Transplantasjon eller dialyse etter fylte 65 år?

Korleis kan vi i Norge prioritere nyrer til eldre når det ikkje er tilstrekklig med nyrer til alle som treng det? (Foto: Colourbox)

Det er brei internasjonal semje om at nyretransplantasjon er beste behandling når nyrene sviktar. Men er det beste alternativ uavhengig av alder? I Norge meiner vi det - berre ein er frisk nok til å ha nytte av transplantasjon. En ny norsk studie skal hjelpe oss nærmere et sikkert svar.

Av: Kjersti Lønning, Phd stipendiat i avd. for transplantasjonsmed., seksjon for nyremedisin.

Men er du klar over at i resten av verda ristar dei på hovudet over dette?
Tilgangen på nyrer er mykje mindre enn behovet og derfor er det mange land som prioriterer dei som potensielt har mange år igjen av livet.

Alternativet til transplantasjon er dialyse der ein maskin erstatter nyrene og rensar kroppen for avfallsstoff. I mange andre land er det vanlig å gå mange år i dialyse. Derfor er det heller ingen som har forska på korleis det går med eldre som blir transplantert.

For få nyrer

Korleis kan vi i Norge prioritere nyrer til eldre når det ikkje er tilstrekklig med nyrer til alle som treng det? Vi har gode resultat i Norge og veit mykje om levetid hos pasient og nyrer etter transplantasjonen.

Spørsmålet er likevel om vi i større grad kan bli betre til å velge ut kven som har nytte av transplantasjon og kven som bør bli i dialyse.

Og ikkje minst, vi veit altfor lite om korleis livskvaliteten til eldre er i dialyse og etter transplantasjonen.

Kor slitsomt er det å gå i dialyse år etter år? Korleis påvirkar det tida med familien, humøret og formen til å driva med daglige aktivitetar? Kanskje er det slik at etter ein transplantasjon blir det meir tid og krefter til det gode livet, eller kanskje ikkje?

Transplantasjon eller dialyse – kva er best?

For å finne ut om livet blir betre med ny nyre, vil 200 personar over 65 år som ventar på transplantasjon få spørsmål om korleis dei har det i kvardagen. Kor mykje forstyrrar nyresjukdommen? Korleis forandrar synet på desse spørsmåla seg over tid?

Spørjeskjema vert tilsendt kvart halvår så lenge ein ventar på nyre. Etter transplantasjonen får dei same spørjeskjema fem gonger, sist 5 år etter transplantasjon. Når vi stiller samme spørsmål mange gonger kan vi sjå om svara endrar seg etter som tida går, før og etter transplantasjon.

Det er mange faktorar som spelar inn når vi vurderer kven som kan bli transplantert. For eksempel: Kan andre sjukdomar ha noko å sei for kor vellukka transplantasjonen blir? Vår erfaring tyder på at det er sånn, men det er viktig å sjå dette i samanheng med det den enkelte rapporterer om livskvalitet. Her skal vi bruke resultat frå dei undersøkingane som vert utført for å bli godkjent for transplantasjon og fylgje opp med resultat etter transplantasjonen.

Og sist, men ikkje minst lurer vi veldig på kva forventningar desse personane har til å bli transplantert. Og eit år etter transplantasjonen kjem vi igjen til å spørja om erfaringane, vart det som forventa? Her vil mellom 15 og 20 personer som alt har svart på spørjeskjemaet om livskvalitet bli intervjua.

Per i dag har vi mange spørsmål og ikkje så mange svar. Men om 2-3 år satsar vi på å ha resultata klare. Målet vårt er at både den som er nyresjuk og nyrelegen skal få eit betre grunnlag å vurdere om livet vil bli best i dialyse eller med ny nyre.

Powered by Labrador CMS