Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

– Trond Mohn stiftelse har vore ein livsnerve i utviklinga av strafferettmiljøet ved Det juridiske fakultet, seier Jørn Jacobsen. (Foto: André Kvalvågnes, UiB)

Strafferett: Arbeidet som aldri blir ferdig

FORSKERPORTRETT: Som student møtte Jørn Jacobsen norsk strafferett - og kom seg verken over eller forbi. Rekrutteringsstipendet frå Trond Mohn stiftelse ga han høve til å bore djupare inn i spørsmåla rundt makt, brotsverk, fridom og straff.

Jørn Jacobsen studerte juss på Dragefjellet tidleg på 2000-talet. Studiet var delt inn i avdelingar. På den siste avdelinga kom strafferetten.

– Som student følte eg at juss var interessant, og at det eg las, ga meining. Då eg kom til strafferetten møtte eg ein form for motstand, seier Jacobsen.

Det teoretiske rammeverket han møtte i artiklar og lærebøker var ullent, uklart og vanskeleg å få tak på.

– Det var mykje god juss. Men ikkje så god tenking, seier Jacobsen.

Eit ubleika lerret

Ein vitskapsteoretisk diskusjon seiast gjerne å bevege seg i ein spiralformasjon: Nye tankar fører diskusjonen vidare og gjer at dei eksisterande oppfatningane kan tolkast på ein ny måte, som igjen reiser nye spørsmål. Denne kontinuerlege teoretiske omdreiinga har ikkje norsk strafferett vore gjennom, meiner Jacobsen.

– Vår strafferettstradisjon har vore særs praktisk og nytteorientert, og den har utvikla seg relativt fråkopla frå den internasjonale forskingsfronten. Dermed har vi ikkje teke til oss dei teoretiske og filosofiske perspektiva frå den internasjonale samtalen, seier Jacobsen.

Jacobsen fann at grunngjevinga for den norske strafferetten var særs pragmatisk eller praktisk. Det teoretiske, prinsipielle og filosofiske fundamentet som den praktiske jussen burde både kvile på og verte utfordra gjennom, ikkje var så lett å finne. Spørsmåla er store, og har blitt diskutert både i kunsten og i filosofien. Det handlar om makt og maktavgrensing, om individet og rettsstaten. Og å diskutere siktemålet med å straffe dei som bryt lova.

Internasjonal diskusjon

– Ser ein ut over den norsk-danske rettstradisjonen, har det vore ein levande diskurs kring strafferetten. I Norge har vi i liten grad gjort det same teoretiske arbeidet, seier Jacobsen.

Jacobsen starta som postdoktor i 2009. Han blei løna med eit rekrutteringsstipend frå Trond Mohn stiftelse, som på den tida heitte Bergens forskningsstiftelse (BFS). Prosjektet hadde tittelen Criminal Law Theory – A New Norwegian Approach.

Etter at doktorgradsavhandlinga var levert, hadde han nærma seg den internasjonale diskusjonen, og sett at den hadde eit stort potensiale for å opne forståinga for faget. Samtidig sat han igjen med fleire spørsmål enn då han starta. Som BFS-stipendiat fekk han gå over i ei fast stilling ved Det juridiske fakultet då tida som postdoktor var over. Arbeidet kunne halde fram.

Bygd opp eit internasjonelt anerkjent forskingsmiljø

Ved Det juridiske fakultet har han undervist i strafferett. Han har også leia forskingsgruppa for rettsteori.

Saman med kollegaer ved fakultetet; Erling Johannes Husabø og Linda Gröning, har han skrive boka Frihet, forbrytelse og straff. En systematisk fremstilling av norsk strafferett.

Boka blir nytta i undervisninga på jusstudiet, og vert rekna for å vere den mest teoretisk ambisiøse strafferettsboka i norsk samanheng.

Målet er at dei framtidige juristane skal kunne reflektere rundt spørsmål om straffeansvar, rett og rettferd, skuld og straff, fridom og brotsverk.

– Prosjektet mitt har vore å utvikle eit teoretisk rammeverk for norsk strafferettsvitskap, og å oppdatere rammeverket vårt mot og bidra til den internasjonale forskingsfronten. Det er eit omfangsrikt prosjekt, men eg har opplevd det som veldig fruktbart. Det er eit arbeid som aldri stoppar opp, aldri blir heilt ferdig, seier Jørn Jacobsen.

Trond Mohn stiftelse

Trond Mohn stiftelse (tidligere Bergens forskningsstiftelse) fyller i år 15 år. Stiftelsen har siden 2004 tildelt mer enn en milliard kroner til forskningsinstitusjoner i Norge, basert på donasjoner fra Trond Mohn, Marit Mohn og Frederik Mohn.

Siden etableringen har stiftelsen ønsket å rekruttere framragende unge forskere til Bergen. I samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) er det etablert et 4-årig rekrutteringsprogram, Starting Grant-programmet, for å nå dette målet. I løpet av disse 15 årene, har 39 talentfulle unge forskere fått stipendet.

Powered by Labrador CMS