Fotball og haldningskapande arbeid

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Håvard Myklebust, vitenskapelig assistent, Forskningssenter for trening og prestasjon

Fotballskulane til "Fotball uten grenser" ynskjer å gi barn og ungdom sunne interesser, samt lære dei haldningar og disiplin.

Våren 2009 hadde eg gleda av å sjå at idrett kan nyttast til langt meir enn toppidrett. I 7 veker jobba eg frivillig som hjelpetrenar på ein fotballskule i fattigbyen El Alto (1 million innbyggarar, 4000 moh) i Bolivia.

Fotballskulane er kommunale, og hensikta er å gi barn og ungdom sunne interesser, samt lære dei haldningar og disiplin i staden for at dei driv gatelangs.

Eg var volontør i ”Fotball krysser grenser”-prosjektet til Misjonsalliansen. Dei arrangerar turneringar og støttar fotballskulane med volontørar som meg, med midlar til utstyr og bygging av baner, samt kurs innan mellom anna helse, ernæring og ikkje minst haldningar.

Eg var så ”heldig” å bli vitne til ei tragisk episode 50 meter frå fotballbana der eg jobba. Ein full mann grisebanka kona si som låg på fortauet, medan dottera på 2,5 år sat ved sidan av og hylgrein. Det gjorde enormt sterkt inntrykk! Då mannen ikkje ville slutte ved tilrop brøyt dei lokale heldigvis inn etterkvart.

På fotballskulen kunne det vere 95 ungdommar samtidig. Fleire av dei var klare på at dei gjekk på fotballskulen for å sleppe unna dårlege venner.

Kulturen i Bolivia er annleis. Det er uvanleg at slikt skjer på opa gate, men bak murane veit alle at det skjer støtt og stadig i det mannsdominerte samfunnet. Det er ein vond spiral med arbeidsløyse, alkohol, familievald og incest i denne byen. Volontørane på helsesenteret hadde dagleg tragiske eksempel på dette.

Ungdommane drøymer om å bli proffe! Treningane er seriøse. Talentspeidarane til hovudstaden sine tre toppserieklubbar er stadig på besøk.

På fotballskulen var det opptil 95 ungdommar samtidig, og fleire av dei var klare på at dei gjekk på fotballskulen for å sleppe unna dårlege venner. Fotball er stort i Bolivia! Å spele fotball er akseptert unnskyldning for ikkje å bli med å reke gatelangs, stele og ruse seg.

Tru likevel ikkje at skulane berre er til for å vere samfunnsnyttige. Ungdommane drøymer om å bli proffe! Treningane er seriøse. Det er prestisje mellom trenerane, og talentspeidarane til hovudstaden sine tre toppserieklubbar er stadig på besøk.

Kjem ein seg ut er det umulig å ikkje bli imponert og engasjert! I Bolivia sykla eg derfor inn 28400 kr til fotballskulane (les meir her).

No ynskjer eg å få til eit samarbeid mellom Misjonsalliansen sitt ”Fotball krysser grenser”-prosjekt og trenarstudiet ved Norges Idrettshøgskole. Eit slikt samarbeid ville kunne gi fotballskulane etterlengta hjelp samtidig som studentane ville få nyttig praksiserfaring og språkkunnskap, samt interessante reiseerfaringar og nye perspektiv. Alt utan behov for meir enn vanleg studielån!

Her kan du sjå film og lese meir om Fotball krysser grenser.

Powered by Labrador CMS