Snart er eg flugedoktor

Av: Åsmund H. Eikenes, stipendiat ved Senter for kreftbiomedisin, Oslo universitetssykehus

Eg håper å løyse kreftgåta med ein doktorgrad i korleis bananfluger lagar egg og spermceller.

Det er forståeleg at folk kanskje synest slike doktorgradar er bortkasta pengar og unyttig forsking, men gi meg ein sjanse til å kort forklare kva eg eigentleg har forska på.

- Eg kan gjerne ha tittelen flugedoktor! seier stipendiat og kreftforsker Åsmund H. Eikenes. (Foto: Jon Olav H. Eikenes)

Kreft er kjenneteikna av at cellene i kroppen vår deler seg ukontrollert. Endringar i DNAet (mutasjonar) gjer at kontrollmekanismane i cellene ikkje fungerer slik dei skal for å regulere vekst og celledeling.

For å forstå detaljane i kreftcellene treng vi også meir informasjon om korleis vanlege celler deler seg. Det er nemleg mykje vi enno ikkje veit om korleis ei celle vert til to.  

Kontrollmekansimar i celledelinga

I doktorgradsarbeidet mitt har eg saman med kollegaene mine oppdaga nye kontrollmekanismar som er viktige for presisjon når ei celle skal dele seg. Resultata vil kunne bidra til meir kunnskap om korleis vanlege celler koordinerer celledeling, og kva som kan skje dersom denne prosessen ikkje kontrollerast slik den skal.

Ofte vert slike eksperiment gjort med kreftceller som veks i plastskåler i laboratoriet. Eg har i staden nytta bananfluger som forsøksdyr for å undersøke celledeling. Ein viktig fordel er at bananflugecellene ikkje deler seg på eit underlag av plast, men som ein del av eit organ i ein levande organisme, slik som kreftceller i menneske.

Dette betyr at i tillegg til ny kunnskap om celledeling, gir forsking med bananflugene også informasjon om korleis denne prosessen er koordinert i eit tredimensjonalt vev. Resultatet vert kunnskap om korleis ulike celler samarbeider og påverkar kvarandre, og kva som vert effekten dersom noko går gale når ei av desse cellene deler seg. Dette er viktig og relevant for korleis vi forstår kreftutvikling hjå menneske.

Mine favorittgen

For å studere celledeling i bananfluga har eg og kollegaene mine fokusert på stamcellene som er ansvarlege for produksjon av egg og spermceller. Fleire år med hardt arbeid har vist at dei tre gena Cindr, Src og Alix er viktige for presisjon i celledelinga.

Bananflugeegg, produsert som perler på ei snor. (Foto: Åsmund H. Eikenes)

Dette er kunnskap vi ikkje hadde for berre tre år sidan.

Eksperimenta vi har gjort viser at dersom ei celle har mutasjonar i eit av desse tre gena får cella problem med å dele seg slik ho skal. I staden for ein presis og kontrollert prosess går celledelinga ofte gale. Resultatet vert celler med enno fleire mutasjonar, celler som kanskje kan verte starten på ein kreftsvulst.

Kunnskapen frå grunnforskinga eg har gjort er dessverre ikkje direkte nyttig for pasientar i morgon, men den er viktig for å forstå grunnprinsippa for celledeling i ein levande organisme, og for å forstå kva oppgåve einskilde gen har i denne prosessen. Likevel kan kunnskapen vi får frå å studere celledeling i bananfluga til ein viss grad overførast som prinsipp for korleis menneskeceller deler seg, og korleis ein kreftsvulst kan utvikle seg. Kanskje vil mine resultat vere viktige for å utvikle nye metodar for diagnose og kreftbehandling om nokre år?

Ei stor forenkling

Sjølvsagt er det ei stor forenkling å seie at eg snart har ein doktorgrad i flugeegg. For det første har bananflugene vore verktøyet i forskinga, der fokuset i prosjekta har vore regulering av celledeling, og ikkje korleis insekt formeirar seg. For det andre har eg brukt det meste av doktorgradsarbeidet mitt på å beskrive nyansar og detaljar i celledelinga som er svært vanskelege å forklare for ikkje-spesialistar. For det tredje har eg ikkje gjort dette arbeidet åleine, men i eit team med dyktige og inspirerande kollegaer.

Sjølv om eg helst vil at diskusjonen skal handle om spennande grunnforsking og kva mine favorittgen gjer, skjønar eg at folk flest er meir opptekne av korleis ein kan bli kvitt flugene heime på kjøkkenet. Så i tillegg til svaret om eplesidereddik tilsett sukker og oppvaskmiddel fortel eg også at insekta er svært viktige for internasjonale gjennombrot i kreftforskinga.

Eg håpar at mi historie om bananfluger som viktige forskingsverktøy kan illustrere noko av det fascinerande og viktige mangfaldet i kreftforskinga. Dersom det bidreg til å formidle at langsiktig grunnforsking er viktig og spennande, kan eg gjerne ha tittelen flugedoktor!

Les meir:

Frå kjøkkenbenken til laboratoriet (Aftenposten Viten)

Powered by Labrador CMS