Ny norsk studie: Langtidsresultat etter livstilsbehandling for sjukleg overvekt

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av John Roger Andersen

I Helse Vest starta ein i 2005 opp eit tilbod om livsstilbehandling i institusjon for sjukleg overvektige. Vi gjorde ein studie der målet var å evaluere langtidseffekten av behandlinga.
 

48 pasientar gjennomgjekk i 2005/2006 eit 40 veker langt behandlingsprogram. Opplegget var eit samarbeid mellom institusjonane Ebeltoft kurcenter i Danmark og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler. Pasientane var samanhengande i 16 veker på kvar stad med eit 8-vekers heimeopphald mellom. Deltakarane fekk eit sunt kosthald, fysisk trening, motiverande samtaler og psykisk støtte. Oppfølgingsdata vart henta inn ved telefonintervju i 2011.
 

Vi vurderte 41 pasientar for primærutfall (seinare fedmeoperert eller ikkje) og 38 for sekundærutfall (endring i vekt, fedmerelatert sjukdom, sjølvopplevd helse og arbeidslivsdeltaking).
 

Etter 6 år hadde 33 av 41 hadde enten gjennomgått (28) eller stod på venteliste (5) for fedmeoperasjon. Blant dei opererte var der statistisk signifikant betring i kroppsmasseindeks, fedmerelatert sjukdom, eigenvurdert helse og arbeidslivsdeltaking, medan der blant uopererte var signifikant fall i kroppsmasseindeks utan signifikant endring for dei tre andre sekundærutfalla.
 

Konklusjon: Etter 6 år var 80 % av pasientane fedmeoperert eller stod på venteliste for operasjon. Uopererte hadde signifikant fall i KMI utan signifikant endring i fedmerelatert sjukdom, sjølvopplevd helse eller arbeidslivsdeltaking.

Studien viser kor vanskeleg det er å oppnå varige behandlingseffektar hos denne pasientgruppa utan fedmeoperasjon. Resultat for andre modellar av livsstilsbehandling ved sjukleg overvekt må evaluerast. 
 

Du kan lese heile artikkelen på norsk hos “Sykepleien Forskning”. Les meir her.

Powered by Labrador CMS