Ny revolusjonerande skøyteteknikk?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Håvard Myklebust, vitenskapelig assistent, Forskningssenter for trening og prestasjon

I dag startar den andre verdscupen på skøyter i det som ser ut til å bli ein spennande OL-sesong. I tillegg til kampen mellom Bøkko og Kramer er det knytt spenning til om sveitsaren Roger Schneider vil fortsette med sin særeigne teknikk frå 5000 meteren i Berlin førre helg, der han ikkje løfta skøytene frå isen. Dessverre går han i gruppe B denne helga og vil ikkje bli vist på tv.

Skøyteverden ler! Det gjorde vi og då Krienbühl (og sveitsar!) innførte hette på skøytetrikoten i 1976, og det tok 15 år å innføre klappskøyta. Er det grunn til å vere skeptiske denne gongen?

Alle inkludert Schneider sjølv er einige i at 7.05 på 5000 meter ikkje akkurat er fort i verdscup samanheng. Men å skulde utelukkande på at han ikkje løfta skøytene på langsidene blir for enkelt. Eg såg ikkje løpet direkte sjølv, men her er mine kommentarar til det eg sett og hørt via NRK sine nettsider:

- Schneider er ein stor mann! I fylgje ekspertkommentator på NRK, Geir Karlstad, 105 kg. Dette er mykje for langdistanse! Var han det når han presterte 6.21 på 5000 meter i Salt Lake City i 2007? Korleis er eigentleg Schneider sin fysiske form per no?

- Eg synes Schneider i tillegg til å vere ein stor mann sit høgt med overkroppen. Dette er minst like utslagsgivande som å løfte skøytene eller ei. Har han alltid sitti så høgt med overkroppen, og gjennomførte han den nye teknikken sin slik han håpte i Berlin?


Interessant kommentar

Litt forenkla er dei ytre arbeidskrava om lag 30 % større i svingen på grunn av at ein skiftar retning. Ein kan derfor tenkje seg at det er ganske lett å oppretthalde farten på langsidene, og at dette kan gjerast med mange ulike tekniske løysingar sidan arbeidskravet ikkje er så stort. Dette står delvis i kontrast til data eg sit på som tyder på at dei norske løparane (og dei utanlandske for alt eg veit) tapar fart utover langsidene. Dessverre har eg ikkje hatt nok (fri)tid til å analysere alle dataa og slå det fast 100%.

Poenget mitt er at Schneider kan ha observert nettopp dette og gjer eit forsøk på å endre det! Han uttalar nemleg at han ynskjer å behalde all farten utover langsida og ikkje miste fart. Om han klarar det må derimot bevisast, men her er nokre punkt som kan tale for og imot å vagge utan å løfte skøytene:

  • Vaggeteknikken flyttar tyngda frå side til side delvis på same måte som tradisjonell teknikk.
  • Å legge litt av tyngda på begge bein i staden for å ha all tyngda på eitt bein vil minke det intramuskulære trykket og skape betre blodgjennomstrømning enn å stå på eitt bein. Tradisjonell teknikk har derimot ein pendelfase med full blodgjennomstrømning.
  • Tyngde på begge bein gir mindre potensiell skyvkraft. Mange med tradisjonell teknikk gjer likevel det same gjennom at dei ”går ifrå” skyvet.
  • I Berlin samla Schneider beina i liten grad. Dette kan muliggens påverke luftmotstanden negativt.
  • Å ikkje skyve heilt ut reduserar effekten av klappskøytene som opna for effektiv bruk av ankelleddet.

Alt i alt trur eg ikkje teknikken, slik Schneider viste den fram i Berlin, har noko stort fortrinn, men eg synes det er interessant at nokon tenker, og tørr å prøve, alternative løysingar. Gjennom analysar av dårlege idear kan vi kanskje komme opp med ein ide som forbetrar vår eigen teknikk. Vi bør ikkje le kvar gong!

Powered by Labrador CMS