Arkiv: Dei fornybare

Blogginnlegg fra 2011 til 2015. Skrevet av Erling Holden, Bente Johnsen Rygg, Tyson Weaver, Johannes Idsø, Ole I. Gjerald, Geoffrey Gilpin og Markus Steen, fra FME CenSES (Centre for sustainable energy studies).

Havvind er framtidsretta

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Marius Korsnes, stipendiat ved Senter for teknologi og samfunn, NTNU

Gjennom ulike forum har den norske stat gong på gong slått fast at det skal leggjast til rette for både lokal og berekraftig industri. Likevel er det lite industri innan ny fornybar energi som veks på initiativ frå styresmaktene. Den norske solskinshistoria REC har lite å gjere med norsk næringslivspolitikk. Og når det gjeld offshore vind, ser det ut til at styresmaktene automatisk koplar ut etter å ha høyrt det første ordet: dei tenkjer i staden berre «olje og gass».

Stortingsmelding av 14. juni 1971, som seinare har blitt kalla “Dei ti oljebud”, vart skrive med tanke på at ressursane på den norske kontinentalsokkel kom heile det norske samfunnet til gode. Dei ti oljebuda har påverka norsk tankegang rundt forvalting av sokkelen, og dei var grunnleggande for suksessen norske selskap seinare fekk i olje og gassutvinning her. Sidan den gong har dei auka kunnskapane rundt klimaendring gjort buda mindre glamorøse. Men kanskje det er på tide å inkludere vindressursane på kontinentalsokkelen inn i denne tankegangen?

I oljebud nr. tre heiter det «At det med basis i petroleum utvikles ny næringsvirksomhet.» Ein må absolutt seie at staten har lukkast i denne strategien. Staten har drive ein effektiv næringspolitikk mot olje og gassbransjen, der subsidiar og gunstige skattevilkår har vore svært viktige medspelarar i industribygginga. Men kven hadde trudd i 1971 at ein ‘basis i petroleum’ kunne bety ein so grøn industri som havvindindustrien? Noreg set med eineståande kunnskap innanfor offshorenæringar, ein kunnskap som det har tatt fleire tiår å tileigne seg, men som det i dag hastar med å få tatt i bruk på havvind. Vi har eit komparativt fortrinn som går ut på dato om det ikkje nyttast. Om vi ønskjer å utvikle ny næringsverksemd må vi leggje til rette for havvind i dag.

Statkraft og Statoil er dei to norske selskapa som i dag har satsa mest på havvind. Og det skulle også berre mangle. Staten er hovudeigar i begge desse selskapa, og i statens eigarskapsmelding er det slått fast at det skal leggjast til rette for industri her i Noreg, og at begge selskapa skal ha verksemd som er retta mot fornybar. Her kan ein stille spørsmål om dei har fått nok statleg oppfølging: riktig nok har Statoil bygd Hywind, verdas første flytande turbin, og Statoil og Statkraft administrerer store vindparkar til havs – i  Storbritannia – men det ser ikkje ut til at dei rettar seg inn mot nokon spesiell industribase for havvind her i Noreg. Kvifor har dette ikkje blitt følgt opp av styresmaktene?

Etter finanskrisa finnast det svært få investorar i Noreg som ønskjer å investere i vindkraft. Det er ikkje slik at vindkraftprosjekt i dag er direkte ulønnsame. Nei, det er berre det at profitten innan olje og gass er mykje høgare. Vindkraft er smart både på lang og kort sikt, ikkje berre utifrå eit klimaperspektiv, men også frå eit økonomisk perspektiv. Og det er hovudsakleg staten som kan drive igjennom ei fornybarsatsing, til dømes ved bruk av midlar frå nettopp oljeinntektene, eller gjennom sitt eigarskap i Statoil.

Det er ingen grunn til at Statoil skal investere i oljesandutvikling i Canada, eller oljefelt i Nigeria, medan ei satsing på havvind vert avblåst på grunn av ein manglande marknad innanlands. Med litt framsyn ser ein at kunnskap som utviklast langs Norskekysten på eit tidspunkt kan bli svært nyttig i utlandet. Havvind ligg til dømes svært høgt oppe på agendane i land som Kina, Japan, Sør-Korea eller USA, i tillegg til dei som satsar langs Nordsjøen her i Europa. Det er ingen grunn til at dei reglane som til dags dato har fungert for olje og gass-suksessen i Noreg, ikkje kan fungere for ei havvindnæring i Noreg.

I 2012 kom det fram at vindparkar som etablerer seg langs Norskekysten kan tene på oljeskatten – 78 % i skattefråtrekk på investeringar. Havgul, selskapet som utviklar havvindparken Siragrunnen, seier at prosjektet deira er eit reint olje og gass prosjekt. Kanskje er dette den einaste måten ein kan klare å få gehør hjå styresmaktene? For å slå gjennom med vindkraft i Noreg i dag må ein kanskje opptre som får i ulvekle?

Powered by Labrador CMS