Er det blitt sundt å være overvektig?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av John Roger Andersen

Avstanden mellom magen min og tastaturet er i skrivande stund kanskje endå litt mindre enn før jul. Ikkje noko nytt eigentleg. Slik er det kvart år, tenker eg. Så kjem eg på eit sitat frå professor Steven Blair, og må smile litt.

«Eg brukar å fortelje folk at eg var kort, feit og skalla når eg starta å jogge, men etter at eg har jogga kvar dag i 30 år og tilbakelagt over 112000 kilometer, så er eg framleis kort, feit og skalla. Men eg er i mykje betre form enn om eg ikkje jogga” (mi oversetting)[1].

Blair er «fit-fat hypotesa» sin far, og ingen kven om helst. Forskinga hans visar at om du held deg i ok fysisk form ved å ha rikeleg med fysisk aktivitet, så er utsiktene til å bli rimeleg gammal gode sjølv om du skulle vege nokre kilo for mykje.  Men forskinga hans viser også at fedme er ein sterk risikofaktor for dårleg fysisk form. Det er altså eit men her. Du må «bevega røvi di», som dei seier der eg kjem frå.

Sist veke kom det derimot ein ny studie, som snur mykje at det vi har trudd på hovudet.  Studien vart publisert i JAMA, og viser at personar med kroppsmasseindeks(KMI) mellom 25-29,9 og mellom 30 og 34,9 hadde henholdsvis 6 og 5 % lågare dødelegheit enn normalvektige (KMI: 18,5-25)[2]. Berre kroppsmasseindeks over 35, var ein risikofaktor for dødelegheit (+29 %).  Denne studien var ein samanfatning av 97 studiar med 2,88 millionar personar, ein såkalla meta-analyse.

Forskarane bak studien seier at det er mogleg at resultata delvis skuldast at KMI ikkje er eit godt mål for fedme fordi det ikkje skil mellom feitt og musklar, samt at det faktisk kan vere ein fordel med å ha nokre kilo ekstra dersom ein skulle bli alvorleg sjuk.

Så kva betyr dette? Er det sunt å være overvektig? Er faren med den såkalla fedmeepidemien overdriven? Eller er konklusjonen i JAMA artikkelen feil? Mange ekspertar har den siste veka hevda det siste, at JAMA artikkelen ikkje held god nok kvalitet. Ein av desse er den anerkjende professoren; Walter Willet, ved Harvard University, som meiner studien aldri burde blitt publisert [3].

Hovudkritikken mot JAMA artikkelen er at ein ikkje har tatt høgde for at ein del med ”normal” KMI (18,5 til 25) ikkje har dette fordi dei lev så sundt, men på grunn av underliggande helseproblem og røyking. Det er delvis mogleg å korrigere for dette ved å ikkje ta med dødsfall i løpet av dei første 5 åra i analysar, samt å gjere eigne analysar på dei som aldri har røykt. Dette vart ikkje gjort i JAMA artikkelen.

Studiar der ein har tatt omsyn til desse tinga fortel ei heilt anna historie. Gode døme er to store studiar frå 2009 og 2010 med totalt 2,4 millionar deltakarar[4, 5]. I desse studiane var overvekt (KMI 25-29,9) assosiert med ein liten men viktig auka risiko, medan risiko for dødelegheit steig kraftig alt frå KMI 30. I den eine studien steig risikoen for dødelegheit med 44% hos dei med KMI 30-35 versus normalvekt. Dette er ganske stor forskjell frå JAMA studien, der det same talet var 5% lågare risiko.

Sjølv om det er mykje meir å seie om dette til dels komplekse temaet, så er min konklusjon at det er gode haldepunkt får å være ganske skeptisk til resultata i JAMA artikkelen. 

Når det er sagt, så er det sjølvsagt mogleg å leve eit langt og godt liv sjølv om ein er overvektig eller har moderat fedme, om ein passar godt på helsa si elles. I dag må eg og hunden gå ein lang tur. For meg er det også mentalhygiene på høgt nivå.  Move your ass - and your mind will follow!

Litteratur

1. Blair, S. Fit and Fat 2013; Available from: http://suewidemark.com/fat-fit-new.htm.
2. Flegal, K.M., et al., Association of all-cause mortality with overweight and obesity using standard body mass index categories: a systematic review and meta-analysis. JAMA, 2013. 309(1): p. 71-82.
3. Marchione, M. and M. Stobbe. Slightly overweight people 'live longer' 2013  [cited 2013 08.01.2013]; Available from: http://www.theaustralian.com.au/higher-education/slightly-overweight-peo....
4. Berrington de Gonzalez, A., et al., Body-mass index and mortality among 1.46 million white adults. N Engl J Med, 2010. 363(23): p. 2211-9.
5. Whitlock, G., et al., Body-mass index and cause-specific mortality in 900 000 adults: collaborative analyses of 57 prospective studies. Lancet, 2009. 373(9669): p. 1083-96.

Powered by Labrador CMS