking vert kommunisert til samfunnet i dag. Panelet på fredag hadde ikkje desse skilnadene klart føre seg, og på grunn av dette vart debatten til tider unyansert og rotete.

For å finne gode svar på korleis det vert betre plass til og rom for ulike typar forskingskommunikasjon i Noreg, treng vi å vere tydelege på at desse situasjonane involverer ulike yrkesgrupper med ulike intensjonar, roller og bakgrunn. Her er tre eksempel:

1. Ein forskingsjournalist tek kontakt med ein forskar for å lage ei sak.

Forskingsjournalistane skal vere kritiske, stille samfunnsrelevante spørsmål, og samtidig bidra til å heve kunnskapsnivået i befolkninga. Dei er stort sett kunnskapsrike og engasjerte i forsking, og dei vil bidra til at ny kunnskap kan sette dagsorden. Men, for å sitere Nina Kristiansen i panelet: ”Vi i forskning.no skal ikke skrive for forskningen, vi skal skrive om forskningen.” Den objektive og kritiske haldninga til både formatet og innhaldet i forskinga er styrken til journalistane.

Slik eg forstår det, er auka fagkunnskap og meir tid til grundig research dei viktigaste satsingane for å auke kvaliteten på forskingsjournalistikken. Tiltak for å hjelpe forskarar til å møte slike invitasjonar er også viktige, og er beskrive under neste punkt.

2. Ein forskar tek kontakt med ein redaksjon for å formidle forskinga si.

Forskarar er stort sett opptekne av forskingsarbeidet, undervisning, administrasjon og innovasjon, men ein gong i blant har dei tid og overskot til å formidle. Anten vert dei kontakta av ein redaksjon, eller så vil dei fortelle sine eigne historier om spennande grunnforsking, teoretiske berekningar eller nye teoriar om kjønn og samfunn. Til dagleg kommuniserer dei til andre forskarar, med komplekse stammespråk og faguttrykk. Den store utfordringa er at forskarar ofte har lite trening i å forenkle utan forbehold, og er usikre på korleis kollegaer vil respondere på at dei stikk hovudet fram og meiner noko.

I møtet med journalistar er både frykta og potensialet for misforståingar stort. Der journalistane treng meir kunnskap, treng forskarane trening i mediehandtering. Dei treng å lære seg grunnleggande teknikkar i å forenkle for forskingsjournalistar.

Dette tilbodet finnast gjennom fagforeiningar og kurs på institusjonane, men det verkar som terskelen for å bruke tid på akkurat dette er nokså høg. Premiering i form av undervisningsfritak eller forskingsmidlar vil vere ei mogleg løysing på denne utfordringa.

3. Ein forskar formidlar forskingsresultat utan å involvere forskingsjournalistar, til dømes gjennom foredrag, bøker og debattinnlegg.

Ein ny generasjon studentar ved MatNat-fakultetet kan no få heile 10 studiepoeng i vitskapskommunikasjon som ein del av bachelor-, master- eller PhD-graden sin. Dei får trening i ei rekke ulike typar tekstar og former for kommunikasjon, og nokre vil kanskje ta sikte på å leve av å formidle forsking.

Slike forskingsformidlarar, som i utlandet vert kalla for ’science writers’, driv forskingsformidling i eit format som er meir tilpassa den enkelte forskar sine behov og person, til dømes gjennom bloggtekstar, bøker, foredrag. Mange svært dyktige formidlarar bidreg til både kunnskapsheving og debatt ved å våge å vere synlege, tydelege og tilgjengelege.

Forskingsformidling på forskaren sine premissar treng betre kår, med støtteordningar, stillingar og utdanning. Vi treng også å debattere om alle skal drive med denne typen forskingsformidling. Eg meiner at vi skal kunne forvente av ein forskar at han eller ho er positiv når media tek kontakt, men ikkje at alle skal skrive bok eller blogge om forskingsprosjektet sitt.

Forskinga kommuniserast av skriveglade personar med ulike utgangspunkt:  journalistar og forskarar. Rolla til forskingsjournalistane er å kommunisere fakta, funn og oppdagingar til folk flest kvar dag, med utganspunkt i ei kritisk tilnærming frå eit journalistisk syn. På den andre sida tek forskarane utgangspunkt i fagstoffet, og vil helst fortelje gode, interessante og ofte detaljerte historier om forsking til lesarar som allereie er interesserte. Mange av oss med engasjement for forskingskommunikasjon ein stad midt mellom desse to ytterpunkta.

Både journalistar og forskarar treng kompetanseheving for å verte betre til å møte kvarandre og bidra til eit felles løft. Vi har alt å tene på god forskingskommunikasjon som bidreg til politiske endringar og utvikling av kunnskapsnasjonen vår.

(Forsidefoto: Colourbox) 

Powered by Labrador CMS