Geografiske forskjellar i kroppsmasseindeks i Norge

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: .)

Av John Roger Andersen

Forsvaret sine sesjonsmålingar  visar at det er forskjellar i kroppsmasseindeks (KMI) hos unge menn i forhold til kva fylke dei kjem frå. Fordi dette kan føre til helseforskjellar på sikt, er det grunn til å spørje korleis dette kan henge saman.

Vi brukar data for høgde og vekt frå SSB i 2011 i forhold til (KMI) hos ungdom på sesjon (N= 18297) (1). Vi brukar så data for innbyggartalet i fylka (% av det totale innbyggartalet i Norge) og utdanningsnivå (% med berre grunnskuleutdanning hos menn) frå 2010 (SSB) som prediktorar.

Korrelasjonsanalyse og multippel regresjon blir brukt i analysane (SPSS verson 19).

I figur 1 ser vi ein sterk korrelasjon mellom gjennomsnittleg KMI og innbyggartal i fylka. Totalt 53 % av variasjonen i KMI mellom fylka kan forklarast med denne modellen.

I figur 2 ser vi korrelasjonen mellom gjennomsnittleg KMI og kor mange i fylka som berre har grunnskuleutdanning. Totalt 55 % av variasjonen i KMI kan forklarast med denne modellen.

Figur 1. Korrelasjon mellom gjennomsnittleg KMI hos ungdom på sesjon (2011) og folketal i norske fylke (2010) (r = 0.73, P (Foto: JRA)

(Foto: JRA)



Legg vi både innbyggartal og utdanningsnivå inn som prediktorar forklara dei akkurat like mykje, og forklarar samla sett 63 % av variasjonen i KMI mellom fylka.

Diskusjon
At utdanningsnivå er ein god forklaringsvariabel er akkurat som forventa, men at folketalet i fylka spelar ei rolle gjer oss ikkje mykje klokare.

Ein mulig forklaringsvariabel er at barn og ungdom på bygdene oftare vert køyrt på skulen og på fritidsaktivitetar - det er studiar som har vist dette (2). Det er også dokumentert store helseforskjellar mellom barn som går/syklar til skulen og dei som ikkje gjer dette (3). Det er haldepunkt for at dette er eit nyare fenomen.

Eg vurderer dette som ei god arbeidshypotese –og noko det faktisk er mogleg å handtere. Å legge miljøet maksimalt til rette for fysisk aktivitet er ein ting. Trygg skuleveg for alle med andre ord!  Ein annan ting er at nedlegging av grendaskular som resulterer i inaktive bussturar kvar dag kan vere ein mulig risikofaktor.

Til slutt kan det leggast til at det også i Sverige er vist at unge menn frå bygdene veg meir enn sine landsmenn frå byane (4).

Så her er det sannsynlegvis eit høgst reelt fenomen vi er vitne til.  
 

Litteratur

1. SSB. Statistisk årsbok 2011. 2011; http://www.ssb.no/aarbok/. Accessed 26.03, 2012.
2. Sjolie AN, Thuen F. School journeys and leisure activities in rural and urban adolescents in Norway. Health promotion international. Mar 2002;17(1):21-30.
3. Bere E, Seiler S, Eikemo TA, Oenema A, Brug J. The association between cycling to school and being overweight in Rotterdam (The Netherlands) and Kristiansand (Norway). Scandinavian journal of medicine & science in sports. Feb 2011;21(1):48-53.
4. Neovius M, Rasmussen F. Place of residence and obesity in 1,578,694 young Swedish men between 1969 and 2005. Obesity (Silver Spring). Mar 2008;16(3):671-676.

 

Powered by Labrador CMS