Vil du bli kjent med nokre av verdas fremste ekspertar på fedme?
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Av John Roger Andersen
Alle forskingsmiljø som vil noko, bør ha internasjonale kontaktar. Så korleis få til noko på dette? Ein strategi er å arrangere ein konferanse. Så til sommaren (5-7 juni) arrangerer vi saman med gode samarbeidspartnarar ein fedmekonferanse i Balestrand som ligg vakkert til ved Sognefjorden.
Kvifor Balestrand? Ganske enkelt fordi det er eit utmerka lokkemiddel for å hente internasjonale (og supertravle) fedmeekspertar. Du sender dei berre bilete av Balestrand og elegante Kvikne Hotel der konferansen skal vere, og vips så er alle med. Vel, så enkelt er det nok ikkje. Men eg likar å tenke slik, sidan eg eigentleg er Balestrending. Uansett, så er vi utruleg stolte av å kunne presentere føljande trio, frå absolutt øvste hylle.
Professor Harry Rutter, Universitetet i Oxford. Rutter er lege, og er i tillegg til jobben i Oxford, direktør i ”National Obesity Observatory”. Han er mellom anna opptatt av kva rolle det fysiske miljøet har på fremjinga av fysisk aktivitet. På konferansen vil han førelese i temaet ” The complex system science of obesity”.
Professor Jane Ogden, Universitetet i Surrey. Ogden er utdanna psykolog, og er særleg opptatt av faktorar som påverkar opplevd kontroll over eting. Men ser ein på CV hennar er ho rimeleg ”all-round”, og vil ho vil førelese i temaet ”Improving health status in the obese: what works and what fails?”.
Dr Ronette Kolotkin, er psykolog, og er kanskje den i verda som har publisert mest på fedme og livskvalitet. Ho er også utviklaren av livskvalitetsskjemaet ” the Impact of Weight on Quality of Life questionnaire”, some r mykje brukt. Ho vil førelese i temaet Obesity and quality of life”, som nok blir ein slags “state of art førelesing”.
Ein kan ikkje anna enn å gle meg! Ser eg deg i Balestrand?
Sjekk ut programmet her: http://fedme.hisf.no