Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Sild i garn på dekk
Forskarane trålar på faste stasjonar for å skaffe prøver av eit representativt utval sild. Til dømes til aldersbestemming. Trålen har ei opning slik at fangsten ikkje skal bli så stor.

Dei siste tre åra har den norske, vårgytande silda gjort noko snålt

Norsk, vårgytande sild har aldri gytt lenger nord – så vidt forskarane veit. Silda har blitt Lofot-sild.

Silda har forlate dei tradisjonelle gyteområda sine utanfor Møre, Romsdal og Trøndelag, til fordel for Lofoten og Vesterålen.

Har sige lenger og lenger nord

– Vi har aldri dokumentert ei så nordleg fordeling av silda som i år, seier havforskar Are Salthaug.

Han var toktleiar under Havforskningsinstituttets (HI) sildegytetokt i februar med fiskefartøya «Eros» og «Vendla». 

På toktet var det knapt ei einaste sild å sjå, før forskarane kom til Røsttunga, cirka 60 nautiske mil vest-sørvest av Røst.

Om sildegytetoktet

  • Ekkolodd- og tråltokt som undersøker mengden, aldersfordelings og utbreidelsen til norsk vårgytande sild under gyteinnsiget.
  • Undersøker norskekysten frå Vestlandet til Tromsø.
  • Gått årlig sidan 2015.
  • Utført i 2024 med leiefartøya «Eros» og «Vendla» 13.–26. februar.
  • Resultatet frå toktet går inn i bestandsvurderinga til forskarane og kvoteråd, saman med andre datakilder.

Mest i Vesterålen

Heile 82 prosent av sildebestanden stod i år utanfor Lofoten og Vesterålen. Nord for Andenes stod dei siste 18 prosent av bestanden.

– Vi kan ikkje gi eit sikkert svar på kvifor det har blitt slik, men det er fleire teoriar, seier Salthaug. Han understrekar at forskarane jobbar med å teste ulike forklaringar.

Halvparten av sildebestanden er gamlingar

Sildebestanden er også dominert av åtte år gammal sild. Den sterke 2016-årsklassen utgjer no halvparten av heile bestanden.

Ein annan mogleg teori er at silda frå 2016 har fått eit innfall. Sidan dei er så mange, må resten følge etter. Fleirtalet vinn.

– Det nye gytemønsteret kan ha skjedd i tidlegare tider også, men vi har ikkje observert fråvær av norsk vårgytande sild på gytefelta sør for Røst gjennom moderne fiskeri eller forsking, seier Salthaug.

Positive teikn

Ellers såg forskarane meir ung sild, tre- og fireåringar, i nord enn det som er vanleg under toktet.

– Det er eit positivt teikn for framtidig rekruttering til gytebestanden. Han har lenge vore prega av eldrebølge, seier Salthaug.

Referanse:

Are Salthaug og Erling Kåre Stenevik: Distribution and abundance of Norwegian spring-spawning herring during the spawning season in 2024. Toktrapport, 2024.

Powered by Labrador CMS