Personleg erfaring med ekstrem høgde

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Håvard Myklebust, vitenskapelig assistent, Forskningssenter for trening og prestasjon

Fjellet Cerro Rico ligg i verdens høgastliggjande by Potosi (4090 moh) og forsynte Spania med sølv gjennom 300 år.

Etter nesten 7 år som student og ansatt ved Norges idrettshøgskole, var overgangen stor til det fattigaste landet i Sør-Amerika, Bolivia. Her skulle eg jobbe frivillig og temme reiselysta i vel 3 månader.

Dette skulle på mange måtar vise seg å bli det mest interessante og lærerike semesteret eg nokon gong har hatt. Personlege erfaringar med ekstrem høgde er berre ein liten del av minna eg tok med meg heim.

Eg budde om lag 3400 moh. i den administrerande hovudstaden La Paz (om lag 1 million innbyggarar), og arbeidde på ein fotballskule 4000 moh i drabant og fattigbyen El Alto (om lag 1 million innbyggarar). Flyplassen ligg og her oppe, og flya klarar faktisk ikkje å lette med full tank herifrå, på grunn av den tunne lufta.

Sjølv den minste trapp eller oppoverbakke var nok til å bli skikkelig andpusten i starten. Eg angra ikkje på at eg følgde førehandsreglane då eg seinare fekk sjå folk bli sengeliggjande, kvalme og med hovudverk, i fleire dagar fordi dei ikkje tok det rolig nok i starten.

Etter kvart gjekk det betre, men sjølv etter 3 månader i høgda var det pusten og i svært liten grad beina, som fekk kjørt seg på joggetur eller ved futsal speling mot lokale ungdommar.

Fjellet Cerro Rico ligg i verdens høgastliggjande by Potosi (4090 moh) og forsynte Spania med sølv gjennom 300 år. For dette måtte 8 millionar lokale og slavar frå Afrika bøte med livet, mykje på grunn av høgda.

Etter to månader med arbeid på barneheim og fotballskule på 3400-4000 moh, fekk eg med meg soloppgang på Huayna Potosi (6088 moh).

Etter to netter med skallebank stemte det heldigvis for min del at det er betre å sitte/stå enn å ligge, så turen opp gjekk ganske greitt. Tilbake på 3400 moh vart det likevel ein tidleg kveld, trøytt og sliten med ny skallebank og dårleg matlyst.

Verre var det for ein annan volontør. Ikkje berre måtte han snu på 5700 moh., han vart sengeliggjande i 3 dagar.

To veker seinare var det klart for sykkeltur frå 3200 moh og opp til Chacaltaya (5395 moh), verdens høgstliggjande skitrekk (før den globale oppvarminga fjerna snøen). Eg hadde starta kronerulling til inntekt for fotballskulane eg hjelpte til i, og var svært motivert for å nå toppen.

Val av dag var eit lykketreff. Været var strålande, lausbikkjer og andre problem holdt seg borte og kroppen fungerte bra, men frå 4900 moh. vart det skikkelig tøft.

Vegen var bratt og lufta var tunn! Det var ikkje mulig å sykle saktare, men pusten gjekk i eitt, pulsen dunka i skallen og eg måtte ha pause for kvart 5. minutt.

Bratt, og tunn luft! Huayna Potosi (6088 moh) i bakgrunnen.

Etter nesten 6 timar stod eg endelig på toppen og etter 9 timar var eg trygt tilbake på 3400 moh.

Hovudverken hadde då komme for fullt, men ei god natt med søvn ordna det meste, og eg hadde jo samla inn 28000 kr til nytt fotballutstyr. Dette tilsvarar tre lærarårsverk i Bolivia!

På toppen av Chacaltaya (5395 moh), verdens høgstliggjande skitrekk, etter nesten 6 timar sykling.

Og viss du lurte så var det faktisk tyngre å sykle til 5400 moh. med tung offroad på elendig veg, enn å gå på ein 6000 meterstopp!

Å gå i flott natur er alltid herlig, og det å kjenne ekstrem høgde på kroppen var ei interessant erfaring å ha med seg, men gjort er gjort. Eg kjenner ingen trong til å nå endå høgare toppar. Det finnes så utruleg mange flotte og spektakulære toppar der ein slepp ubehag med skallebank!

Mer om oppholdet i Bolivia og sykkelturen kan leses i bloggen Edit & Håvard i Bolivia.

Powered by Labrador CMS