– Du må gjerne starte med fotball på løkka i ung alder, det er eit godt utgangspunkt for seinare landslagsspel, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Monkey Business Images / Shutterstock / NTB scanpix)

Løkkefotball er starten på ein vellykka fotballkarriere

Forskar har ikkje noko tru på at barn og unge må spesialisere seg så tidleg som mogleg for å verte best i fotball. Det kan vere vel så viktig å leike seg god.

– Fotball er eit lagspel. Derfor er det viktig at det er eit godt miljø i fotballklubben, og her har trenaren ei viktig rolle, seier Martin K. Erikstad.

Han har studert 1000 norske fotballspelarar i alderen 14–15 år for å finne kjenneteikna ved dei spelarane som tar steget opp på aldersbestemte landslag. I tillegg har han forska på kva for rolle trenaren har i å skape gode spelarar.

– Eg har studert spelarar på kretslag frå heile landet. Så å seie alle av dei hadde eit mål om å verte profesjonelle spelarar etter kvart. Dei som tok steget opp frå kretslag til aldersbestemte landslag, var mellom anna meir medvitne om kva dei skulle forbetre seg på under treninga, seier Erikstad, som nyleg tok doktorgraden ved Universitetet i Agder.

Leik på løkka

Små eller store mål. På løkka er det ikkje så viktig. Viktigare er ballen. Løkkefotballen er starten på ein vellykka fotballkarriere.

– Du må gjerne starte med fotball på løkka i ung alder, det er eit godt utgangspunkt for seinare landslagsspel. På løkka er fotballen leik og glede. At du leikar og trivst med det du gjer, er viktig for å få framgang, seier forskaren.

Gode fotballspelarar trener mykje, og særleg med ball. Derfor understrekar forskaren at det er viktig å starte i ung alder.

– Men du må gjerne drive med annan idrett også. Du treng ikkje vere einsidig og altfor seriøs i ung alder, seier han.

Bevisst fotballtrening

Fotballforskaren har ikkje noka tru på at barn og unge må spesialisere seg så tidleg som mogleg for å verte best i fotball. Det kan vere vel så viktig å leike seg god.

Forskaren minner om at den som leikar seg når han trener fotball på løkka, får trent meir både av ballkjensle og kondisjon. Dermed toler dei også meir når dei etter kvart vert med i organisert fotballtrening med lag og trenar.

Men det er ikkje nok å leike. Ein dag må alvoret inn i treningsarbeidet for at enkeltspelaren skal utvikle seg som fotballspelar.

– Min studie viser eit tydeleg trekk hos dei spelarane som tar steget opp på nasjonale fotballag. Dei tek meir ansvar for eiga utvikling enn andre spelarar. Dei kjem ikkje på trening berre for at nokon skal trene dei, men har gjerne eit mål om å verte betre på noko heilt spesielt, seier Erikstad.

Ikkje god aleine

Erikstad understrekar at eit godt lagmiljø må til for at enkeltspelarane skal utvikle seg.

– Du vert ikkje god aleine, seier han.

Han peiker på at eit godt miljø og ein klok trenar er viktig for å utvikle enkeltspelarar.

– Trenaren må ikkje berre leggje vekt på dei to-tre beste. Da vil resten fort miste interessa. I tillegg er det usikkert om dei som er best i ungdomsåra har størst potensial for å verte best som vaksne, seier Erikstad.

Motivasjon og samhald

Nokon fotballspelarar er motiverte for å trene mykje, mens andre er gir seg fortare. Her har laget og trenaren ei nøkkelrolle.

– Trenaren skal også skape eit godt sosialt miljø i laget. Godt samhald kan bidra til å motivere fleire spelarar til å ta i meir og trene oftare, seier forskaren.

Eit viktig poeng frå avhandlinga hans er at du som fotballtrenar må vere klar over at du lærer bort meir enn fotball på treninga.

– Trenarrolla dreiar seg om meir enn organisering av øvingar og taktikk. Relasjonar til spelarane viktig for å skape motiverte spelarar. Rettferd når du tek ut laget og tilbakemeldingar i kamp og trening bidrar til å motivere spelarane, seier Erikstad.

Han understrekar at det sosiale aspektet ved laget også er viktig for at dei gode spelarane vert motiverte.

– Alle spelarane, same kva for nivå dei ligg på, vert motiverte at eit godt miljø, seier han.

Oppskrifta til landslagsfotball

Ifølgje forskaren trener vi nok i Noreg samanlikna med andre land. Og etter å ha finlese treningshistorikken til 1000 unge fotballspelarar, studert deira individuelle tilnærming til fotballen og forska på trenarrolla, leverer han denne oppskrifta til den som vil kome på landslaget:

  • Spel fotball på løkka.
  • Møt opp på trening og vit kva du skal trene på.
  • Tren mykje.
  • Spel på eit lag med eit godt sosialt miljø, og med lagkameratar som ønskjer å utvikle seg.

For du vert ikkje god aleine.

Referanse:

Erikstad, M.K.: «Developing Expertise in Football» - Practice engagement, self-regulation of learning, basic needs satisfaction and perceptions of the sport environment in Norwegian youth football. Doktoravhandling ved Universitetet i Agder. (2019)

Powered by Labrador CMS