Arkiv: Dei fornybare

Blogginnlegg fra 2011 til 2015. Skrevet av Erling Holden, Bente Johnsen Rygg, Tyson Weaver, Johannes Idsø, Ole I. Gjerald, Geoffrey Gilpin og Markus Steen, fra FME CenSES (Centre for sustainable energy studies).

Miljøorganisasjonane sin plass i energidebatten

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Ole Inge Gjerald

Klimautfordringane har dei siste to tiåra skapt ei politisk forståing for at det er naudsynt å gå bort frå fossil energi og i større grad produsere og bruke energi og kraft basert på fornybare energikjelder. I Europa gjennomfører både EU og nasjonalstatar omfattande politiske tiltak for å fremje produksjon av fornybar kraft. I USA og i store vekstøkonomiar som Brasil og Kina vert det for tida investert eventyrlege summar for å utvikle ny fornybar energiproduksjon. Noreg har dei siste tjue åra vore eit annleisland i forhold til våre europeiske grannar: Kraftproduksjonen har stagnert, og i motsetnad til andre nordiske land har vi heller ikkje satsa stort på biobrenselbasert fjernvarme eller vindkraft.

Olje– og energiminister Ola Borten Moe har denne sommaren freista å ta eit oppgjer med dei som står på barrikadane for å hindre utbygging av leidningsnettet, etablering av småkraftverk og utvikling av vindparkar. Han er offensiv på vegne av den norske kraftbransjen, og han har utvilsamt ambisjonar om å føre Noreg vidare som ein energieksportør verda kan rekne med. Også fossil energi vil vere ein viktig del av energimiksen, hevdar han, men dette skal ikkje stå i vegen for ei storstilt satsing på fornybar energi.

Frå utsida har det i noka grad sett ut som Borten Moe har skore heile miljørørsla over ein kam. Etter at klimatrusselen for alvor kom på den politiske dagsorden, har vi nemleg vore vitne til ei splitting mellom tradisjonelle naturvernarar og dei som har retta sitt hovudengasjement mot globale klima– og miljøutfordringar. Statsråden sitt oppgjer med miljørørsla har utvilsamt medverka til at vi har fått fram dette nyanserte biletet. Debatten har synleggjort kvar ulike fløyer i miljørørsla står i energispørsmålet. Det er bra.

I etterpåklokskapens teikn burde olje– og energiminister Ola Borten Moe truleg vore meir presis og retta sitt hovudskyts mot til dømes Naturvernforbundet og deira meiningsfeller. Organisasjonen er svært restriktiv i sitt syn på utbygging av fornybar energi, og ynskjer korkje utbygginga av vindkraft eller meir vasskraft særleg velkomen. Det var difor uheldig då statsråden adresserte sin bodskap så upresist at den ramma miljøorganisasjonar som Bellona og Zero like hardt. Og sjeldan har vi sett Bellona-leiar Frederic Hauge så rasande som då han tok føre seg energiministeren etter utspelet om at miljørørsla ikkje har monopol på verkelegheitsoppfatninga i energipolitikken. –Vi har ikkje meir å prate om før du ber om orsaking for å ha spreidd løgner, dirra Hauge. Både Bellona og Zero ønskjer m.a. meir vindkraft, og har ved ei rekkje høve gjort det klart at vi treng større nettkapasitet for å realisere meir fornybar energi i Noreg. Orsakinga kjem ikkje med det fyrste, om vi tolkar svara frå Borten Moe rett.

Eg trur ikkje den norske energi– og miljødebatten står seg på ein slik stillingskrig. Stein Arne Bakken i energibransjen sitt eige fagblad Energiteknikk (6/2011) har truleg rett når han hevdar at det for energibransjen er særs viktig å ha miljøorganisasjonar som Bellona og Zero med i debatten når det skal takast eit krafttak for å produsere meir miljøvenleg energi her til lands.

Energidebatten framover vil fort stå mellom dei som meiner at Noreg ikkje skal ha ambisjonar utover det å vere sjølvforsynte med kraft, og dei som hevdar vi må nytte energiressursane våre for å medverke til å løyse globale klima– og miljøutfordringar. Enkelte i den siste gruppa vil hevde at det i tillegg opnar for interessante økonomiske mulegheiter å t.d. nytte norske energifortrinn for å hjelpe EU-landa til å oppfylle sine fornybarmål. Vindparkar, vasskraft, eit utbygd nasjonalt linjenett og utanlandskablar for europaeksport betyr industriutvikling, arbeidsplassar og inntekter.

Energidebatten representerer slik sett eitt av dei mest sentrale samfunnsspørsmåla Noreg kan setje på dagsorden no – ikkje minst fordi det er så mange andre omsyn som vil påverke dei energipolitiske prioriteringane våre i åra som kjem. Klima-, energi-, og næringspolitikk grip inn i kvarandre slik at tiltak på eitt av områda snøgt får konsekvensar på dei andre. Norsk Industri har difor eit poeng når dei seier desse politikkområda må sjåast i samanheng. Men; eg trur vi må passe oss for å la næringspolitiske interesser åleine styre dei energipolitiske beslutningsprosessane. Og nettopp dette er hovudårsaka til at stillingskrigen mellom olje– og energiminister Ola Borten Moe og Frederic Hauge må opphalde. Utan ein kritisk heilskapsdebatt om Noreg si framtid som energiproduserande nasjon, der heile spekteret av miljøorganisasjonar deltek, vert energidebatten fort redusert til ein klassisk vekst-mot-vern-debatt. Ein smidig overgang til eit samfunn som baserer seg på ny fornybar energi og meir energieffektive og berekraftige løysingar spring ikkje ut frå ein slik debatt. 

Powered by Labrador CMS