Kreft av Tsjernobyl?

Frå tid til annan får vi spørsmål frå enkeltpersonar om Tsjernobyl-forureininga kan vere årsak til kreftsjukdommen dei eller deira kjenningar har fått, eller om det er mogleg årsak til auken i kreftførekomst som dei ser der dei bur. Det er ikkje vanskeleg å skjøne behovet for å finne forklaringar, og nokre gonger får vi detaljar om sjukdomshistorier som gjer sterkt inntrykk. Eg føler meg lett derfor både kald og hard når vi svarer at det – på godt og vondt – er svært lite sannsynleg at Tsjernobyl-forureininga skal vere årsak til nokon auke i kreftførekomst i Noreg. For ingen i Noreg fekk så store stråledosar frå Tsjernobyl-nedfallet at det er grunn til å tru at det gir påviselege helsekonsekvensar.

Kart over nedfallet frå Tsjernobyl-ulykka i 1986 (gjennomsnittverdiar per kommune). Ikkje ein gong i dei mest forureina områda forventar vi å kunne sjå nokon auke i kreftførekomst.

I media er det mykje fokus på usikkerheita om helseeffektar av radioaktivitet og stråling. Men vi veit eigentleg ganske mykje, og usikkerheita skuldast hovudsakeleg at helseeffektane er så små og få at dei vanskeleg let seg påvise. Den mest sannsynlege helserisikoen i menneske etter låge stråledosar er auka kreftrisiko. Men det er eigentleg heller ikkje sikkert påvist ved så låge dosar som dei vi snakkar om i Noreg etter Tsjernobyl. Ut frå korleis stråling verkar, går vi likevel ut frå at dette er effekten også ved desse små dosane. Men kor stor er kreftrisikoen? Den befolkningsgruppa i Noreg som har fått dei absolutt største stråledosane frå Tsjernobyl-forureininga, er reindriftsutøvarane i Nord-Trøndelag/Nordland med stort inntak av reinkjøtt. Denne befolkningsgruppa har vi følgd opp med jamlege undersøkingar (sjå StrålevernInfo), og vi reknar reint statistisk at den auka risikoen for kreftdødsfall i denne gruppa vil vere ca. 0,15%. Sjølv om risikoen f.eks. skulle vere dobbelt så stor, så er den likevel så liten at tilfella ikkje vil vere mogleg å skilje frå andre krefttilfelle. Risikoen for å utvikle kreft i Noreg er no rundt 29% for kvinner og 36% for menn. Men desse 29 og 36 prosentane fordelar seg sjølvsagt ikkje likt utover landet, og det kan vere store variasjonar i kreftførekomst mellom grupper, stader og år. Det kan nok vere ein grunn til at nokon opplever at dei har mykje kreft i nabolaget, og er iallfall ein av grunnane til at det er svært vanskeleg å gjere gode studiar på små befolkningsgrupper. Sjå også Kreftregisteret si side om dette. Trur du framleis det er uvanleg mykje kreft der du bur, bør kommunelegen med sin kjennskap til lokale forhold vere med å vurdere behovet for å starte undersøkingar.

Powered by Labrador CMS