Arkiv: Dei fornybare

Blogginnlegg fra 2011 til 2015. Skrevet av Erling Holden, Bente Johnsen Rygg, Tyson Weaver, Johannes Idsø, Ole I. Gjerald, Geoffrey Gilpin og Markus Steen, fra FME CenSES (Centre for sustainable energy studies).

Vindkraftutbygging i kommune-Norge

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Bente Johnsen Rygg, stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I mange år har regjering og Storting sett seg som mål å auke produksjonen av fornybar energi frå vindkraft. Så langt har lite skjedd. I 2005 vart det produsert 0,5 TWh vindkraft. I 2009 hadde dette auka til 1,0 TWh, medan målet var 3TWh produsert vindkraft årleg innan 2010. I løpet av dei siste fire åra har det berre opna ein ny vindkraftpark i Norge, Mehuken i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.

Uavhengig av statlege målsettingar er det i norske kommunar bygginga av vindparkar må skje. Per i dag er det berre bygd vindparkar i kommunar der kommunen sjølv er positiv til utbygginga. Vindkraftutbygging er eit omstridt tema og det er ikkje så rart, det er eit stort inngrep samtidig som det er relativt nytt i Norge. I dag har vi 12 vindparkar i Norge med tre eller fleire turbinar, medan det er meldt vindkraftprosjekt med berekna produksjon tilsvarande 66,5 TWh. I debatten vert ofte NIMBY - Not In My Backyard brukt som ei forklaring på at mange lokalsamfunn ikkje ønskjer vindparkar i sitt område. Samstundes er haldninga til vindkraft på nasjonalt plan stort sett er positiv.

I løpet våren og hausten 2009 gjorde eg intervju med kommunar som hadde vindparkar under planlegging eller i drift. Vindparkar skapar debatt og konflikt i mange lokalsamfunn. Eg ville vite korleis desse kommunane tenkte og argumenterte rundt vindkraftetableringa. Er det eit ønske om å bida til å motverke klimakrisa, eller er det inntekter og arbeidsplassar til lokalsamfunnet? Kva var motargumenta?

I alle kommunane har det vore større eller mindre grad av konflikt knytt til vindkraftetableringa. Ein skulle kanskje forvente at det stort sett er dei same argumenta som vert brukt, både for og mot, men det viste seg å vere store lokale variasjonar. Noko overraskande var det få som framheva miljøargumentet og eit generelt aukande behov for fornybar energi. Kvar kommune er unik, og særtrekk ved naturen og lokalsamfunnet prega debatten rundt utbygginga. Likevel, felles for mange av kommunane var at dei la vekt på kva fordelar kommunen og lokalsamfunnet vil få gjennom utbygginga.

Dei fleste kommunar får ei eller anna form for inntekt frå vindparken, enten i form av eigedomsskatt eller kompensasjon frå utbyggar. Dei kommunane som gjerne har dei beste føresetnadane med gode vindforhold er ofte små kystkommunar med lavt folketal, her finst det sjølvsagt unntak. For desse kommunane er inntektene frå vindparken desto viktigare, det same er eventuelle arbeidsplassar, sjølv om det kanskje ikkje er snakk om meir enn ein eller to. I tillegg får grunneigarar også leigeinntekter for arealet som vert brukt til vindparken. For mange blir dette ei viktig inntekt i tillegg til tradisjonell gardsdrift.

Å bygge ein vindkraftpark i eit slikt kystlandskap vil utan tvil medføre store endringar i landskapet. Vindturbinane i seg sjølv er ein ting, samstundes skal det også byggast eller utbetrast vegar, linjenett og i nokre tilfelle kaianlegg for å få vindturbinane i land og frakta til vindparken.

Konsekvensane ei eventuell vindkraftutbygging vil få for landskap og lokalsamfunn er omdiskuterte. Mi erfaring, etter å ha snakka med kommunane, er at motstand mot utbygging er tett knytt til uro for konsekvensar for landskap og det visuelle uttrykket i området. I tillegg har det vore konfliktar knytt til arealbruk og inngrep i naturen, kulturminnesmerke og påverknad på dyre- og fugleliv. Eit eksempel her er havørnbestanden på Smøla, og problem med kollisjonar mellom havørn og vindturbinar. Av andre og meir uvanlege argument var frykt for at olje frå turbinane skulle forureine drikkevatn.

Det som likevel kjenneteiknar kommunane som har sagt ja til vindpark er positive politikarar og kommuneadministrasjon, og eit lokalt næringsliv som har ønskt ei slik etablering i kommunen fordi dei har sett vindparken som ein moglegheit til vekst og ny næring. Gjennom samarbeid mellom viktige lokale aktørar har argumenta ”for” vunne fram. På sikt vil det vise seg kor mykje kommunen og lokalsamfunnet faktisk sit att med.
 

Powered by Labrador CMS