Useriøst frå forskning.no

Kan eg fortsette å stole på forskning.no når de meiner at data frå 20 personar over 2 veker er nok til å løyse kreftgåta?

Kjære forskning.no. Vi må ta ein prat, for dette er ikkje greit.

I dag dukka følgande post opp i Facebook-feeden min: Spis deg bort fra tykktarmskreft, illustrert av eit utval bønner og linser.

Skjermdump frå Facebook

Artikkelen er ei nøktern og lett tilgjengeleg omskriving av ei tilsvarande sak frå BBC Health, med greie oversettingar og ukomplisert copy-paste frå ulike pressemeldingar.

”Folk er opptekne av mat, folk er redde for å få kreft, denne overskrifta vert ein klikkvinnar!” har de kanskje tenkt i redaksjonen. Men å ta medisinsk forsking på alvor, det er visst ikkje så viktig for forskning.no.

Studien er publisert i Nature Communications (ikkje i Nature, slik forskning.no vil ha det til), og er frå eit internasjonalt team leia av Stephen O’Keefe frå University of Pittsburg, USA.

Kortversjonen av studien er følgande:

Mål: Kva skjer i tarmen ved ei drastisk endring av kosthaldet frå høgt feittinnhald til høgt innhald av fiber?

Oppsett: 20 afroamerikanarar og 20 afrikanarar i alderen 50-65 år bytta diett i to veker.

Data: Innsamling av urin, avføring og vevsprøvar frå tarmen før og etter bytte av diett. Analyse av typar bakteriar, enzym og celleforandringar i tarmen.

Konklusjon: ”Bemerkelsesverdige endringer i tarmen”, i bakteriefloraen og i metabolske enzym etter skifte av diett.

Når ein forsøksperson endrar diett skjer det altså endringar kva typar bakteriar som er i tarmen, og naturleg vis også endringar i kva enzym som trengs for å bryte ned maten.

Det skjer også endringar i kor ofte cellene i tarmen må bytast ut og i kva grad ein kan finne celler frå immunforsvaret i tarmen. Nokre av desse parameterane er tidlegare vist å kunne skje samtidig med utvikling av kreft. Kanskje er det dietten som fører til endringar i tarmen som over tid kan gi kreft?

Denne studien er viktig for å forstå kva som skjer i tarmen ved endring av kosthald, men åleine har den ingen definitive svar på kva eg og du kan gjere for å redusere kreftrisikoen vår.

Spennande forsking. Ikkje revolusjonerande, men ein viktig del av puslespelet.

Forskning.no sin tittel: SPIS DEG BORT FRA TYKKTARMSKREFT.

Er det berre eg som synest at dette er å kaste all fagleg tyngde over bord?

Kan eg fortsette å stole på forskning.no når de meiner at data frå 20 personar over 2 veker er nok til å løyse kreftgåta?

At de refererer til at forskarane sjølve er forsiktige og ser avgrensingar i resultata sine er bra, men innpakkinga de har gitt nyhenda trumfar forsøket på balanse og edruelig journalistikk.

Skal slike overskrifter stimulere seriøse fagfolk til å stole på journalistar frå forskning.no?

Etter min meining bidreg slike vurderingar – å lage overskrifter som ikkje har vitskapleg basis – til å lage eit skilje i korleis folk forstår forskingsnytt. Folk utan kunnskap kjøper tittelen for god fisk, mens fagfolk vert umiddelbart skeptisk til alt anna de skriv.

Forskning.no har eit stort problem dersom lesarar med fagkompetanse ikkje lengre vurderer redaksjonen som faglig solid og til å stole på.

Ingen andre enn annonsørane på forskning.no tener på slike useriøse, populistiske og svakt fundamenterte overskrifter.

Skjerpings!

Powered by Labrador CMS