Herleg, sunn og radioaktiv mat!

«Hæ? Blogge du?» Med solid trykk på «du». Ei besøkande tenåringsjente overhøyrde at eg hadde begynt på eit nytt blogginnlegg. «Om ka da? Kålles klær du bruke og ka du spise og sånt?»

Hadde eigentleg ikkje tenkt at det neste innlegget skulle handle om mat, men korfor ikkje? Skal kome til ei av yndlingshistoriene/eksempla mine når det gjeld inntak og måling av radioaktivitet i folk, men tenkjer det fyrst kan vere greitt å minne om at all mat – som alt anna i naturen – inneheld radioaktive stoff. Visste du for eksempel at kroppen vår inneheld nok uran til at vi kan drifte ei 100 W lyspære i eitt minutt? (om vi ekstraherer uranet og bruker det som brensel i eit kraftverk)

Sjømat er ei viktig kjelde til radioaktivitet i kroppen vår (Foto: Astrid Hals/www.godfisk.no)

Sjømat er noko av den maten som inneheld mest radioaktivitet, og er jamt over den maten som gir oss dei største stråledosane. Det aller, aller meste av dette er naturleg radioaktivitet, og skuldast at sjømaten – bokstaveleg tala – badar i ei saltløysing med mange ulike radioaktive stoff. Det viktigaste enkeltstoffet er polonium-210 – det same stoffet som gir oss store stråledoser frå radon, og som vart brukt til å drepe Aleksandr Litvinenko. Håret til japanarar inneheld forresten dobbelt så mykje polonium-210 som håret til dei fleste andre på jorda, fordi dei et så mykje sjømat.

Den naturlege radioaktiviteten i mat har sjølvsagt alltid vore der, og det er ingen myndigheiter som sett grenseverdiar eller kontrollerer kor mykje det er av desse stoffa i maten. Det gjer dei med radioaktiv forureining, og snart 30 år etter Tsjernobyl-ulykka driv vi i Noreg framleis med tiltak og kontroll av denne forureininga i fleire område (sjå t.d. dette oppslaget frå i fjor).

Reinkjøtt - Noregs sunnaste kjøtt? (Foto: www.matprat.no)

Som ein del av Tsjernobyl-oppfølginga undersøker vi også kor store stråledoser reindriftssamar får, i og med at dei et så mykje reinkjøtt. Og reinkjøtt er jo noko av det sunnaste kjøttet som finst, så det må verken dei eller andre slutte å ete! Reinkjøtt er magert, av det feittet som er der er mykje umetta, og det er rikt på antioksidantar, vitaminar og mineralar – det er magert som kylling og like sunt som fisk! Heime har vi frysaren full av denne gode rådvara (kjøper heile slakt når eg er på feltarbeid), men historia mi om inntak og måling av radioaktivitet stammar frå ein gong vi var ute på desse undersøkingane med Strålevernet sitt mobile laboratorium. Vi måler sjølvsagt oss sjølv også på desse turane, fleire gonger. Ein kveld var vi på ein restaurant der dei freista med ein nydeleg reinsdyrbiff frå nærområdet. Kokken stadfesta når og kor reinen var slakta, og frå kontrollen viste eg at mykje av reinen i det området på det tidspunktet inneheldt rundt 2000 Bq/kg. Når ein da et 200 g biff blir det eit enkelt reknestykke: Eg skulle få i meg ca. 400 Bq. Og målinga dagen etter viste akkurat denne auken i kroppen min – ikkje overraskande, men ganske fasinerande og tilfredsstillande at vi kan måle så små utslag. Det verste med desse målingane er eigentleg at vi må gå på vekta i samband med kvar måling…..

Vi måler radioaktivt cesium i folk med eit måleinstrument framfor dei delane av kroppen der det er mest blautvev (der er det mest cesium). Bildet er frå Røros i 2011 (Foto: Geir Tønset, Adresseavisen)

Powered by Labrador CMS