Tore Rems biografibragd

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Jakob Lothe, professor i engelsk litteratur, ILOS

Ordet “bragd” er ikkje er uproblematisk å bruke om resultat vi oppnår på universitetet, men vi har mykje å vinne på tydelegere å løfte fram betydelege prestasjonar. Sjølv om desse prestasjonane tar ulik form og kan vere vanskelege å samanlikne direkte, finn vi dei i humanistiske fag ikkje sjeldan i forskingssjangeren monografi – ein sjanger som får altfor dårleg uttelling og dermed blir undervurdert i tellekantsystemet Cristin. Faktum er at monografien ikkje berre er viktig, men identitetsdannande for humaniora; monografien har bidratt til å forme og utvikle alle humanistiske fag, og den spelar framleis ei nøkkelrolle på fakultetet vårt. Det bør den også gjere vidare framover.

Éin grunn til at monografien er så viktig i og for humaniora, er at den gir rom for ei kritisk, diskuterande framstilling som er historiserande og kontekstualiserande i behandlinga av eit gitt emne. Ei slik framstilling sprengjer raskt artikkelformatet. Ei god problemstilling i humaniora stiller ikkje berre eitt, men ei rekke spørsmål som supplerer kvarandre, grip inn i kvarandre og utfordrar kvarandre i samspelet mellom teori, metode og analyse av tekstmaterialet.

Eit glimrande eksempel på ein slik monografi er Tore Rems tobindsbiografi om mennesket og forfattaren Jens Bjørneboe, Sin egen herre (Cappelen Damm 2009) og Født til frihet (Cappelen Damm 2010). Mange vil kjenne til desse to bøkene, som har nådd vidt ut og som fullt fortent har fått brei omtale i media. Rems Bjørneboe-biografi er ei bragd fordi den i tillegg til å utgjere den til no grundigaste utforskinga av den sentrale norske forfattaren og intellektuelle aktøren Bjørneboe, gir vesentlege bidrag til forståinga av intellektuell historie, politisk historie, religionshistorie og idé- og litteraturhistorie i ein avgjerande periode i norsk etterkrigstid. Samspelet mellom eit menneske, personane og samfunnet rundt dette mennesket og tida det lever i, blir opplysande og meiningsutvidande i Rems framstilling, som synleggjer humaniora på sitt beste: ein generøs, engasjert, engasjerande og innsiktsskapande biografi som gir stort utbytte ikkje berre for forskaren og studenten, men også for ein allment interessert lesar utanfor Blindern.

Powered by Labrador CMS