Arkiv: Dei fornybare

Blogginnlegg fra 2011 til 2015. Skrevet av Erling Holden, Bente Johnsen Rygg, Tyson Weaver, Johannes Idsø, Ole I. Gjerald, Geoffrey Gilpin og Markus Steen, fra FME CenSES (Centre for sustainable energy studies).

Korleis vere rådgjevar og debattant i grøne konfliktar? Fornybarforskarens dilemma

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Ole I. Gjerald

Med vindkraft for klimamåla
Det er fleire grunnar til at Noreg bør satse offensivt på vindkraft. Forsyningstryggleik og sikker tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk stabilitet og vekst. Oljeproduksjonen på norsk sokkel har avteke med 4 % per år etter oljeutvinningstoppen i 2000. Kjeller Vindteknikk sine kartleggingar av norske vindressursar syner dessutan at forholda er optimale for vindkraftproduksjon. Vi har teknologiske løysingar som opnar for ei storstilt utbygging under norske klimatilhøve. Det grøne sertifikatsamarbeidet med Sverige, som skal gje 26 TWh ny fornybar energi det neste tiåret, skal elles medverke til meir føreseieleg finansiering for nye vindkraftprosjekt.

EU sitt fornybardirektiv er for lengst innarbeidd i EØS-avtalen og gjev retning for norsk energipolitikk. Noreg forhandlar no med EU om målfastsetjingar. Vi skal følgje EU sin tempoplan for å auke delen ny fornybar energi i kraftforsyninga og i utforminga av ein meir berekraftig energibruk. Auka vindkraftproduksjon vil vere eitt av fleire avgjerande grep for norsk måloppnåing i 2020.

Reduserte klimagassutslepp er eit hovudmål i energi- og miljøpolitikken. Målet om å redusere bruken av fossil energi var ei grunngjeving for stiftinga av Enova i 2001 og Energifondet for fornybar energi året før. Ein langsiktig strategi der meir fornybar energi erstattar kraftproduksjon frå fossile energikjelder er ei logisk oppfølging. Dette vil også kunne hindre forkjemparar for urensa gasskraft eller kjernekraft i å vinne fram. Mange miljøaktivistar ønskjer med bakgrunn i målet om reduserte klimagassutslepp nye vindkraftverk velkomne.

Men nettet toler ikkje meir
Det er fleire grunnar til at Noreg ikkje bør satse offensivt på vindkraft. Eg studerer teknologiske og ikkje-teknologiske hindringar for fornybar energi. Innvendingane eg møter hjå vindkraftselskapa er at konsekvensutgreiingar og konsesjonsprosessar er tid- og ressurskrevjande. Dei peikar dessutan på liten saksbehandlarkapasitet i NVE og manglande investeringsstøtte frå Enova. Svaret som likevel peikar seg ut, handlar om infrastruktur for energitransport: Det er ikkje plass til fleire straumprodusentar med dagens nettkapasitet. Spørsmålet er altså ikkje berre om vi bør, men om vi kan satse offensivt. Før fleire hurtigroterande vindturbinar i 90m høge master kan hauste energien i tverrsnittet dei sveipar, må nettet oppgraderast.

Dyrt og stygt
Her ligg kan hende ei hovudårsak til at Noreg ikkje bør satse offensivt på vindkraft: Det må reisast master i opne landskap, ryddast kraftgater gjennom djupe skogar, leggast kablar over sjø og land, etablerast transformatoranlegg i lokalsamfunna våre og byggast kaiar og tilkomstvegar for brei og tung last. Alt for at ny fornybar og “miljøvenleg” energi skal ha sikker kraftoverføring til forbrukarar og kraftkrevjande industri – nasjonalt og i utlandet. I tillegg utgjer vindturbinane det enkelte meiner er visuell forureining. Mange naturvernarar aksepterer ikkje ei slik utvikling i landet der fornybar energi alt står for 97 % av straumproduksjonen.

Kva kan forskarane gjere?
Kva rolle kan forskinga spele i vindkraft- og kraftlinedebatten? Med ein naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg og teknologisk del definerte Samarbeidsutvalet for klimaforsking i 1998 forsking på miljøvenleg energibruk og forsking på ny fornybar energi som viktige deler av klimaforskinga. Forskarane som fell inn under definisjonen er mange, og dei spenner fagleg breitt. Men kva vert eigenleg forventa av forskingsmiljøa, og kva kan dei bidra med?

Mange har forventningar
I det tverrfaglege programmet for fornybar energi ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane møter vi forventningar frå fleire sider i energidebatten. Enkelte kraftselskap spør om vi som forskarar i botnen er ein gjeng natur- og miljøaktivistar som motarbeider kraftindustrien. Kraftutbyggingsmotstandarar ytrar gjerne ein liknande skepsis: For er ikkje vi forskargruppa for fornybar energi, kanskje? Ein smalspora alliert med utbyggingskåte kraftselskap, opptekne av teknologiutvikling og auka produksjonsvolum?

Vi skal bringe ny innsikt
Eg meiner energi- og klimaforskarar primært har ansvar for å bringe ny innsikt inn i energidebatten: Forsking kan belyse konkrete spørsmål ved kostnadane ved den 90 km lange 420 kW kraftleidningen langs Hardangerfjorden, vurdere forsyningsrisikoen i Bergensregionen og peike på konsekvensar når straumtilførselen fell bort. Forsking kan bidra med kunnskap om kor viktig det er å forankre kraftutbyggingar lokalt, og medverke til at det vert teke omsyn til demokrati og folkeleg engasjement. Forsking kan syne om grøne sertifikat gjev endra CO2-utslepp, om ordninga skaper nye arbeidsplassar i distrikta, om ho råkar enkelte forbrukargrupper på utilsikta vis og om risikoen ved å investere i vindkraft endrar seg. Forsking kan syne korleis den potensielle engergieffektiviseringa på 5,3 TWh, som Enova i 2009 avdekka innanfor nokre avgrensa industrisektorar i Noreg, kan realiserast. Ein føresetnad er at forskarane er tydelege på perspektiva dei legg til grunn for svara dei gjev.

Må ta del i debatten
Debatten om energibruk og -produksjon står seg i tillegg på at forskarar med ulik bakgrunn tek del. Når kjenslene er sterke og problemstillingane komplekse, treng vi forskarar med kunnskap og meiningar som stiller spørsmål ved, og nyanserer, spissa medievinklingar. Slik vert også politikarane sitt vedtaksgrunnlag styrkt.

Dersom vi ikkje skal basere framtida på kjernekraft og store uttak frå fossile energikjelder, trur eg forskinga sin viktigaste jobb er å formidle at dei komplekse utfordringane krev samansette og heilskaplege løysingar. Vi må sjå det breie biletet. Energi- og miljøutfordringane er ei sak; vi må tenkje globalt og handle lokalt. Verdas befolkning aukar med 50 % frå 2000–2050. Skal vi nå klimamåla frå København 2009, må verda redusere samla utslepp av drivhusgassar med 50 % i same periode.

Auka trong for energi
Det internasjonale energibyrået (IEA) ventar at verdas trong for energi aukar med 60 % alt fram til 2030; minst 2/3 av auken kjem frå utviklingslanda. Sjølv om Europa realiserer potensialet for energieffektivisering i industrien, hushaldningane og i transportsektoren, vil verda trenge meir ny fornybar kraft. Eg meiner difor forskinga må understreke at eit vidareutbygd kraftlinenett er å sjå på som ei nødvendig klimaløysing, fordi det gjer det mogleg å erstatte fossil energibruk med fornybar energibruk. At energieffektiviseringa sitt enorme potensiale må realiserast for å unngå unødvendige naturinngrep. At fokuset på demokratiske prosessar må skjerpast, slik at biologisk mangfald, kulturminne og naturlandskap får ei gjennomtenkt behandling i energijakta. At vi må forske offensivt på energiteknologi og karbonfangst, fordi teknologiutvikling og berekraftige energiløysingar heng i hop. Mange brikker må på plass samstundes, dersom fleire enn vi som lever i den vestlege verda skal få dekka grunnleggande energibehov innanfor ei berekraftig ramme. Og forskarane har ei aktiv rolle å spele for å fram alle sider i debatten.

(Kronikken er også publisert i Bergens Tidende 13. april 2011).
 

Powered by Labrador CMS