Spelarutvikling i norsk fotball

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Vidar Kaldhol Ertesvåg, stipendiat, Forskningssenter for trening og prestasjon

Vi har sett og høyrt det før. Norsk herrefotball er i krise! Vi har eit landslag som ikkje presterar, norske klubbar er ute av europacupane før september, og den norske tippeligaen er i følgje ekspertane dårlegare enn aldri før. Forklaringane er mange, men ei forklaring går igjen: Vi er for dårlig på spelarutvikling.

Det er stort sett det norske systemet, den norske spelarutviklingsmodellen som får gjennomgå. Vi tek for mykje omsut til dei unge spelarane som ikkje har det som skal til for å bli god, medan dei verkelege ”talenta” blir haldne att av systemet.

Krav om tidlegare spesialisering, tidlegare, meir og tøffare konkurranse, meir systematisk trening i ung alder, samt ”topping” av lag og eit sterkare skilje mellom ”talenta” og ”resten”, har vore kampsaker i norske medier i løpet av hausten.

Tidlegare spesialisering utprøva i Noreg
Trenarar som Kjetil Rekdal og andre personlegdomar i norsk fotball har uttala seg kritisk om den norske modellen. I Fedrelandsvennen kunne vi og lese om laget som gir dei beste 10-åringane ekstra trening og eit eige lag å spele på.

Klubben sin spelarutviklar seier dette både er naudsynt og effektivt. Laget har vunne mange kampar mot dei som er eit år eldre, så dette må vere riktig veg! Det at mange av dei unge spelarane på 10 år har falt av ekstratreningsgruppa, bekymrar vist ikkje nemneverdig. ”Dette er ei naturleg utsiling, det er visst ikkje alle som er like treningsvillige og talentfulle.”

Kva seier forskinga?
Det er ingenting som tyder på at tidleg spesialisering, meir konkurranse, meir systematisk trening og eit tidleg fokus på ”talentfulle” spelarar gir fleire gode toppspelarar, snarare tvert i mot:

Forsking har vist at tidleg spesialisering og meir systematisk trening gjev ein stor risiko for fråfall blant unge. Det å vere allsidig og å delta i fleire idrettar fram til ein er 14-15 år har derimot vist seg å vere ein viktig suksessfaktor for å nå langt.

Liknande funn har ein når det gjeld konkurranse. Tidleg fokus på konkurranse og resultat skaper eit uheldig press på dei unge, og fører i sterkare grad til fråfall enn til spelarutvikling.

Ei tidleg fokus på konkurranse og resultat fører også til ”bruk og kast” av unge spelarar. Det er i dag ikkje uvanleg at trenarar i ungdomsfotballen planlegg kva slags forsterkningar laget treng før neste sesong for å kunne hevde seg. Er du trenar for ein ”toppklubb” er nok sjansen stor for at det kjem inn nye spelarar som forsterkar laget. Spelaren som vart vegen og funnen for lett fortsett da oftast på klubbens andre lag, skiftar klubb, eller vel å slutte med fotball.

Kva seier ungdomen?
Spør vi dei unge sjølv kvifor dei vel å drive med idrett, seier dei stort sett at dei vel å drive idrett fordi det er sosialt, morosamt og lærerikt. Tryggleik, trivsel og meistring er faktorar som er sentrale for at unge skal velje å drive idrett. Dette er faktorar vi må setje høgt!

Difor må vi tore å halde fast på norske idrett og Norges Fotballforbund si haldning. Det er inga motsetning mellom å satse på breidde og det å skape toppidrettsutøvarar. Tvert om! Breidde er grunnmuren for å kunne skape toppane.

Vegen vidare
Eg skal ikkje påstå at alt er rosenraudt når det gjeld norsk spelarutvikling, men lat oss sleppe debatten som raser no. Det er ingen motsetnad mellom ein stor breiddeidrett og det å utvikle toppspelarar. Målet for fotballen må vere å legge til rette for og motivere til at flest mogleg vel å delta i fotballaktivitetar.

Vidare må vi gjere alt som står i vår makt for at dei som deltek finn aktiviteten så gjevande at dei vel å trene mykje. Vi kan ikkje legge skulda på 10-åringane fordi dei ikkje er treningsvillige eller talentfulle. Det er vår oppgåve som fotballedarar og trenarar å leggje til rette for at dei unge vel å trene mykje.

Vidare må vi jobbe for at dei unge opprettheld sin fotballaktivitet over tid. Fråfallet i norsk fotball er stort. Utover ungdomsåra sluttar svært mange med fotball. Dette er synd både frå eit breiddeperspektiv og frå eit toppspelarperspektiv. For mange vel å slutte for tidleg, fordi dei ikkje finn aktiviteten gjevande nok.

Nytt forskingsprosjekt: PAPA
Eit klart fokus vidare blir å sjå på korleis ein kan oppnå målet om at flest mogleg trener mest mogleg, så lenge som mogleg. Norges Fotballforbund jobbar stadig med desse områda. Saman med oss på Norges idrettshøgskole og i Forskningssenter for trening og prestasjon føregår no planlegginga av den norske delen av ”PAPA”-prosjektet.

PAPA har som mål å betre kvaliteten og motivasjonen til unge fotballspelarar. Ein slikt prosjekt har som hovudmål å sikre større deltaking, mindre fråfall, meir trivsel og betre læring. Faktorar som utan tvil vil vere til nytte både for topp og breidde i norsk fotball.

Powered by Labrador CMS