Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– I Finland fokuserte lærarane i større grad på tavleundervisning og individuelt arbeid, seier forskar Jennifer Maria Luoto.

Kva skil matematikkundervisinga i Noreg og Finland?

Det finske skulesystemet blir ofte framstilt som svært vellukka. Fersk forsking på matematikkundervisning nyanserer biletet.

– Det er mange oppfatningar om det finske skulesystemet som ikkje har så mykje å gjere med det som faktisk skjer i klasserommet. Det motiverte meg til å forske på temaet og samanlikne undervisningspraksis i dei to systema.

Det seier Jennifer Maria Luoto. Ho er sjølv finsk og har skrive doktorgrad om undervisningskvalitet i matematikk basert på åtte finlandssvenske og åtte norske klasserom i hovedstadsregionane.

Studien er del av videostudien LISA (Linking Instruction and Student Achievement), der forskarane filmar undervisning i nordiske klasserom. Fokuset var på korleis lærarane underviste.

Lite felles forståing

– Dei finlandsvenske lærarane fokuserte i større grad på tavleundervisning og individuelt arbeid, og der elevane jobba lite i grupper, seier ho.

Det er også interessante likskapar i korleis faget blir presentert for elevane, forklarar Luoto.

Eit eksempel på likskap er det forskaren kallar eit proseduralt fokus i undervisninga. Her er det fremst fokus på korleis dei går fram for å løyse oppgåvene.

Ein annan måte å undervise på, ifølgje Luoto, er å belyse konseptuell forståing i matematikk. Denne undervisningsmåten handlar for eksempel om å diskutere med elevane om kvifor bestemte framgangsmåtar fungerer og kvifor andre ikkje gjer det.

Det var lite av denne typen undervisning i både den finlandsvenske og norske skolen.

– Vi veit frå skuleforsking at elevane forstår matematikk betre når det vert fokusert på sjølve konsepta i matematikken. Det vil seie korleis matematiske idear heng saman og ikkje berre korleis ein går fram for å løyse oppgåvene, fortel Luoto.

Likevel finn altså ikkje forskarane særleg mykje av denne typen undervisning i klasseromma.

– Å ha mest fokus på prosedyrar er det som er vanlegast i klasseromma globalt, så eg vart ikkje veldig overraska av dette.

Ulike arbeidsformar

Eitt av dei andre funna i avhandlinga handlar om korleis elevane jobbar i timane.

– Vi veit frå andre liknande studiar at det er blitt vanlegare i Noreg at elevane jobbar i lag, medan dei finske jobbar mykje åleine. Dette fekk vi stadfesta også i denne studien, seier Luoto.

Lekser er eit omstridt tema i mange fag. Luoto og kollegaene blei overraska over at lærarane i dei ulike landa fokuserte så ulikt på lekser.

I Finland fekk elevane lekser jamt, og dei vart fylgt tett opp i klasserommet dagen etter. Dei norske elevane fekk nesten aldri lekser, og når dei fekk det, så var det ikkje diskutert eller fylgt opp i undervisninga.

Luoto forklarer at dette var ein av dei største skilnadene. I den finske skolen fungerte leksene som eit lim frå ein leksjon til neste. Det var naturleg for lærarane å knyte innhald frå førre leksjon til dagens tema med utgangspunkt i leksene.

Ifølgje Luoto kan det diskuterast kvifor ein i det heile tatt skal ha lekser i den norske skolen når dei ikkje brukast i undervisninga eller blir fylgt opp.

I det norske klasserommet Luoto og kollegaene studerte, var det meir gruppearbeid samt bruk av klassesamtaler. I slike samtaler inviterte dei norske lærarane elevane oftare til å reflektere rundt faglege spørsmål i plenum.

Det særmerkte ved matematikkundervisinga

Forskaren forklarer at studien kan vise kva som er særmerkt ved matematikkundervisinga i dei to ulike landa. Den kan vise vegen vidare for utvikling av undervisning i begge land.

– Vi kan inspirerast og sjå nye moglegheiter.

Luoto fortel at det er behov for å endre på undervisinga for å gjere elevane i stand til å jobbe med komplekse tema.

– Funna viser også at dei finske lærarane i større grad kan variere meir i undervisninga.

Resultata viser også at lærarane i Noreg kunne jobba meir heilskapleg og la timane i større grad bygge på kvarandre, slik som i den finske klassa. Det gjer det enklare for elevane å sjå den raude tråden i undervisinga.

Uansett ynskjer Luoto at lærarar kan få nye idear til å utvikle eiga undervisning.

– Eg håpar at resultata frå forskinga mi kan inspirere politikarar og andre skolengasjerte å ta del av empirisk klasseromsforsking for å nyansere debatten om kva vi kan lære av «vellukka» skolesystem.

I tillegg kan forskinga inspirere lærarar og lærarutdannarar til å sjå løysingar som kan vere relevante for undervisning i sine eigne klasserom, meinar Luoto.

Referanser:

Jennifer Maria Luoto mfl.: Patterns of instructional quality in Finnish and Norwegian lower secondary mathematics classrooms. Artikkelen inngår i Luotos doktoravhandling Exploring, understanding, and problematizing patterns of instructional quality: A study of instructional quality in Finnish–Swedish and Norwegian lower secondary mathematics classrooms. UiO, 2021

Kort fortald

  • Studien er del av videoforskingprosjektet Linking Instruction and Student Achievement (LISA).
  • Forskarane filma 47 timar på sjuande og åttande trinn i åtte klasserom i Helsinki og Oslo.
  • Formålet var å samanlikne undervisninga i dei to ulike klasseromma og undervisingskontekstane.
  • Sjå førelesning med Luoto om undervisningskvalitet i matematikk
Powered by Labrador CMS