Bilete av kyst i Catalonia, teken med radarbilete frå satellitten Sentinel-1. Dei blågrøne områda er kultivert landskap, med kveite, frukt og grønsaker. Barcelona nede til høgre og byen Lleida i midten.

Satellittfoto kan bidra til meir klima­vennlege løysingar

KRONIKK: Verden over rammer klima­endringene ulikt fra sted til sted. Når vi skal finne klimavennlige tilpasninger, må de spesifikke utfordringene tas hensyn til. Satellitt­foto forenkler oppgaven med å identifisere disse steds­spesifikke utfordringene.

Klimaendringane påverkar allereie økonomiar, lokalsamfunn og økosystem over heile kloden, med store konsekvensar for både menneska og miljøet. EU har som mål å nå klimanøytralitet innan 2050 gjennom sin Green Deal-plan.

Men for å sikre at miljøet og menneskeleg infrastruktur som til dømes rasutsette vegar, straumleidningar og busettingar langs kysten er trygge fram til då, må me snakke om korleis me tek avgjerder på lokalt plan. For klimaendringane påverkar ikkje alle regionar i Europa likeins.

Auka temperatur kan føre til meir fordamping, noko som kan gje både flaum i Tyskland og vassløyse i Italia. Samstundes kan ein sjå skogbrannar i Hellas og Frankrike på grunn av det same varme klimaet.

Av satellittbilete kan me hente ut data for utbreiing av tørke, lauvdekke, forureining og utruleg mykje anna.

Dei særs ulike effektane gjer at det er essensielt at kvar enkelt region førebur spesialiserte planar etter korleis deira lokale miljø reagerer på dei hurtige endringane i atmosfæren.

Klimaet har vore relativt stabilt dei siste 10 tusen åra, som mange trur kan vere ein av grunnane til at den menneskelege sivilisasjonen oppstod. Framtidige endringar i klimaet kan difor vere ein stor trussel for denne stabiliteten, og få vidtrekkjande konsekvensar, spesielt i lav- og mellominntektsland.

Vala me tar i dag

Hovudmålet vårt er å fjerne karbon frå atmosfæren, men me må parallelt finne kreative løysningar for notidas problem — for å kunne tilpasse oss framtidas forandringar. Men ein slik plan kan ikkje vere identisk for alle EU-landa, for ikkje å snakke om dei 47 landa som til saman er Europa – eit 10 millionar kvadratmeter stort kontinent med eit utal ulike klimatypar, økosystem, og landskapstypar.

Styresmakter og politikarar må gje plass til desse regionale faktorane når dei planlegg og implementerer strategiar for klimatilpassing. Berre då kan lokale styresmakter og lokalsamfunn velje dei mest effektive og innovative løysningane.

Ein må òg ta omsyn til alle stemmene i samfunnet, spesielt med tanke på økonomisk gjenreising. Berre då kan ein vere sikker på at ingen sakkar akterut.

Auka deltaking i samfunnet og dei regionale strategiane er altså essensielle for å handtere klimaendringane. Men korleis skal ein kunne ta desse vala? Kva er den mest effektive reiskapen for å halde oversyn over dei enorme utfordringane me står overfor?

Ei løysning frå ovan

Det er her fjernovervaking kjem inn i biletet. Omgrepet handlar om å hente ut informasjon om eit fenomen utan å vere i fysisk kontakt med det. Med andre ord, å bruke nyskapande teknologi til å kontinuerleg overvake miljøet frå stor avstand. Og finst det betre måtar å passe på planeten vår enn frå himmelen?

Ein markant del av European Space Agency (ESA) sitt budsjett (22.2 prosent) går til jordobservasjonsprogrammet deira, og ESA sitt omfattande nettverk av satellittar er ideelt for innsamling av data og djup analyse.

Me får ein stadig aukande mengde data av forskjellige typar og oppløysningar. Satellittbilete for små og store område, nokre bilete vert tatt ofte, nokre sjeldan, nokre bilete målar temperatur, andre nedbør. Av satellittbilete kan me hente ut data for utbreiing av tørke, lauvdekke, forureining og utruleg mykje anna.

Infraraudt bilete av Tromsø, kor kunstig fargelegging gjer all vegetasjon raud. Frå satellitten Sentinel-2. Med ESA sine satellittar kan me danne oss eit globalt bilete av faktorane som påverkar klimaet vårt, til dømes temperatur, vegetasjon, vasskvalitet og -kvantitet, skriv Andrea Marinoni.

Potensialet er enormt for datautvinning, altså prosessar kor ein hentar ut mønstre frå store datasett. Om me kombinerer data frå fleire plattformer, kan me auke kunnskapen om ei rekke fenomen på.

Med ESA sine satellittar kan me danne oss eit globalt bilete av faktorane som påverkar klimaet vårt, til dømes temperatur, vegetasjon, vasskvalitet og -kvantitet. I ei liknande vasskrise som den me har sett i mellom anna Europa i sommar, kunne forskarar gje styresmaktar, innbyggjarar og firma betre reiskapar for å førebu seg på krisa.

Ei slik utvikling kan gje betre overvaking og meir presise skildringar av kritiske parameter for miljøet, som til dømes bruk av naturressursar, potensial og grenser for vasskvalitet, forureining i atmosfæren, og overvaking av naturkatastrofar og katastrofale hendingar.

Fleire europeiske initiativ har allereie nytta desse mogelegheitene, inkludert det EU-finansierte H2020 Green Deal-prosjektet Imeptus; eit enormt testprosjekt kor sju ulike teststader skal kartleggje lokale klimautfordringar og strategiar for tilpassing og mottiltak.

Å spreie ny kunnskap

Eit samanhengande rammeverk for tilpassing til klimaendringar må setje saman data frå fjernovervaking med andre kjelder og reiskap, og få fart på overgangen til ein klimanøytral og berekraftig økonomi. Men data slik dei finst no, er for komplekse og abstrakte for dei som skal planleggje og implementere tiltaka.

Så korleis kan me gje oppdatert kjennskap til lokale styresmakter og samfunn på ein klar og tydeleg måte? Korleis gjer me data om til nyttige og varige planar? Løysninga kan liggje i å lage digitale verktøykasser som byggjer bru mellom lokale styresmakter, sivilsamfunnet, og forskarane som samlar og tolkar dataa.

Opne kunnskapsarenaer og kompetansesenter, skreddarsydd for dei ulike regionane, kor interessentar kan nytte seg lokale styresmakter, retningslinjer og finansielle data på eit integrert vis, og slik designe tiltak for klimatilpassing.

Ein slik arkitektur kan setjast inn på fleire nivå i politisk og administrativ samfunnsstyring. Han kan hjelpe ein å finne nye stiar for tilpassing og mottiltak, og samstundes auke lokal involvering og handlekraft.

For at det skal skje, må forskarar, politikarar, innbyggjarar og interessentar jobbe saman. Det er kanskje den einaste realistiske måten me kan førebu oss på nokre av klimaendringane sine tøffaste utfordringar.

Andrea Marinoni er for tida ein av hovudrådgjevarane i EU-programmet Impetus, som hjelper til med å utvikle ny metodologi for regionale tilpassingar og nyvinningar til klimaendringane.

LES OGSÅ:

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Powered by Labrador CMS